Rehabiliteringsopphald

Rehabiliteringsopphald i institusjon er eit tilbod til deg som har eit tidsavgrensa behov for tverrfagleg rehabilitering med heildøgnsopphald. Målet er å hjelpa deg med å styrkja funksjonsevna di, slik at du kan meistra kvardagen betre.

Innhaldsliste

Kven kan få tilbod om rehabiliteringsopphald?

Tilbodet vert tildelt etter ei fagleg vurdering til deg som er over 18 år, og som:

  • Har eit tidsavgrensa behov for tverrfagleg rehabilitering i institusjon
  • Er medisinsk utgreidd og har ein stabil helsetilstand
  • Er motivert for eigeninnsats og har forståing for din egen situasjon
  • Kan samarbeida, ta i mot instruksar og nyttegjera deg av opphaldet
  • Kan delta i aktiv opptrening heilt frå starten av opphaldet

Vi kan vurdera rehabiliteringsopphald ved:

  • Akutt skade eller sjukdom som fører til varig eller langvarig funksjonsnedsetting.
  • Kronisk helsetilstand med varierande eller aukande funksjonsnedsetting.
  • Funksjonsnedsetting som følgje av den naturlege aldringsprosessen (dette gjeld ikkje dersom du har rus, demens eller psykiatri som hovudutfordring).

Kva kan du få hjelp til?

Under opphaldet får du:

  • Tverrfagleg oppfølging frå fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar, helsefagarbeidar, lege og logoped.
  • Medisinsk oppfølging frå tilsynslege (ønskjer du heller at din eigen fastlege følgjer deg opp, må du betala for det sjølv).
  • Tilrettelagt opptrening for å styrkja funksjonsevne.
  • Oppfølging og avklaring av vidare tenestetilbod etter at opphaldet er ferdig.

Praktiske opplysningar

  • Mål for opphaldet: Målet skal vera avklart før du startar, og det vidare tenestetilbodet ditt skal vera klart når opphaldet avsluttast.
  • Eige utstyr: Du må sjølv ta med deg nødvendig personleg utstyr og hjelpemiddel.
  • Kva er inkludert? Utgifter til medisinar, medisinsk utstyr, kost, losji, hygieneprodukt på institusjonen og reiseutgifter til og frå institusjonen er dekka av eigenandelen. Kjem du direkte frå sjukehus, vert reisa dekka av transportordninga.

Slik søkjer du

Det er inga fast søknadsfrist, og vi behandlar søknadene fortløpande. Du kan søkja digitalt eller på papir.

Søk om helse- og omsorgstenester digitalt

Søkja på papir?

Dersom du heller vil søkja på papir, kan du lasta ned og skriva ut papirskjemaet:

Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)

Send papirskjema til: 

Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering 
Opheimsgata 31
5750 Odda

Kva skjer vidare?

Når vi har teke imot søknaden din, vurderar vi behovet ditt og fattar eit vedtak. Du får skriftleg tilbakemelding og svar på søknaden frå oss.

Prisar og eigenandel

Det er krav om eigenbetaling per døgn etter gjeldande forskrift.

Sjå her for alle kommunale avgifter, prisar og gebyr

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket du får, kan du klaga. Send klagen skriftleg til kommunen innan tre veker etter at du har teke imot vedtaket.

Lover og reglar