Meldepliktige verksemder

Asylmottak, campingplassar, hospits og forsamlingslokale.

For å sikra faktorar i inne- og utemiljøet som kan verke negativt inn på helsa, har ein del verksemder meldeplikt til kommunen ved Miljøretta helsevern før oppstart og ved vesentleg utviding eller endring. Meldeplikta er heimla i § 10 i Folkehelselova og § 14 i Forskrift om miljørettet helsevern.

Meldeplikta gjeld mellom anna asylmottak, hospits, campingplassar og forsamlingslokale.

Den ansvarlege for verksemda skal før oppstart gje kommunen opplysningar om tilhøve som kan ha negativ verknad på helsa. Ansvarleg for verksemda skal ha kontroll med at krav i forskrifta vert ettterkome.

Kommunen ved Miljøretta helsevern er tilsynsmynde og kan føre tilsyn med verksemdene. Tilsynsmynde kan gje pålegg om utbetring/retting gjennom enkeltvedtak heimla i Folkehelselova om det tilhøve som ikkje er helsemessig forsvarleg.

 

Kontakt oss