Helsevern
Helseverntenesta skal arbeida med å redusera dei mange faktorane som verke inn på helsa og som kan føra til helseproblem, og fremja dei faktorane som vernar mot sjukdom. Innan denne tenesta har vi miljøingeniør, kommuneoverlege og smittevernoverlege.
Vi har eit breitt arbeidsområde innan forvaltning, tilsynsoppgåver, rådgjeving, forebyggande, handlings- og haldningsskapande arbeid. Tenesta er delt i tre fagområde:
- Miljøretta helsevern
- Samfunnsmedisin
- Smittevern