Radon

Radon er ein radioaktiv og kreftframkallande gass som ein finn naturleg i berggrunn og jordsmonn. Radon er usynleg og luktfri. Helsefare oppstår fyrst når gassen siv inn og vert konsentrert i innemiljø.

Her finn du informasjon om radon og kva førehandsreglar du kan ta for å unngå radonstråling.

 

Bestilling av radonmåling

Ullensvang kommune tilbyr radonmåling til innbyggjarar, og har samarbeid med eit firma om dette (sjå lenkje under). Føresetnaden for tilbodspris er at måleresultat vert gjort tilgjengeleg for kommunen, som dermed vil få eit betre grunnlag for å vurdera radontilhøva i kommunen. Måleresultat vil ikkje publiserast på ein slik måte at enkeltmålingar kan kjennast igjen.

Her kan du tinga sporfilmmåling > radon.no

Det viktigaste du gjer er å måla radon i bustaden din for å få oversikt. Samt utføra tiltak om verdiane er for høge. Det bør gjennomførast måling i fleire rom, minst 2 opphaldsrom som vert nytta dagleg, gjerne stova og soverom. Radonkonsentrasjonen i ein bustad kan endre seg over tid, ved at det for eksempel oppstår sprekker eller andre opningar i konstruksjonen mot grunnen.

Meir informasjon finn du på nettsidene til Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA): Slik måler du radon

Illustrasjon av korleis radon trenger seg inn i hus via sprekker i mur, grunnvatn osv. Illustrasjon.Kjelde: DSA og Figur: Miljøstatus

Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) anbefaler at radonnivå vert halde så låg som mogleg i alle bygningar, og at tiltak bør utførast når årsmiddelverdi for radonnivået i eitt eller fleire opphaldsrom overstig 100 Bq/m3. Vidare anbefaler dei at radonnivå alltid skal vera lågare enn maksimumsgrense på 200 Bq/m3. («Bq» er en forkorting for «Becquerel», som er måleeininga for styrken til ei radioaktiv kjelde).

For meir informasjon finn du på DSA sine nettsider: Anbefalte grenser

Gjennomsnittleg radonkonsentrasjon over eit heilt år vert kalla årsmiddelverdi. Årsmiddelverdien kan reknast frå ein radonmåling over to månader i vinterhalvåret. Den kan og målast direkte ved å utføra ein måling over eit heilt år. Grenseverdiane for radon viser til årsmiddelverdien og ikkje til resultat frå korttidsmålingar. Det er årsmiddelverdien som er utgangspunkt for vurdering av eventuelle tiltak.

For informasjon om måling av radon i bustad, sjå DSA sine temasider om radon og måling av radon.

Måler du for høge verdiar i eksisterande bustad bør du gjera tiltak. Det er gode og effektive tiltak mot radon . Ein kan auka ventilasjonen for å lufta ut radon, tetta bygget slik at radon ikkje siv inn eller ein kan laga radonsug eller radonbrønn slik at radongassen vert leia bort.

Les meir om dette på nettsida til DSA: Tiltak mot radon i inneluft

Strålevernforskriften stiller krav til radonnivå for skular og barnehagar. Alle skular og barnehagar skal ha så låge radonnivå det er praktisk mogleg å få til, og årsmiddelverdien skal vera under 200 Bq/m3. I tillegg skal tiltak for å redusera radonnivået alltid gjennomførast dersom årsmiddelverdien overstig 100 Bq/m3. Skular og barnehagar skal ha dokumentasjon på tilfredsstillande radonnivå i lokala.

Meir informasjon om tema finn du på nettsida til DSA: Radon i skular og barnehagar

Ullensvang kommune ved Byggdrift har ansvar for radonmåling i kommunale bygg og -utleigebustader. Private må syta for å gjennomføra radonmålingar sjølv.

Strålevernforskriften stiller krav til radonnivå i utleigebustader. Alle som leiger ut bustad har ansvar for at radonnivået i bustaden er så lågt som det er praktisk mogleg å få til. Årsmiddelverdien skal vera under 200 Bq/m3 i opphaldsrom. Dette nivået vert kalla grenseverdi i strålevernforskrifta.

