Søka helse- og omsorgstenester
Tildelingskontoret i Ullensvang kommune skal sikra lik tilgang på helse- og omsorgstenester for innbyggjarane, uavhengig av alder, tenestebehov og bustad.
- Helse og omsorgstjenesteloven §2-2
- Pasient – og brukerrettighetsloven §2-7
- Forvaltningsloven kap V
Søknaden vert handsama konfidensielt
Offentlegsheitlova § 13: Opplysningar som er underlagt teieplikt i lov eller i medhald av lov, er unnateken frå innsyn
Forvaltningslova § 13: Einkvar som utfører tenester eller arbeid for eit forvaltningsorgan, pliktar å hindra at andre får adgang eller kjennskap til det han får vita i høve til tenesten eller arbeidet.
Søk om tenester
Du kan senda søknad i vårt digitale skjema eller fylla ut pdf og senda per post ( – adresse det skal sendast til står nedst på sida).
Nyttar du digitalt skjema må du logga deg inn med ID; søkjar eller verge kan logga seg inn. Om det er verge som har logga seg inn med ID, må du lasta opp fullmakt undervegs i den digitale søknadsprosessen.
- Omsorgsbustad
- Tryggleiksalarm
- Fritidskontakt/Støttekontakt
- Matombringing
- Praktisk bistand (heimehjelp)
- Helsehjelp i heimen
- Hjelpemidlar
- Omsorgsstønad
- Avlastning
- Dagaktivitetstilbod (for brukarar som har demens sjukdom)
- Tiltakspakke ved kognitiv svikt/demens
- Dagtilbod for brukarar innan psykisk helse eller brukarar med funksjonshemming.
- Dag- og nattopphald
- Kortidsopphald på institusjon
- Periodevise korttidsopphold på institusjon
- Rehabiliteringsopphald på institusjon
- Langtidsopphald på institusjon
- Brukarstyrt personleg assistent eller personleg assistent
- Koordinator og Individuell plan
- Legehjelp
- Helsesøster-og skulehelsetenester
- Behandling hos fysio-og ergoterapeut
- TT-kort
- Kommunale bustader, trygdebustader
Kreftkoordinator
Ullensvang kommune har ein eigen kreftkoordinator som skal yte bistand til personar med kreft. Dette er ein lett tilgjengelig teneste som ikkje krev søknad.
Sakshandsaming
Ved behov for helse-og omsorgstenester, søkjer ein om dette digitalt på nettsida til kommunen. Ein kan og få søknadsskjema i papirform frå helse- og omsorgstenesta eller eit av innbyggjartorga.
- Søknad om helse- og omsorgstenester skal handsamast etter aktuelle og til ei kvar tid gjeldande lover, reglar, forskrifter, politiske føringar og i samarbeid med søkar.
- Søkjar må bu eller opphalde seg i kommunen.
- Søkjar skildrar sitt behov for kommunale tenester.
- Søknad må vera signert av søkjar, eventuelt med fullmakt frå søkjar dersom andre søkjer på vegne av ein.
- Søknadar vert handsama konfidensielt og er omfatta av teieplikta. Journal vert oppretta for nye brukarar.
Søkjar vert kontakta for kartleggingssamtale seinast tre veker etter motteken signert søknad.
Ved behov for nødvendig helsehjelp etter utskrivning frå sjukehus eller pga akutte situasjonar i heimen, vil ein fatte vedtak på tenester ut frå det meldte behovet. Kartlegging av funksjon vert gjort undervegs eller i ettertid.
Nokre gonger vil ein få eit foreløpig svar på søknaden, og vedtak vert fatta innan ei oppgitt tidsfrist. Då er det ikkje alltid klart kva tenestetilbod som er det rette, og det er behov for lengre observasjonstid før ein kjem fram til eit endeleg vedtak.
Dersom det er tenester det er knappheit på som t.d omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, vil ein verta sett på ei søkjarliste.
Tenestemottakar skal i møte med helse- og omsorgstenesta få god informasjon om tenesta, rettar og plikter, samt god service prega av ei tillitsvekkande framferd og imøtekomande personell.
IPLOS - kartlegging
Det vert gjennomført IPLOS – kartlegging i samarbeid med søkar/pårørande.
IPLOS er eit nasjonalt kartleggingssystem. Opplysningar blir innhenta med ein standard utvikla av sosial-og helsedirektoratet. Standarden består av systematisert og nødvendig informasjon om din situasjon og helsetilstand. IPLOS blir nytta av kommunen og statlege myndigheiter til styring og planlegging av kommunale tenester. Kommunane rapporterer årlig til IPLOS registeret.
Alle personopplysninger er fjerna jf. personvern.
Samtykke
Dersom søkar ikkje har samtykkekompetanse, må det ligga føre dokumentasjon på dette. Søkar sin næraste pårørande har rett til å medverka saman med søkar når dokumentasjon på manglande samtykkekompetanse er framlagt.
Vedtak
Vedtak vert evaluert jamleg, minimum ein gong i året. Ved endring i hjelpebehov skal mottakar gje melding til tenesta.