Kunst figur av havfrue på berg på Utne

Samfunnsmedisin

Den viktigaste oppgåva er å bidra til og fremja god helse for innbyggjarane – ikkje berre gode helsetenester.

Helsa som heilskap vert i stor grad påverka av biologiske, sosiale, økonomiske og kulturelle tilhøve som i hovudsak skjer i alle andre sektorar enn helsesektoren. Vi skal overvaka og gjera analyse av slike samanhengar, og hjelpa kommuneadministrasjonen og politikarane i vurdering av helsemessige konsekvensar av eit vedtak, eller gje råd i saker om prioriteringar og fordeling av ressursar i helsetenesta. Dette er ei hovudrolle kommuneoverlegen har.

Samfunnsmedisin omfattar blant anna oppgåver som medisinfagleg rådgjevar for kommunen og innbyggjarane. Stillinga inkluderer folkehelse, miljøretta helsevern, beredskap og samhandling med helseføretak. Kommuneoverlegen tek òg imot førespurnader frå innbyggjarane, helse eller politi dersom ein er bekymra for ein innbyggjar på eit eller anna vis, eller om ein er bekymra for helseskadelege tilhøve i kommunen, som òg blir viktig støttespelar i utvikling av gode lokalsamfunn med gode og framtidsretta helse- og omsorgstenester.

 

Kontakt oss

Daniela Bruhl

Kommuneoverlege

daniela.bruhl@ullensvang.kommune.no