Tyssedal barneskole

Tyssedal barneskole, bygd i 1919 som eit av landets mest moderne skulebygg, ligg som eit praktbygg i tettstaden Tyssedal.

Skulen arbeider for eit godt lærings- og oppvekstmiljø, og har eit godt samarbeid med foreldre og andre aktørar i nærmiljøet. Vi er opptekne av å leggja til rette for at kvar enkelt elev skal få oppleva meistring og utvikling i samspel med andre elevar og vaksne ved skulen vår. Vi er heldige å få nytta Tyssohallen til kroppsøvingfaget.

Tyssedal skule

Kontakt oss

Tyssedal barneskole

Langåkervegen 3

5770 Tyssedal

53 65 49 80

ullensvangskulen.no

Ruth Therese Hylland Gravdal

Rektor

ruth.gravdal@ullensvang.kommune.no

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

§ 10-5. Organiseringa av skoledemokratiet

Kvar grunnskole og vidaregåande skole skal ha eit elevråd som er valt av elevane ved skolen. Elevane kan velje å organisere seg på ein annan måte. Kvar grunnskole skal ha eit arbeidsutval som er valt av foreldra på skolen. Foreldra kan velje å organisere seg på andre måtar. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at det blir fastsett kva for andre brukarorgan skolane skal ha.

Elevane og foreldra skal vere representerte i organ ved grunnskolar, og elevane skal vere representerte i organ ved vidaregåande skolar. Representantar for elevane i den vidaregåande opplæringa har møte- og talerett i fylkeskommunale nemnder på same måten som dei tilsette har etter kommuneloven § 13-4.

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

§ 10-4. Skoledemokratiet

Skolen skal sørgje for at elevane og foreldra får vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til skolen, mellom anna arbeidet med skolemiljøet, kvalitetsutvikling i opplæringa og fastsetjinga av skolereglar. Elevane skal ikkje delta i behandlinga av saker som er omfatta av lovfesta teieplikt.

Skolen skal leggje til rette for at alle elevane skal kunne ytre seg, og oppmuntre dei til å delta i skoledemokratiet. Skolen skal også hjelpe elevane i arbeidet med skoledemokratiet.