SFO – Kinsarvik skule

SFO er eit frivillig omsorgs- og aktivitetstilbod. Tilbodet gjeld born i 1. – 4. klasse og born med særskilde behov i 5. – 7. klasse. Innhaldet skal pregast av barnet sitt behov for leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Innhaldet i ordninga er elles i samsvar med opplæringslova.

Opningstid

  • Opningstid: kl. 12.55 – 16.00.
  • SFO er stengt jule- og nyttårsafta og planleggingsdagar.
  • Onsdag før påske stenger SFO kl. 12.00.

Haustferie, vinterferie og sommar SFO har opningstida: kl. 08.00 – 15.30. Ferietilbod gjeld haust og vinterferie. Sommar SFO er ikkje inkludert, men må kjøpast ekstra.

 

Kontakt oss

SFO - Kinsarvik skule

941 35 932

Kinsarvik skule

Sandvikevegen 16, Postboks 23

5782 Kinsarvik

kinsarvik.skule@ullensvang.kommune.no

53 67 15 90

  • Gunnbjørg Meling – leiar
  • Sigrund Meling Opedal – barne- og ungdomsarbeider
  • Ellen Velure Moe – barne- og ungdomsarbeider
  • Anneberit Myking – barne- og ungdomsarbeider
  • Grethe Kristin Lutro Høyseter – sjukepleiar
  • Anne Marit Hesthamar – aktivitør

Alle tilsette har teieplikt etter forvaltningslova §13

August og september

  • Bli kjend/relasjonsbygging
  • Frileik
  • Markering av bursdagar
  • Fysisk aktivitet/ friluftsliv

Oktober og november

  • Frileik
  • Formingsaktivitetar
  • Markering av bursdagar
  • Fysisk aktivitet/ friluftsliv

Desember

  • Formingsaktivitet knytt til vinter og jol.
  • Frileik.
  • Marering av bursdagar
  • Fysisk aktivitet/ friluftsliv

Januar og februar

  • Frileik
  • Formingsaktivitet: handarbeid/maling osv.
  • Markering av bursdagar.
  • Fysisk aktivitet/ friluftsliv

Mars og april

  • Formingsaktivitet knytt til vår og påske. Så blomefrø.
  • Frileik
  • Markering av bursdagar
  • Fysisk aktivitet/ friluftsliv
  • Førebu grønnsakshagen

Mai og juni

  • Frileik
  • Me steller med blomefrø me har sådd
  • Markering av bursdagar
  • Fysisk aktivitet/ friluftsliv
  • Så grønsaker og blomefrø

SFO skal vera ein trygg og god stad for barna, dei vaksne skal vera synlege og tilgjengelege. Me ynskjer eit miljø,der barna kan utvikla respekt og toleranse for kvarandre. Me legg stor vekt på frileik.

 

Utdanningsdirektoratet seier om Leik og sosial læring: «Det er godt dokumentert at leken er viktig for utvikling av barns sosiale, emosjonelle og mentale kompetanse. Leken har en egenverdi og er en grunnleggende livs- og læringsform som har betydning for barnas sosiale og fysiske utvikling. Leken som metode representerer en viktig forutsetning for det arbeidet som gjøres i SFO.»

 

Ved å aktivisera seg sjølve,får  barna utvikla sine kreative evner og fantasi. Me har eit stort og godt uteområde. Nytta nærområde til turar. Inne har me tilgang til hallen i tillegg til SFO.

Sjølv om me legg stor vekt på frileik,vil me av og til ha tilrettelagde aktivitetar. Desse aktivitetane får barna sjølve velje om dei vil delta i.

Utetid vert prioritert.

Skuleåret 2021-2022 er det 20 born i SFO.

  • Me startar hausten med nistepakka på SFO.
  • Me byrjar med måltid i oktober.

 

Utdanningsdirektoratet seier om måltid: «Sentrale styringsdokumenter fremhever at måltider i skole- og SFO-hverdagen er viktig for utvikling av et sunt kosthold og en god helse. Nordiske erfaringer viser at det å tilby sunn mat og hindre tilgang til usunn mat kan være et virkemiddel for å endre kostholdet til barna.Disse erfaringene tilsier at det også er viktig hvordan man legger opp måltidet. Måltidet kan brukes som en arena for læring og etablering av gode sosiale samspill.»

 

Vårhalvåret 2019 vart me med i programmet Matjungelen som helsedirektoratet står bak. Borna deltok i innkjøp av matvarer, tilbereiing og rydding av måltid. Matjungelen har gjort oss meir bevisste på å nytta riktige råvarer til måltidet.

1. klasse deltok i programmet i stasjonsundervisninga. Dei baka rundstykker, skrelte og kutta opp grønnsaker, kjøt og fisk. Me håpar me kan fortsetta med programmet til matjungelen etter kvart dette skule/SFO året.

SFO må få melding dersom barnet har allergiar, eller andre sjukdomar som gjer at me må ta spesielle hensyn.

SFO må få melding dersom barnet vert henta av andre enn føresette, eller skal gå heim åleine.

I hyllene bør barna ha kleskift, utekle/sko.

 

Me ynskjer eit godt samarbeid med foreldre/føresette!

 

SFO Kinsarvik skule
Gunnbjørg Meling, leiar