Odda dagsenterOdda dagsenter er eit tilrettelagt arbeids- og aktivitetstilbod for personar med utviklingshemming, og andre som treng eit strukturert dagtilbod. Her kan du delta i praktiske oppgåver innan trearbeid, tekstil, utearbeid og service. Sist endra 29.10.2026 14:39 Kva er dette?Dagsenteret gjev deg ein meiningsfull kvardag med arbeidsglede, meistring og utvikling. Du får rettleiing og opplæring tilpassa deg, slik at du kan utføra arbeidet mest mogleg sjølvstendig. Dagsenteret skal vera ein god og trygg arbeidsplass der du kjenner deg respektert og har moglegheit til å ta eigne val.Arbeidet er delt inn i tre grupper:tekstilgruppatregruppautegruppa, som jobbar med skog og ved, snømåking i sesong, hagestell for private kundar, og køyring av internpost. Dei tek òg imot bestilling på ved og leverer på døra.Kven kan få tilbodet?Tilbodet er for personar med utviklingshemming, og andre som har behov for eit strukturert dagtilbod.Slik søkjer duDette finn du meir informasjon om på denne sida: Butilbod og tilrettelagte tenester Butikken vårVi har ein eigen butikk der vi sel varene vi lagar.Opningstid: Kvardagar frå kl.09:00 til 15:00.Besøksadresse: Gamle Låte møbelfabrikk på Hjøllo. Vi tek òg med oss butikken på handverksmarknader mot jul Her finn du oss