
12 timar gratis SFO for 1. og 2. trinn
Kunnskapsdepartementet vedtok i 2022 at for skuleåret 2022/23 har 1. trinn rett til 12 timar gratis SFO per veke. Frå skuleåret 2023/24 vil dette også gjelda elevar på 2. trinn.
Det betyr at det vil bli langt billegare for 1. og 2. klassingar å gå på SFO dei fyrste åra. Ordninga gjeld òg SFO-tilbod i feriane.
- Kommunen avgjer kva tid på dagen dei 12 timane (fordelt på veka) skal liggje – Ullensvang kommune har valt å leggje dei til etter skuletid.
- Hushaldningar med låg inntekt skal framleis få redusert foreldrebetaling (etter søknad for skuleåret). Søknad vert fyrst handsama, så vert gratis-timar etter skuletid trekt frå og resterande sum kjem på faktura.
- Gratis-timane vil òg gjelda for skuleferiane (haust-, jule-, vinter- og påskeferie). NB: Kjøp av utvida tid gjeld framleis (Kjøp av utvida tid frå EM (ettermiddag) til HD (heil dag) /Kjøp av utvida tid frå FM (føremiddag) til HD (heil dag), sjå satsar SFO for Ullensvang kommune (2023).
- Det skal vera mogeleg å kun nytta seg av sjølve gratis-timane – dette vert eit eige type opphald; G12 (gratis 12 timar per veke) – må søkjast om!
- Eventuelle kostpengar må betalast (ikkje ein del av gratis-tilbodet).
- Kommunen pliktar å ha eit tilbod om SFO, men det er ikkje ein rett for elevane å få SFO-plass. Om kommunen ikkje har kapasitet til å gje alle aktuelle elevar eitt tilbod, vil me prioritera elevar på 1. trinn og elevar med særskilte behov frå 1.- 7. trinn.
Ulike opningstider
Skulane i Ullensvang kommune har ulike opningstider på SFO, noko som medfører ulike satsar for trekk per gratis veketime. Alle vil få utrekna trekket for sin skule/SFO (oppholdspris = lik for alle/tal opningstimar totalt ulike tal), der prisen på 12 timar (per veke) vert trekt frå).
Tilbod
Ullensvang kommune vil no ha 4 ulike tilbud om opphald – det er ikkje mogeleg å ha meir enn eitt opphald (kombinera):
- FM (føremiddag, SFO kun før skuletid morgen) – desse vert ikkje tilgodesett gratis-timar
- EM (ettermiddag, SFO kun etter skuletid) – får full utteljing for dei 12 gratis timane i veka
- HD (heil dag, som i praksis betyr FM+EM, dvs SFO både før og etter skuletid) – får full utteljing for dei 12 gratis timane i veka
- G12 – gratistilbodet kun for 1. og 2. trinn
Endra opphald på SFO?
1. og 2. klassingar som allereie har fått innvilga opphald på SFO (FM/EM/HD) for skuleåret 2023-2024, men som ynskjer å endre opphald til G12 (kun nytte seg av dei 12 gratis-timane), må søkje om «Endring av opphald» via føresettportalen.