Kreftkoordinator
Kreftkoordinator er ein ressursperson for deg som er kreftramma eller pårørande. Ho har informasjon om ulike tenester, rettar og tilbod innan kreftomsorgen. Kreftkoordinator kan bidra med å koordinera og leggja til rette for at du og dine får ein best mogleg kvardag.
Kva kan krefkoordinator hjelpa deg med?
- Å koordinera og leggja til rette for at du og dine får ein best mogleg kvardag.
- Vera ein ressursperson for deg som er kreftramma eller er pårørande.
- Informera om ulike tenester, rettar og tilbod innan kreftomsorgen lokalt og regionalt.
- Gje råd og rettleiing om diagnose, behandling og rehabilitering.
- Vera ein samtalepartner som kan bidra til å sortera tankar i ei vanskeleg tid.
- Jobba tverrfagleg. Samarbeida med andre instansar som er relevant i ein sjukdomsperiode, samt i etterkant av sjukdom og behandling dersom behovet er der.
Lågterskeltilbod
Kreftkoordinatortilbodet er eit lågterskeltilbod. Det betyr at du ikkje treng henvisning frå lege eller sjukehus for å ta kontakt.
Du kan sjølv ringa, senda melding eller e-post for å gjera avtale. Tenesta er gratis.
Kontaktinformasjon
Kreftkoordinator
Besøksadresse: Bygdarbøen 2
5750 Odda
kreftkoordinator@ullensvang.kommune.no
97 55 85 44
- Treningsgrupper
- Turgruppe – lågterskel turgruppe, stort sett onsdagar. Ta kontakt med kreftkoordinator for nærare info.
- Kreftforeningen.no: Temakafe i regi av Kreftforeningen sine frivillige
- Kreftforeningen.no: Stafett for livet i regi av kreftforeningen
- RPH – Rask psykisk helsehjelp
- BTI: Barn som pårørande
- Brystkreftforeningen – Odda og områda rundt
- Rød Kors Haugaland Rehabiliteringssenter: Rehabilitering for barn og ungdom etter kreftsjukdom
- Rehabiliteringstilbod til pasientar som har gått gjennom kreftbehandling.
Ravneberghaugen gir tilbod om eit trevekers tverrfagleg spesialisert program for rehabilitering i Mestringsgruppen. Tilbodet er gruppebasert samtidig som pasienten får individuell oppfølging.
Les meir om tilbodet til Ravneberghaugen her.