Odda 2019 - Foto Sigrid Dagestad

Søvngruppe

Å delta i søvngruppe kan passa for personar som har vanskar med å få sove, som ofte vaknar for tidleg, eller har hyppige oppvakningar i løpet av natta.

Alle som melder interesse, vil bli kontakta på telefon for ein samtale om søvnproblema sine, og få meir informasjon om behandlinga.

Om gruppa

Behandlinga i gruppa inneheld undervisning og rettleiing, og det er plass til inntil åtte deltakarar. Behandlinga går over seks samlingar. Metodikken som vert nytta er basert på kognitiv åtferdsterapi, og det vert lagt opp til at kvar enkelt jobbar med innhaldet sjølv mellom samlingane. Metoden kan opplevast krevjande fordi ein i ein oppstartsfase vil bruka mindre tid i senga

Gruppa passar ikkje for personar som:

  • arbeider turnus med nattarbeid
  • har rusproblem
  • får behandling i spesialisthelsetenesta
  • har søvnapné eller narkolepsi

Neste planlagte kurs:

  • 25. oktober
  • 1. november
  • 8. november
  • 15. november
  • 22. november
  • 6. desember

Tidspunkt: kl. 09.00 – 11.00.
Stad: Odda Helsehus
Påmeldingsfrist: 1. oktober 2023 (- frist utvida til 5. oktober)

Neste planlagte kurs:

  • 26. oktober
  • 2. november
  • 9. november
  • 16. november
  • 23. november
  • 7. desember

Tidspunkt: kl. 09.00 – 11.00.
Stad: Kommunehuset Kinsarvik
Påmeldingsfrist: 1. oktober 2023 (- frist utvida til 5. oktober)

 

Neste planlagte kurs:

  • 26. oktober
  • 2. november
  • 9. november
  • 16. november
  • 23. november
  • 7. desember

Tidspunkt: Kjem vi tilbake til.
Stad: Kjem vi tilbake til.
Påmeldingsfrist: 1. oktober 2023 (- frist utvida til 5. oktober)

Påmelding eller spørsmål

Rask psykisk helsehjelp

Tlf. tid | kvardagar| kl. 09-14

rask.psykisk.helsehjelp@ullensvang.kommune.no

477 55 648