Epletre med epler. Foto: Skarv Studio

Friskliv, læring og meistring

Friskliv og meistring skal vera eit kommunalt tilbod til personar og grupper som har behov for hjelp til å endre helseatferd og betre meistring i kvardagen.

Det vert arrangert temakveldar og kurs knytt til Friskliv og meistring etter etterspurnad og behov. Læring og meistring er til dels integrert i ulike tenestetilbod i kommunen som t.d. ergo-fysioterapitenesta, helsestasjon, rus og psykisk helse etc., samt i samarbeid med frivillige organisasjonar.

Målet er å fremje helse og meistring, og å førebyggje sjukdom eller vidare utvikling av sjukdom.

 

Tilvising/kontakt

Friskliv og meistring er eit lågterskeltilbod. Lege, anna helsepersonell eller NAV kan tilvise deltakarar, men ein kan også ta kontakt på eige initiativ. For tida er Friskliv, læring og meistring organisert i Ergo- og fysioterapitenesta i Ullensvang kommune.

 

Pris for tenesta

Individuell oppfølging og deltaking i grupper er gratis. Nokre kurs kan ha ei kursavgift, dette vert opplyst ved aktuelle kurs. 

 

Læring og meistring i helseføretaka:

Helse Fonna sine tilbod

Odda sjukehus arrangerer jamleg kurs for ulike diagnosegrupper, t.d. Smertekurs, Kurs for personar med diabetes, KOLS-kurs etc.

Sjå deira arrangementkalender for aktuelle tilbod som går fast eller som er planlagt. Eller les meir om Helse Fonna sitt læring og meistringssenter (LMS).

 

Helse Bergen sine tilbod
Sjå deira arrangementkalender for aktuelle tilbod som går fast eller som er planlagt. Eller les meir om Helse Bergen sitt læring og meistringssenter (LMS).

 

Nettbasert kurs
«Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse» har ei oversikt over nettbaserte tilbod.

 

 

img-fluid portrait