Hauso skule

Hauso skule er ein fådelt kombinert barne – og ungdomsskule med 74 elevar og SFO. Skulen har vakker utsikt mot fjorden og fjella og ligg midt mellom frukthagane. Skuleplassen vår innbyr til leik for store og små. Me nyttar òg nærområda – både skog og sjø – i skulekvardagen.

Skulen i lag med føresette arbeider for eit godt lærings- og oppvekstmiljø. Dagleg har me fokus på å leggja tilrette, slik at kvar elev skal oppleva meistring og utvikling.

Kontakt oss

Hauso skule

Aarekolvegen 9

5777 Grimo

53 66 62 13

ullensvangskulen.no

Sigrid Karoline Eriksen-Tufteland

Rektor

sigrid.eriksen-tufteland@ullensvang.kommune.no

90 16 83 81

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

§ 10-5.Organiseringa av skoledemokratiet

Kvar grunnskole og vidaregåande skole skal ha eit elevråd som er valt av elevane ved skolen. Elevane kan velje å organisere seg på ein annan måte. Kvar grunnskole skal ha eit arbeidsutval som er valt av foreldra på skolen. Foreldra kan velje å organisere seg på andre måtar. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at det blir fastsett kva for andre brukarorgan skolane skal ha.

Elevane og foreldra skal vere representerte i organ ved grunnskolar, og elevane skal vere representerte i organ ved vidaregåande skolar. Representantar for elevane i den vidaregåande opplæringa har møte- og talerett i fylkeskommunale nemnder på same måten som dei tilsette har etter kommuneloven § 13-4.

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

§ 10-4. Skoledemokratiet

Skolen skal sørgje for at elevane og foreldra får vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til skolen, mellom anna arbeidet med skolemiljøet, kvalitetsutvikling i opplæringa og fastsetjinga av skolereglar. Elevane skal ikkje delta i behandlinga av saker som er omfatta av lovfesta teieplikt.
Skolen skal leggje til rette for at alle elevane skal kunne ytre seg, og oppmuntre dei til å delta i skoledemokratiet. Skolen skal også hjelpe elevane i arbeidet med skoledemokratiet.

Artikler