Vaksinering mot sesonginfluensa, covid-19 og lungebetennelse

Her finn du informasjon om vaksinetilbodet hausten 2026, og korleis du kan førebyggje smitte. 

Vaksenvaksinasjonsprogrammet er eit tilbod til alle som er 65 år og eldre, samt andre vaksne i risikogrupper. I vaksinasjonsprogrammet får målgruppa tilbod om vaksine mot influensa og korona kvart år. 

I tillegg får ein tilbod om vaksine mot pneumokokksjukdom (lungebetennelse) til rabattert pris det året ein fyller 65, for 2026 gjeld dette personar fødd i 1961. Personar fødd i 1960, som ikkje tok vaksinen i 2025, kan også få pneumokokkvaksinen til rabattert pris. Personar eldre enn 66 år, og andre i risikogruppene, må betale full pris for denne vaksinen og ta den hos fastlegen sin.  

Målet med vaksinasjonsprogrammet er å førebyggja sjukdom og dødsfall. Les meir om vaksenvaksinasjonsprogrammet her. 

Gode råd mot smitte

FHI rådar oss til å skjerpe hygienerutinane om vinteren for å unngå smitte av sesonginfluensa og andre sjukdomar.

Slik vernar du deg mot smitte:

  • Vaksiner deg dersom du er i ei risikogruppe.
  • Hald avstand frå folk som er sjuke.
  • Vask hendene grundig og ofte, særleg etter å ha vore på stadar med mange folk og før du et. Såpe og vatn er førstevalet, men alkoholdesinfeksjon er eit godt alternativ når hendene er tørre og ikkje synleg skitne
  • Unngå å røre ved ansiktet med uvaska hender.
  • Ved direkte kontakt med sjuke kan bruk av munnbind vurderast.

Slik tek du omsyn dersom du er sjuk:

  • Host eller nys i eit papirlommetørkle som du kastar etter bruk, og vask hendene etterpå. Dersom du ikkje har lommetørkle, host i albogen.
  • Ved nyoppståtte luftvegssymptom med feber og redusert allmenntilstand bør du halde deg heime. Barn bør også vere heime frå barnehage eller skule.
  • Unngå kontakt med personar som er ekstra utsette.