Velkomen til tilflyttarkveld 27. oktober 2026

Er du ny i kommunen? 27. oktober arrangerer vi tilflyttarkveld for nye innbyggjarar i kommunen. Velkommen skal du vera!

  • Dag: Tysdag 27. oktober 2026
  • Tid: kl. 18:00
  • Stad: Sentralbadet Litteraturhus, Odda 

Tilflyttarkvelden er kommunen si offisielle velkomsthelsing til nye innbyggjarar. Her får du høve til å bli betre kjend med lokalsamfunnet, møte andre som også er nye i kommunen, og oppdage noko av alt Ullensvang har å by på. 

I år samlast vi på Sentralbadet Litteraturhus til ein sosial og uformell kveld med mat, gode samtalar og møte med frivillige lag og organisasjonar. Du kan besøkje ulike stands, bli kjend med aktivitetar og tilbod i kommunen, og få inspirasjon til korleis du kan engasjere deg i lokalmiljøet.

Som noko nytt blir det også basar, der lokale verksemder og organisasjonar har bidrege med flotte premiar. Basaren er ein kjekk aktivitet som gjer det endå enklare å bli kjend med det store mangfaldet av tilbod i Ullensvang.

Program for samlinga

  • Informasjon frå kommunen
    Bli betre kjent med tilbod og tenester i Ullensvang.
  • Møt andre tilflyttarar
    Utvid nettverket ditt og bli kjent med andre som er nye her.
  • Basar med flotte gevinstar
    Masse fine premiar gitt av lokale verksemder – alle kan vinne!
  • Kaffe, prat og god stemning
    Ein uformell kveld med rom for gode møte.

Arrangementet er gratis. Både born og vaksne er velkomne!

Meld deg på her 

Christel Kvamme

Kontakt oss

Aslaug Margrethe Åkre
Avdelingsleiar for Innbyggjarservice
Telefon 46 78 50 67