Ulikskap

Om RPH – Rask psykisk helsehjelp

Rask psykisk helsehjelp (RPH) er ein del av Rus og psykisk helseteneste i Ullensvang kommune, og er eit tilbod til personar over 18 år, busett i kommunen.

Tilbodet er retta mot personar med milde og moderate depressive- og/eller angstplager, samt søvnvanskar, og me ynskjer å gje eit tilbod innan to veker. Depresjon og angst er ein vesentleg årsak til sjukefråvære og redusert livskvalitet, og i slike tilfelle er det lurt å oppsøke hjelp tidleg, slik at problema ikkje utviklar seg.

 

Er du i målgruppa?

Har du utfordringar med ein eller fleire av desse punkta, kan du vera i målgruppa for RPH:

  • Har du vonde og triste tankar, er trøtt og sliten, og har lite energi i kvardagen?
  • Vert livsutfaldinga di avgrensa av indre uro og at du er engsteleg?
  • Har du utfordringar med å fungera i dagleglivet grunna samlivsbrot, sjukdom eller andre vanskelege livssituasjonar?
  • Bekymrar du deg mykje?
  • Har du negative tankar om deg sjølv, eller låg sjølvkjensle?
  • Er kvardagen slitsam og overveldande?
  • Kjenner du deg stressa og manglar initiativ?

RPH – teamet består av sjukepleiarar og vernepleiar. Alle har vidareutdanning i kognitiv åtferdsterapi, som er det behandlingsmodellen Rask psykisk helsehjelp bygger på.

Rettleia sjølvhjelp
Ved rettleia sjølvhjelp får du tilgang til sjølvhjelpsmateriell via internett, vi nytter assistertselvhjelp.no. Du har kontakt med ein behandlar frå RPH via telefon eller e-post ein gong i veka, som rettleier deg i bruken av sjølvhjelpsmateriellet.

Individuelle samtalar
Strukturerte og kortvarige samtalar med utgangspunkt i kognitiv åtferdsterapi, samtalane vil ha ein varigheit på 45 minutt. Omfanget kan vera mellom 2 og 15 terapitimar.

Meistringskurs

  • KiB – Kurs i belastningsmeistring
    Dette er eit kurs som går over 10 samlingar, med 1 samling pr. veke på omlag 2,5 time. Kurset baserer seg på kognitiv åtferdsterapi og tek sikte på å læra om kva belastningar er, kva dei gjer med oss og strategiar og verktøy for å handtera belastningar.
  • KiD – Kurs i depresjonsmestring
    Dette er eit kurs som går over 10 samlingar, med 1 samling pr veke på 2,5 time. Kurset passar for personar med mild depresjon eller som har hatt depressive episodar tidlegare. Kurset baserer seg på kognitiv åtferdsterapi ved depresjon. Ein lærer om depresjon; kva det kjem av og strategiar og verktøy for å meistre depressive plager på ein hensiktsmessig måte.
  • Søvnkurset Sov Godt
    Dette kurset går over 4 samlingar med 1 samling per veke. Kurset er for personar med søvnvanskar som insomni eller forskjøvet døgnrytme. På kurset lærer ein om søvn, faktorar som påverkar søvn og verktøy for å betra eigen søvn og søvnkvalitet.
  • Angstmeistringskurs
    Kurset passar for deg som opplever å streva med angst, og som ynskjer hjelp til betre å meistra angstplagene.

Tilbodet eignar seg ikkje for personar som:

  • Har behov for akutt psykisk helsehjelp
  • Har ei alvorleg psykisk liding
  • Er tilvist til annan psykisk helsehjelp, til dømes distriktspsykiatrisk senter(DPS)
  • Mottek kommunale tenester relatert til psykisk helse frå før.

Ta gjerne kontakt for å høyre om du er i målgruppa. Dersom du er det vil du få eit tilbod om rettleia sjølvhjelp, kurs eller individuelle samtalar. Det er ikkje mogleg å bestille individuelle samtalar. Dette vert vurdert når du tek kontakt.

Tilbodet er gratis og du treng ikkje tilvising frå lege. Vi oppfordrar likevel til samarbeid med fastlege undervegs.

 

Ikkje ei akutteneste

RPH er ikkje ei akutteneste. Ved behov for akutt hjelp, kontakt fastlegen din eller legevakt på tlf: 116 117. Ved behov for øyeblikkeleg hjelp, ring 113.

 

Spørsmål eller meld di interesse for tilbodet

I juli månad er RPH stengt for nye henvendingar grunna ferieavvikling.

Send namn og telefonnummer på ein e-post til oss og vi tek kontakt med deg.

Eller ring oss – om vi ikkje svarar ringer vi deg opp att så snart som mogleg.

OBS! Send berre namn og telefonnumer,  ikkje sensitiv- eller personinformasjon på e-post.

Kontakter

Rask psykisk helsehjelp

Tlf. tid | kvardagar| kl. 09-14

rask.psykisk.helsehjelp@ullensvang.kommune.no

47 75 56 48