Meir informasjon om radon i utleigebustader kan du lesa om på DSA sine nettsider: Radon i utleigebustad

Ullensvang kommune ved Byggdrift har ansvar for radonmåling i kommunale bygg og -utleigebustader. Private må syta for å gjennomføra radonmålingar sjølv.

Radon i vatn kan vera ein årsak til for høge radonkonsentrasjoner i luft.

Les meir på Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet sine nettsider: Radon i vatn

Byggeforskriftene (TEK17) stiller krav til radonnivå i nye bygningar i § 13-5. Radon.

  1. Bygning skal prosjekteres og utføres med radonforebyggende tiltak slik at innstrømming av radon fra grunn begrenses.
    Radonkonsentrasjonen i inneluft skal ikke overskride 200 Bq/m3.
  2. Følgende skal minst være oppfylt:
    a) Bygning beregnet for varig opphold skal ha radonsperre mot grunnen.
    b) Bygning beregnet for varig opphold skal tilrettelegges for egnet tiltak i byggegrunn som kan aktiveres når radonkonsentrasjon i inneluft overstiger 100 Bq/m3.
  3. Annet ledd gjelder ikke dersom det kan dokumenteres at dette er unødvendig for å tilfredsstille kravet i første ledd.

 

> Byggesaksavdelinga i kommunen kan gje rettleiing om byggeforskrifta sine føresegn (TEK 17)

> Hugs krav til dokumentasjon av utført radonmåling ved utleige.

Helserisiko og radon

Kvart år vert det anslått at 300 lungekreftdødsfall i Norge skuldast radon. Radon er usynlig, er utan smak og utan lukt. Radon er eit helseproblem der eksponering for høgare radonkonsentrasjoner gir auka risiko for lungekreft. Men radon er eit folkehelseproblem som det oftast er lett å gjera noko med. Dersom måling viser for høge verdiar kan ein med tiltak, ofte enkle tiltak, redusera radonkonsentrasjonen frå i utgangspunktet høge nivå til normale verdiar. Tiltak nytter!

Meir informasjon finn du på DSA sine nettsider: Radon og helserisiko

 

Radon i Ullensvang kommune

Ullensvang er dominert av grunnfjellsbergartar der det er granitt og liknande bergmasser under dei fleste bustadområda. Granitt inneheld ofte mykje uran, og morenemassar som du finn her i kommunen transporterer radon lett.

Heile Ullensvang vert rekna som ein høgrisiko-kommune og vi oppfordrar alle innbyggarar til å måla radon i husa sine. Kommunen har fokus på radonreduserande tiltak for å minimera helserisikoen til innbyggarane.

Kinsarvik har truleg dei høgaste radonkonsentrasjonane i Noreg. I seinare tid har forskarar ved NGU undersøkt området, og dei meinar at eit fjellskred kan ha bidratt til at Kinsarvik har blant Europas høgaste nivå av radon i bygg.

Både i Kinsarvik og i resten av kommunen er det er utført fleire kartleggingar og undersøkingar av radon. Det er målt i private bustader, men og i offentlege bygg og i barnehagar og på skuler. Og fleire av desse bygga fekk radontiltak, såkalte radonbrønner, tidleg på 90-tallet, så kommunen har lang erfaring med radonreduserande tiltak.

 

Oppfordrer til radonmåling

Miljøretta helsevern oppfordrer til radonmåling og vi kan gi informasjon og rettleiing til alle innbyggjarar om radon. Men i private bustader er det den enkelte huseigar sitt ansvar å måla radonkonsentrasjon i sin bustad og iverksette naudsynte tiltak.

Om du ikkje finn informasjonen du er på jakt etter på nettsidene, kan du kontakta Miljøretta helsevern for å få svar på spørsmål eller vi kan visa deg til rett etat som kan hjelpa deg.

 

Kontakt oss

Artikler