Hus - hørselsvern

Støy

Støy kan definerast som uønska lyd. Vi kan oppleva sjenerande støy frå mange kjelder i omgivnadane som for eksempel trafikk, ulike typer av aggregat (kjøling, ventilasjon), industri, byggeaktivitet, musikk frå utestader, konsertar osv.

Støy kan vera eit problem for mange og det er ein god del støykjelder som kan skapa konflikt. Enkelte støykonflikter kan vera samansatte og vanskelege å løysa, sjølv om støy er heimla i fleire lovverk og mange forskrifter. Desse vert forvalta av ulike etater, både kommunale og statlege. Det er ikkje alltid like lett å si kva regelverk som er det riktige i kvar enkelt sak.

 

Miljøretta helsevern si rolle

Miljøretta helsevern arbeider med å redusera faktorar som kan verke negativ inn på helsa. Støy er ein slik faktor. Dei som er utsatt for sjenerande støy frå omgivnadene kan ta kontakt med miljøretta helsevern, så skal vi prøva å gje råd om kva du kan gjera. I visse saker kan vi ta saken og gje pålegg om retting, men som oftast må vi henvise vidare til rette myndigheit alt etter type støysak.

Kontakt oss