Varsel om utviding av planområde - Beredskapshus OddaKommunen varslar utviding av planområde for detaljreguleringsplan for Beredskapshus Odda, planID 46182025003. Utviding skjer som resultat av nabomøte som vart heldt i kommunestyresalen 26.05.2026. Her var køyrbar tilkomst til eigedomane langs gang- og sykkelveg eit av tema.Føremål for utvidinga av planområdetFor å få ei god kryssløysing inn i planområdet og til nabolag vel kommunen å utvide avgrensinga på planområdet, slik at ein kan regulera inn betre vegløysing. Det vert òg utvida på vestsida av riksveg 13 (Røldalsvegen) for å gje noko meir areal med omsyn til riksvegen og kryssløysinga, samt utviding nordover langs riksvegen. Sjå vedlagt kart for noverande planavgrensing (Vedlegg 1 - Noverande kart), samt kart for ny planavgrensing etter utviding (Vedlegg 2 - Framtidig kart) for visualisering.VedleggVarsel om utviding av plangrense - Detaljreguleringsplan for Beredskapshus Odda, planID 46182025003 (PDF, 179 kB)Vedlegg 1.0 Noverande kart (PDF, 2 MB)Vedlegg 2.0 Framtidig kart (PNG, 3 MB)InnspelEventuelle merknader og innspel som kan ha innverknad og/eller vera av interesse for planarbeidet sendast til kommunen digitalt eller per brev. Send merknad digitaltBrev skal merkast med “Detaljreguleringsplan for Beredskapshus Odda, planID 46182025003” og sendast til: Ullensvang kommuneSentralbord: 53 65 40 00Postadresse: Opheimsgata 31, 5750 OddaE-post: postmottak@ullensvang.kommune.noFrist for uttale/merknad vert sett til 30.10.2026 (seks veker), jf. pbl § 12-10 første ledd.SpørsmålSpørsmål om planarbeidet kan rettast til kommunen v/ sakshandsamar Frank Aleksander Høyland på e-post: frank.hoyland@ullensvang.kommune.no. Plandokument er publisert her på våre nettsider Og på kommunen sitt digitale planregister Arealplaner.no