
Søknad om plass i SFO
SFO er eit frivillig omsorgs- og aktivitetstilbod. Tilbodet gjeld born i 1. – 4. klasse og born med særskilde behov i 5. – 7. klasse.
Påmelding og oppseiing
Søknadsfristen er 1. mars. Ein kan søke seinare, men er då ikkje garantert plass.
Opptak skjer i tråd med vedtektene for SFO i Ullensvang kommune. Opptaket gjeld til plassen blir endra eller sagt opp. Ein treng ikkje seie opp SFO-plassen etter 4. trinn – det skjer automatisk.
12 timar gratis SFO
Skuleåret 2022/23 har 1. trinn rett til 12 timar gratis SFO per veke. Frå skuleåret 2023/24 vil dette også gjelda elevar på 2. trinn. Les meir om dette i sak under.