Røldal skule
Røldal skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule i Ullensvang kommune. Skulen ligg i sentrum av fjellbygda Røldal, 42 km frå kommunesenteret Odda.
Pedagogisk plattform:
- Kunnskap, dugleik, tryggleik og trivsel
Hovudmål:
- Røldal skule, ein skule for alle
Kontakt oss
- Kontaktperson: Åse M. Rabbe
Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
§ 10-5. Organiseringa av skoledemokratiet
Kvar grunnskole og vidaregåande skole skal ha eit elevråd som er valt av elevane ved skolen. Elevane kan velje å organisere seg på ein annan måte. Kvar grunnskole skal ha eit arbeidsutval som er valt av foreldra på skolen. Foreldra kan velje å organisere seg på andre måtar. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at det blir fastsett kva for andre brukarorgan skolane skal ha.
Elevane og foreldra skal vere representerte i organ ved grunnskolar, og elevane skal vere representerte i organ ved vidaregåande skolar. Representantar for elevane i den vidaregåande opplæringa har møte- og talerett i fylkeskommunale nemnder på same måten som dei tilsette har etter kommuneloven § 13-4.
- Leiar: Gunhild Øvregård
- Referat frå møte
Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
Skolen skal sørgje for at elevane og foreldra får vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til skolen, mellom anna arbeidet med skolemiljøet, kvalitetsutvikling i opplæringa og fastsetjinga av skolereglar. Elevane skal ikkje delta i behandlinga av saker som er omfatta av lovfesta teieplikt.
Skolen skal leggje til rette for at alle elevane skal kunne ytre seg, og oppmuntre dei til å delta i skoledemokratiet. Skolen skal også hjelpe elevane i arbeidet med skoledemokratiet.