47707525-crowd-of-people-walking-on-city-street-motion-blurred

Angstmeistringskurs

Kurset passar for deg som opplever å streva med angst, og som ynskjer hjelp til betre å meistra angstplagene.

Kurset er basert på kognitiv åtferdsterapi og eksponeringstrening. Du vil delta i undervisning, gruppediskusjon og heimearbeid. Kurset har ei varigheit på seks veker med ei samling i veka.

Kurset passer for dei med lette til moderate angstplager. Plagene kan også ha vart ei stund. Er plagene veldig alvorlege eller du mottek behandling for vanskane ein annan stad, tilrår me ikkje at du deltek på kurset vårt.

Påmelding

For å delta på kurset, må du først melde interesse. Når du har gjort dette, vil du etter kort tid få tilbod om ein samtale med ein av fagpersonane våre, der de saman kan finna ut kva for tilbod som kan vera aktuelt for deg. Kursa våre kan ha ventetid, og i nokon tilfelle vil det vera andre tilbod for oppfølgingstilbod som passar betre.

 

Neste oppsette kurs går ut grunna få påmeldte. Interessert i kurs? Meld di interesse til oss. Det vil bli sett opp nytt kurs ved ei seinare anledning ved behov.

 

Påmelding eller spørsmål

Rask psykisk helsehjelp

Tlf. tid | kvardagar| kl. 09-14

rask.psykisk.helsehjelp@ullensvang.kommune.no

47 75 56 48