Kvalitet på badevatn

Ullensvang kommune gjennomfører overvåkning av vasskvaliteten i friluftsbad. Risikoen for å verta sjuk ved utendørs bading i Norge er normalt liten. Prøvane viser, gjennom fleire år, at kvatitet på badevatn i kommune er bra.

Prøvetaking

Verksemd for Vatn og avløp har ansvar for prøvetaking av badevatn. Det vert teke vassprøvar kvar 14 dag frå juni til august. Dersom prøvane skulle gje resultat som ikkje er akseptable vil vi vurdera situasjonen og prøva å finna årsak og eventuelt fråråda bading. Då vil dette bli informert om i media, på kommunen sine nettside og ved den enkelte badeplassen.

Badeplassar vert klassifisert med utgangspunkt i norske normer – les meir om badevassskvalitet hos Folkehelseinstituttet.

 

Forklaringer på resultat

  • Godt eigna badevatn: Mindre enn 100 TBK/ 100ml. Vasskvaliteten er eigna for bading og rekreasjon.
  • Mindre eigna badevatn (sårbart): Mellom 100 og 1000 TBK/ ml. Badeplass er sårbar for forureining. Helsemynde ser vanligvis ingen betenkeligheiter med å bade på desse plassane.
  • Ikkje eigna badevatn: Over 1000 TBK/ ml. Helsemynde forbyr ikkje bading, men vil likevel fråråda bading.

For at badevannet skal kunne klassifiserast som godt må minst 90% av prøvane liggje under 100 TKB, mens inntil 10% kan liggje mellom 100 og 1 000 TKB.

For at badevannet skal kunne klassifiserast som mindre godt må 10% eller meir av prøvane ligge i kategorien 100 til 1 000 TKB, mens inntil 10% kan liggje over 1 000 TKB.

Dersom 10% eller meir av prøvane viser over 1 000 TKB, skal vannet klassifiserast som ikke akseptabelt som badevatn.

Resultatene er i stor grad avhengig av vær- og strømtilhøva, men er og avhengig av lokal forurensing som frå beitedyr, hundar ol.

 

Kraftig regn kan gje midlertidig dårleg kvalitet på badevatn

Rett etter kraftig regn er sjansen for dårleg badevasskvalitet høgare enn vanleg. Høgare bakterieverdiar i vatnet kan då førekome i kortare periodar, men dette medfører sjeldan helsefare. Som regel vil vasskvalitet vera god igjen eit døgn etter regnet.

Om ein prøve skulle vise eit dårleg resultat har vi rutinar i kommunen for å følgje opp dette.

 

Miljøretta helsevern 06.07.2022