Butilbod og tilrettelagte tenester Kommunen tilbyr tilrettelagte tenester og bustadløysingar for personar med varige funksjonsnedsettingar. Målet er å gi støtte i kvardagen, fremje meistring og bidra til eit sjølvstendig og aktivt liv.Kven kan få tilbodet?Personar med særlege hjelpebehov grunna utviklingshemming og/eller andre funksjonshemmingar kan søkje om bistand frå kommunen i form av tilrettelagte tenester eller butilbod. Kva kan du få hjelp til?Tenestene vert gjeve i eigen bustad, bufellesskap med heildøgns omsorg, og som aktivitetstilbod ved dagsenter.Tenesta yter individuelt tilpassa bistand som til dømes: Praktisk bistand – hjelp i heimen og opplæring i daglege ferdigheiter.Helsehjelp – medisinsk oppfølging, tilsyn og pleie.Koordinering av tenester – gjennom individuell plan og koordinator.Tilpassa arbeid og aktivitet – VTA-plassar og andre dagtilbod.Slik søkjer duDu kan søkje om tenester ved å sende inn søknadsskjema eller ved å kontakte tildelingskontoret. Søk om helse- og omsorgstenester Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)Papirskjema kan sendast til: Ullensvang kommune v/Helse og omsorgAvdeling for Forvaltning og koordinering Opheimsgata 315750 OddaSøknadsfristDet er ingen fast søknadsfrist, søknadar blir behandla fortløpande.PrisKommunale omsorgsbustadar har fastsette satsar. Det er inga eigenbetaling for tenester som inngår i vedtaket.Kva skjer vidare?Når søknaden din er mottatt, vil kommunen vurdere behovet ditt og fatte eit vedtak. Du vil få skriftleg tilbakemelding om vedtaket.KlageDersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage. Klagen skal sendast til kommunen innan fire veker etter at du har mottatt vedtaket.Lovar og reglarHelse- og omsorgstenestelova § 3-2 punkt 6 Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1 a Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator