Om Hauso skule

Hauso skule er ein fådelt kombinert barne – og ungdomsskule med 74 elevar og SFO. Skulen har vakker utsikt mot fjorden og fjella og ligg midt mellom frukthagane. Skuleplassen vår innbyr til leik for store og små. Me nyttar òg nærområda – både skog og sjø – i skulekvardagen.

Alle elevane får symjeopplæring kvar veke i bassenget vårt. SFO nyttar òg bassenget fast ein gong pr veke. I tillegg vert det nytta til helse- og folkebading.

Skulen i lag med føresette arbeider for eit godt lærings- og oppvekstmiljø. Dagleg har me fokus på å leggja tilrette, slik at kvar elev skal oppleva meistring og utvikling. For å utvikla eit godt sosialt miljø nyttar me både “Zippys venner”, “Mitt Val” samt skulen sine verdiar.

 

Verdiane våre er:

  • engasjement
  • struktur
  • samarbeid
  • positivt menneskesyn

 

Satsingsområdet til skulen no og i åra framover er digital læring og programmering. Me har vidareutdanna og driv intern opplæring av personale til programmering, delteke i First Lego League og fått ekstern støtte til innkjøp av utstyr.

Oversiktsbilete av Hauso skule med fjord og fjell i bakgrunn. Foto.