SFO – Tyssedal barneskole

SFO er eit frivillig omsorgs- og aktivitetstilbod. Tilbodet gjeld born i 1. – 4. klasse og born med særskilde behov i 5. – 7. klasse. Innhaldet skal pregast av barnet sitt behov for leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Innhaldet i ordninga er elles i samsvar med opplæringslova.

Opningstid

  • Kl. 06.45 – 16.00 kvardagar
  • SFO er stengt jule- og nyttårsafta og planleggingsdagar
  • Onsdag før påske stenger SFO kl. 12.00

 

Organisering og leiing

Skulerektoren har det overordna pedagogiske og administrative ansvar for SFO. Dei tilsette sørger for den daglege drifta. For tida er det fire tilsette (4 barne- og ungdomsarbeidarar), fordelt på 2,8 årsverk. Dette skuleåret er det påmeldt 16 barn i SFO, i tillegg blir det gitte tilbod om vente-SFO for elevar som har skuleskyss.

 

Barn som sitter i ring og har undervisning ute. Foto.

Kontakt oss

SFO - Tyssedal barneskole

Tlf tid: 06:45 - 08:15 og 13:05 - 16:00

97 55 84 56

Tyssedal barneskole

Langåkervegen 3

5770 Tyssedal

53 65 49 80

ullensvangskulen.no

– er ei skulefritidsordning der barna blir gitte moglegheit til å utvikla ein basiskompetanse gjennom leik og læring i eit sosialt samspill med barn og vaksne. Ei god skulefritidsordning gir barna fridom med moglegheit sjølv til å kunna styra sin eigen kvardag innanfor grenser dei kan meistra i forhold til alder og utvikling. Den gode skulefritidsordninga har ikkje eit program som er fasttømret, men er fleksibel i bruken sin av planane og opnar for leik, vennskap, gode opplevingar, humor og glede!

Skulen har VFS (Visma FLYT Skole) som også skal nyttast til meldingar om fråvær/hentetid for barn med SFO-plass. Dette skal gjerast i det som kallast SFO nærvær – heimane får eigen ranselspost om dette like etter skulestart.

 

Foreldrene må hugsa å gi beskjed dersom:

  • barnet er sjukt (er melding gitt til skulen, treng ein ikkje gi ekstra beskjed til SFO)
  • skal gå rett heim etter skulen
  • skal bli med venner heim frå SFO
  • skal gå heim til anna avtalt tid

I haust-, jule-, vinter-, påske- og sommarferien samarbeider vi ofte med barnehagen. Dersom de får beskjed om henting/levering i barnehagen i skuleferiar, og har behov for telefonisk kontakt gjennom dagane, kan de ringa avdelingstelefonane til barnehagen:

  • Karius: 975 58 487
  • Baktus: 975 58 497

 

Elles må de alltid melda frå om dersom barnet ditt som er påmeldt i skuleferiar, likevel skal ha fri ein eller fleire dagar.

Det er kjedeleg dersom vi ikkje får beskjed, og går og ventar på barn (utset t.d. turar/aktivitetar) som ikkje dukkar opp.

I SFO-tida vil vi bruka mykje av aktivitetstida inne og ute. Det medfører at barna fort kan bli skitne og våte. Det er derfor viktig at alle barna har byteklede. Desse blir tatte vare på i merka korger i skapet på gangen eller utanfor klasserommet.

Hugs å merka klede og sko! Klede som ikkje er merkte vil bli kasta eller levert Fretex etter endt skuleår.

Barna får 3 knaggar til disposisjon. Her skal det henga skulesekk og ytterklær. I tillegg har dei ein knagg der regnklede og vinterklede skal henga.

Bytekleda må sjekkast med jamne mellomrom. Kjem det skitne eller våte klede heim, må det komma nye klede dagen etter.

 

HUGS:

  • å merka klede og sko
  • at bytekle må sjekkast med jamne mellomrom
  • at barna må ha innesko til bruk på SFO/skule

For dei som skal eta frukost på SFO, må dei vera komne før kl. 07:45.

På sein-SFO et vi frå kl. 13:30. Dei barna som skal eta, kan ta med seg knekkebrød og ein påleggssort som blir ståande på SFO.

Fredagskos har vi annankvar fredag. Det kostar 40,- kroner i månaden, og kjem direkte på rekninga. Vi vil laga frukt- og/eller grønnsaksfat, og kanskje ei suppe e.l. i ny og ne. Vi håper at barna set stor pris på dette!

Artikler