Odda 2019 - Foto Sigrid Dagestad

Søvnkurs

Å delta på søvnkurs kan passa for personar som har vanskar med å få sove, som ofte vaknar for tidleg, eller har hyppige oppvakningar i løpet av natta.

Alle som melder interesse, vil bli kontakta på telefon for ein samtale om søvnproblema sine, og få meir informasjon om behandlinga.

Om kurs

Kurs inneheld undervisning og rettleiing, og det er plass til inntil åtte deltakarar. Behandlinga går over seks samlingar. Metodikken som vert nytta er basert på kognitiv åtferdsterapi, og det vert lagt opp til at kvar enkelt jobbar med innhaldet sjølv mellom samlingane. Metoden kan opplevast krevjande fordi ein i ein oppstartsfase vil bruka mindre tid i senga

Kurs passar ikkje for personar som:

  • arbeider turnus med nattarbeid
  • har rusproblem
  • får behandling i spesialisthelsetenesta
  • har søvnapné eller narkolepsi
  • alvorleg psykisk liding (bipolar liding, schizofreni, alvorleg depresjon, personlegdomsproblematikk)
  • demensdiagnose

Neste planlagte kurs:

  • 8. mai
  • 15. mai
  • 22. mai
  • 29.  mai
  • 5. juni
  • 12. juni

Tidspunkt: kl. 09.00 – 11.00.
Stad: Moen 7 i Odda
Påmeldingsfrist: 24. april

Informasjon kjem

 

Informasjon kjem

Påmelding eller spørsmål

Rask psykisk helsehjelp

Tlf. tid | kvardagar| kl. 09-14

rask.psykisk.helsehjelp@ullensvang.kommune.no

47 75 56 48