Hovland 2018 - Foto_ Sigrid Dagestad

Frist for å koma med innspel er 15. september 2024.

 

Korleis skal vi utvikle hamnene?

Vi har utarbeida eit forslag til hamneplan og vil ha dine innspel.

  • Kva meiner du om målsettingane i hamneplanen?
  • Kva synest du kommunen skal satse på i hamneområda?
  • Kva tenkjer du er ein bærekraftig utvikling for din bygd eller næring?
  • Korleis auker vi beredskap gjennom strategisk hamneplanlegging?

Det er nokon av spørsmåla vi gjerne vil ha svar på frå innbyggarar og andre interesserte når vi no legg den strategiske hamneplanen ut på høyring.

 

Fyrste hamneplan

Ullensvang kommune har ikkje hatt hamneplan, men har hatt rutiner for drift av hamn i Odda, der aktiviteten har vore størst. Det er viktig å få innspel til ønska utvikling for heile kommunen. Det er kommunale kaier i Kinsarvik, Jondal, Herand og Hovland som er viktige å utvikle i tillegg til Odda.

 

Legge til rette for utvikling

Gjeldande revisjon av havne- og farvannsloven trådde i kraft 01.01.2020. Det er difor på høg tid at Ullensvang kommune for fyrste gong utarbeider ein strategisk hamneplan.I denne planen vert det difor sentralt å sjå nærare på korleis ein kan vidareutvikle den eksisterande hamnedrifta, utvikle ny og utvida hamnedrift, samt utvikle samarbeidet mellom kommunen og private næringsaktørar, turistnæring og cruise.

 

Merknadar per post/e-post skal merkast "Høyring - Strategisk hamneplan - 23/1124"

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no