
Vedtekter for SFO
Heimla i opplæringslova § 13.7. Vedteke i Kommunestyret 26.02.20. ArkivsakID: 20/268
§ 1. Formål
SFO er eit frivillig omsorgs- og aktivitetstilbod. Tilbodet gjeld born i 1. – 4. klasse og born med særskilde behov i 5. – 7. klasse. SFO vert drivne i samsvar med skulen si målsetjing og opplæringslova § 13-7.
§ 2. Eigartilhøve
SFO vert drivne av Ullensvang kommune.
§ 3. Forvaltning
Kommunen v/rådmannen har ansvar for tilsyn og forvaltning av SFO. Kommunestyret v/ kommunelegen har godkjenningsmynde etter forskrift om miljøretta helsevern for barnehagar og skular.
§ 4. Leiing
Rektor har det overordna administrative og pedagogiske ansvaret for SFO ved den einskilde skule.
§ 5. Samarbeidsutval
Skulen sitt samarbeidsutval handsamar saker som gjeld SFO. Tilsette på SFO skal ha ein representant i samarbeidsutvalet.
§ 6. Opptak
Søknad om plass vert lyst i lokalavisa og på kommunen si heimeside. Søknadsfrist 1. mars. Rådmannen gjennomfører opptak til SFO innan 1. april.
Søknaden skal gjerast ved å søke via Visma Flyt Skole.
Dei som søkjer etter 1. mars får plass om det er ledig kapasitet.
§ 7. Opptakskriterium
Alle med bustadadresse i kommunen som har born i 1. – 4. klasse kan søkja om plass i SFO. I særskilde høve kan kommunen gje plass til eldre born.
Det må vera minst fire born for at kommunen skal oppretta eit tilbod.
§ 8. Opptaksperiode
Tildelt plass gjeld frå skulestart til plassen vert sagt opp skriftleg av føresette. Eit born har plass i SFO til bornet sluttar i 4. klasse.
§ 9. Klage på opptak
Føresette har klagerett etter forvaltningsloven § 28. Klage på vedtaket må vera levert til kommunen seinast tre veker etter at melding om vedtak er motteke (Forvaltningsloven § 29).
§ 10. Oppseiing
Oppseiingstida er 1 månad.
§ 11. Sommar - SFO
I skulen si sommarferie er det tilbod om sommar-SFO. Føresette betalar pr veke. Dette tilbodet kan verta avvikla i samarbeid med barnehagane i kommunen.
Føresette må søka om sommar-SFO innan 1. april. Bornet må ta ut minimum fire veker ferie i løpet av kalenderåret.
Tre veker må vera samanhengande ferie i tida medio juni til medio august.
§ 12. Planlegging
SFO gjennomfører avtalefesta 37,5 timar (5 dagar) planlegging i året. Desse dagane er SFO stengt.
Planleggingsdagane vert vedteke i barnehage- og skuleruta året før.
§ 13. Opningstid
Opningstid i SFO vert fastsett av rådmannen. Opningstida i SFO varierer, sjå orientering på www.ullensvang.kommune.no
Kommunen tilbyr føremiddag, ettermiddag eller heildagstilbud, fem dagar i veka innanfor opningstida.
SFO er stengt jule- og nyttårsafta og avtalefesta planleggingsdagar.
Onsdag før påske stenger SFO kl. 12.00.
§ 14. Areal
Areal inne og ute skal vera egna til SFO. Arealet må vera godt tilrettelagt for leik-, kultur- og fritidsaktivitetar. SFO held til i skulen sine lokaler med eigen base. SFO nyttar klasserom og spesialrom.
§ 15. Betalingssatsar og betalingsmåtar
- Kommunestyret fastset betalingssatsane (foreldrebetalinga) som til ei kvar tid skal gjelda for SFO i kommunen. Betaling skal skje på forskot kvar månad.
- Betaling av kost kjem i tillegg til månadleg betaling av SFO.
- Endring av betalingssatsane følger budsjettåret.
- Føresette betaler for 10 måneder i året. Juni og august er halv månadsbetaling, og betalingsfritak i juli månad.
- Når SFO har ledig kapasitet, kan borna kjøpa utvida tilbod eller sporadiske einskilde dagar i SFO.
- Det vert ikkje gitt betalingsfritak for ferie som vert teke ut i løpet av skuleåret. Det kan søkjast om betalingsfritak i spesielle tilfelle, til dømes ved alvorleg sjukdom. Dette må dokumenterast.
- Manglande betaling kan føra til oppseiing av SFO-plassen.
§ 16. Internkontroll
SFO i kommunen har internkontrollsystem som sikrar kontinuerlig arbeid med helse, miljø og tryggleik og forskrift om ”Miljøretta helsevern i barnehagar og skular”.
§ 17. Ansvar
- Alle borna i SFO er ulykkesforsikra gjennom kommunen si forsikringsordning.
- Personalet har ansvar for borna i SFO si opningstid. Levering og henting er føresette sitt ansvar.
- Om borna skal gå frå SFO åleine, skal det vera skriftleg avtale mellom føresette og SFO.
- Personalet kan ta med borna i eigen bil når det er gjort skriftleg avtale med føresette. Det må vera godkjent sikkerhetsutstyr i bilen. Personalet må gje skriftleg fråsegn om at bilen som vert nytta er i forskriftsmessig stand.
- Det vert ikkje gjeve erstatning ved tap og / eller skade på eigendelar eller klede.
§ 18. Bemanning i SFO
Det skal vera ein vaksen pr 10-12 born, avhengig av alders- og gruppesamansetjing. For born med særskilde behov for hjelp og omsorg, kan det verta tilsett ekstra personale.
§ 19. Endring av vedtektene
Endring av vedtektene skal handsamast av kommunestyret. Framlegg om vert lagt fram for foreldreråd og samarbeidsutval i god tid før endeleg vedtak. Endringar som følgje av endra lovverk eller politiske vedtak, kan gjerast administrativt med melding til kommunestyret.
§ 20. Teieplikt
Dei tilsette i SFO, administrasjonen og medlem i samarbeidsutvala har teieplikt vedkomande alle personopplysingar dei i kraft av stillinga/omboda vert kjende med.
§ 21. Politiattest
Dei tilsette i SFO må leggja fram politiattest før tilsetting, jfr opplæringslova § 10-9.