
Trening i grupper
Ergo- og fysioterapitenesta har ulike tilbod om trening i grupper, både for spesifikke pasientgrupper og generell frisklivstrening.
Kva gjer me?
- Auka fokus på reinhald og hygiene.
- Me vert heime om me er sjuke.
- Me organiserer treninga for å sikre smittevern mtp avstand og utstyr.
Kva skal du gjere?
- Ikkje kom på trening dersom du er sjuk.
- Ikkje kom på trening dersom du har vore utanlands dei siste 10 dagane.
- Ikkje kom på trening om du er i karantene/isolasjon
- Hald avstand og vis omsyn til andre.
- Vaske hender ofte, spesielt når du kjem og når du skal handtere utstyr.
- Ta med eiga drikkeflaske.
- Samtykke til føring av deltakarliste for smittesporing.
- Om du får symptom under trening må du forlate lokalet.
- Om du får påvist Covid-19 kort tid etter deltaking på gruppetrening, gje oss beskjed på telefon: 906 06 844
Gruppetrening for personar med kreft og personar som har overlevd kreft
Treninga vil gå føre seg i gruppe leia av fysioterapeut, men det vert lagt til rette for individuelle tilpassingar. Det vil i hovudsak vera styrketrening, kondisjon og avspenning. Etter treninga vert det sosial samling for dei som ynskjer det (med atterhald).
Torsdagar kl. 13:00 i kjellaren på Bokkotunet
Pris for deltaking 25 kr. pr. gong
Gruppetreninga er eit kontinuerleg tilbod. Ein kan byrja kva tid som helst, så lenge det er plass i gruppa. Ta kontakt med Ane Jenny Strand eller Anne Gro Kambe for påmelding.
KOLS/lunge-gruppe
Treningsgruppe for personar med KOLS eller anna lungesjukdom.
Onsdagar 14:00 – 15:00 i kjellar på Bokkotunet. Pris etter gruppetakst for fysioterapi.
Ta kontakt med ergo- og fysioterapitenesta for påmelding.
MS-gruppe
Treningsgruppe for personar med Multippel Sklerose.
Måndagar kl. 10:00 – 11:00 i kjellar på Bokkotunet. Pris etter gruppetakst for fysioterapi.
Ta kontakt med Håvard Flaten for påmelding.
Balansegruppe
For personar over 65 år med redusert balanse, som har falt eller er engsteleg for å falle. Gruppetrening med fysioterapeut 2 gonger i veka over 10-12 veker. Kurset har også informasjon frå ergoterapeut.
Balansegruppa går jamleg i kommunen på ulike plassar etter behov og ynskje.
Pris for deltaking i balansegruppa er 450,-.
Ta kontakt med ergo-/fysioterapitenesta for påmelding.
“Aktiv A” – gruppe
Treningsgruppe og kurstilbod for personar med mild til moderat artrose. Kurs vert sett opp etter behov og etterspurnad. Pris etter gruppetakst for fysioterapi.
Ta kontakt med Sanssel Sæterdal for påmelding.
Muskel/skjelettgruppe – Odda
Treningsgrupper for personar med muskel/skjelettplager. Pris etter gruppetakst for fysioterapi. Treningsgrupper vert sett opp etter behov og etterspurnad.
Ta kontakt med Sanssel Sæterdal eller Audun Hauso for påmelding.
Frisktrim
Frisktrim er eit lågterskel aktivitetstilbod som er ope for alle som ynskjer å delta. Fokus er styrketrening og kondisjon, og ein tilpassar intensitet etter eige nivå. Gratis deltaking.
- Jondalshallen | måndagar | kl. 14:00 – 15:00
- Fjordahallen i Kinsarvik | tysdagar | kl. 13:00 – 14:00
- Oddahallen | onsdagar | tid kjem me tilbake til
- Herand kulturhus | torsdagar | kl. 11:00 – 12:00
Kontaktinformasjon til våre fysioterapeuter:
Fysioterapeuter i kommunen
Lokalisert | Adresse | Namn på fysioterapeut | Telefon |
---|---|---|---|
LokalisertFysioterapitenesta | AdresseOpheimsgata 31, 5750 Odda | Namn på fysioterapeutHovudnummer | Telefon53 65 45 30 |
LokalisertVerksemdsleiar | Adresse | Namn på fysioterapeutMaren Espedal Miille | Telefon473 61 915 |
LokalisertRådhuset i Odda | AdresseOpheimsgata 31, 5750 Odda | Namn på fysioterapeutAnne Gro Kambe | Telefon975 58 575 |
LokalisertRådhuset i Odda | AdresseOpheimsgata 31, 5750 Odda | Namn på fysioterapeutAudun Hauso | Telefon913 66 429 |
LokalisertRådhuset i Odda | AdresseOpheimsgata 31, 5750 Odda | Namn på fysioterapeutDaniel Aurdal Iversen | Telefon480 45 927 |
LokalisertRådhuset i Odda | AdresseOpheimsgata 31, 5750 Odda | Namn på fysioterapeutHåvard Flaten | Telefon410 24 391 |
LokalisertRådhuset i Odda | AdresseOpheimsgata 31, 5750 Odda | Namn på fysioterapeutIda Annabel Nå | Telefon468 45 917 |
LokalisertRådhuset i Odda | AdresseOpheimsgata 31, 5750 Odda | Namn på fysioterapeutKaroline Vethe Karlsen | Telefon900 64 923 |
LokalisertRådhuset i Odda | AdresseOpheimsgata 31, 5750 Odda | Namn på fysioterapeutSanssel Sæterdal | Telefon418 56 700 |
LokalisertRådhuset i Odda | AdresseOpheimsgata 31, 5750 Odda | Namn på fysioterapeutSindre Dalheim Haddeland | Telefon900 32 918 |
LokalisertRådhuset i Odda | AdresseOpheimsgata 31, 5750 Odda | Namn på fysioterapeutRandi Rønhovde Opheim | Telefon414 50 647 |
LokalisertUtne helsesenter | Adresse5778 Utne | Namn på fysioterapeutKristofer Dyga | Telefon913 81 402 |
LokalisertBråvolltunet | AdresseBråvoll 1, 5780 Kinsarvik | Namn på fysioterapeutAnne Cathrin E. Eidnes | Telefon957 95 222 |
LokalisertTunvoll fysikalske institutt | Adresse5787 Lofthus | Namn på fysioterapeutArne Lutro | Telefon402 18 550 |
LokalisertTunvoll fysikalske institutt | Adresse5787 Lofthus | Namn på fysioterapeutKarianne Meling Seim | Telefon922 64 419 |
LokalisertVikevollen | AdresseNordbøen 2, 5627 Jondal | Namn på fysioterapeutMariann Wesenlund Hauge | Telefon948 36 053 |