Har du nye eller eldre bilete av kulturlandskapet?
Det utvalde kulturlandskapet i Ullensvang skal bli refotografert. Vi ynskjer derfor at du finn fram bilete som viser landskap, fruktdyrking, gardar og bygdeliv.
Ved å finna nøyaktig kvar og korleis bilete er tatt, kan ein ta eit identisk bilete av same motiv, såkalla refotografering. Ved å samanlikne bileteparet kan ein sjå utviklinga i fruktlandskapet og korleis kvardagen til fruktdyrkaren har endra seg med tida.
Kva er målet med refotografering?
Målet er å visa:
- korleis landskapet endrar seg
- auke bevisstheita om lokale landskapsendringar
Refotograferinga vil vera eit bidrag til å gjera “den nasjonale frukthagen” Ullensvang kjent gjennom lokal deltaking og eigarskap.
Døme på refotografering
↓ UKL-området Skallan i Ullensvang (Bonden Damian Szmelter vøler ein sumarflor i 2021 / Foto: Natalia Szmelter, 2021 og Oskar Puschmann, NIBIO / Riksantikvaren, 2022).
Ved å dra skyveknappen (sirkelen med piler), kan du se forskjellen på bildene.
↓ Stubberud gård i Sørkedalen (Endring i tun og kulturbeite frå 1972 til 2022 / Foto: Ragnar Paus Nielsen, 1972 og Oskar Puschmann, NIBIO, 2022)
Ved å dra skyveknappen (sirkelen med piler), kan du se forskjellen på bildene.
↓ Leknes mot Norangfjorden (Foto: Axel Lindahl, Norsk folkemuseum / Oskar Puschmann, NIBIO).
Ved å dra skyveknappen (sirkelen med piler), kan du se forskjellen på bildene.
Ynskjer du å bidra?
Du kan bidra med å leita på loftet og i kjellaren etter fotoalbum og minnepennar med bilete av det vi er ute etter.
Vi ser etter:
- Bilete som viser fruktlandskapet, endringar i driftsformer og gjerne folk i arbeid t.d. reiskap, maskiner, bygningar eller anna.
- Det må vera mogleg å finne ut kvar bilete er tatt, omlag når og gjerne kven som har tatt det.
- Bileta kan vera både gamle og nye, frå 100 år tilbake i tid til så nye som i fjor.
- Bileta bør vera innanfor området “Utvalde kulturlandskap i Ullensvang” som strekk seg frå Lindvik til Ytre Alsåker på vestsida, over fjorden til Ystanes og sør til Espe.
Sjå kart over området
Kva gjer du om du har bilete?
Vi vil invitera til opne fotoverkstadar i slutten av november for å digitalisere bileta dine, samla informasjon og dela historiar. Dato og stad for fotoverkstad kjem.
Har du bilete liggjande, eller er du usikker på om bilete passer?
- For innsending av fotomateriale eller spørsmål om bileta:
- For meir informasjon om prosjektet, kontakt kommunen:
Etter fotodugnaden vil vi gjera eit utval av bilete som blir nytta vidare til refotografering og presentert som biletepar.
Kvifor Ullensvang?
Ullensvang fekk status som utvald kulturlandskap i 2019 under tittelen «den nasjonale frukthagen». Hundreår med fruktdyrking har forma landskapet gjennom nye driftsformer, teknikkar og endringar i terrenget. Dette har skapt det unike kulturlandskapet vi ser i dag.