Dronningstien

KiB – Kurs i mestring av belastning

Kurs i meistring av belastning er utarbeidd for vaksne som har behov for, og ynskjer å betra si evne til å meistra belastning knytt til arbeidstilhøve eller privatliv.

Praktisk informasjon

Kurset går over 8 vekentlege samlingar, og 2 oppfylgingssamtalar. Kvar samling varer i 2,5 time inkludert pausar. Det er 8-12 deltakarar på kvart kurs.

Kurset og kurshandboka er gratis for innbyggarar i kommunen.

  • Stad: Kinsarvik, torsdagar kl. 12.00
  • Dato:
    • 20. oktober
    • 27. oktober
    • 3. november
    • 10. november
    • 17. november
    • 24. november
    • 1. desember
    • 8. desember

Oppfølgingstreffa blir avtalte saman med kursdeltakarane.

Påmeldingsfrist: 20. september 2022

 

Påmelding eller spørsmål:

Siri Husevold

Sjukepleiar

siri.husevold@ullensvang.kommune.no

477 07 416

Sindre Kvebæk

Kursleiar KiD

sindre.kvebaek@ullensvang.kommune.no

948 77 098

Kurs i meistring av belastning er utarbeidd for vaksne som har behov for, og ynskjer å betra si evne til å meistra belastning knytt til arbeidstilhøve eller privatliv.

Belastning blir omtalt som:

  • Ein ubalanse mellom det ein maktar, treng eller forventar, og den opplevde situasjonen.
  • Ei oppleving av at ein ikkje kan meistra eller kontrollera utfordringar/hendingar.

Nokre teikn på overbelastning og stress:
Trøttheit, utmatting, muskelspenningar, søvnvanskar, mindre glede, uro og rastlause, konsentrasjons- og hukommelsesproblem, grubling og bekymring.

Dette er eit kurs basert på forståing av samanhengen mellom belastning, meistring og stress. På kurset blir det nytta kognitiv teori og kognitive metodar. Merksemda er retta mot å kartlegga eigne belastningar, og eigen meistrings- og tankestil. Du lærer metodar og teknikkar som kan nyttast for å betre meistring av belastning knytt til både arbeids- og privatliv. Med meistring meiner ein det ein kan gjera for å håndtera belastninga.

Det er ikkje nødvendig å fortelja om eigne belastningar på kurset. Kursdeltakarane jobbar med eigne utfordringar heime, ved hjelp av metodar og teknikkar dei lærer på kurset. Heimearbeidet er ein viktig del av kurset.

Ved påmelding til KiB vil kursleiar ha ein forsamtale med kvar enkelt deltakar. Dette er ein uforpliktande samtale der det m.a. blir informert om innhaldet og forma til kurset, og ein vurdering om dette kurset kan vera til nytte for deg. Kurset blir leidd av godkjente kursleiarar.