SFO – Røldal skule

SFO er eit frivillig omsorgs- og aktivitetstilbod. Tilbodet gjeld born i 1. – 4. klasse og born med særskilde behov i 5. – 7. klasse. Innhaldet skal pregast av barnet sitt behov for leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Innhaldet i ordninga er elles i samsvar med opplæringslova.

Opningstid

  • Morgontilbod kl. 06:45 – 08:15 kvardagar
  • Måndag: kl. 14:00 – 16:00
  • Tysdag: kl. 11:35 – 16:00
  • Onsdag: kl. 14:00 – 16:00
  • Torsdag: kl. 11:35 – 16:00
  • Fredag: kl. 14:00 – 16:00

 

  • SFO er stengt jule- og nyttårsafta og planleggingsdagar
  • Onsdag før påske stenger SFO kl. 12.00

SFO er open alle skuleferiar (utanom fellesferien – fire veker i juli) om det er behov. Me sender ut lappar i forkant.

 

Barn som sitter i ring og har undervisning ute. Foto.

Kontakt oss

SFO - Røldal skule

Ansvarleg SFO: Vigdis Hagen

97 55 85 67

Røldal skule

Seimsvegen 1

5760 Røldal

53 65 48 80

ullensvangskulen.no

Me er ute kvar dag, og kan bli både skitne og våte.

Det er derfor viktig at borna har byteklede tilgjengelege i garderoben på SFO

Ta med kle som passar til veret den dagen. Det er ikkje kjekt å gå våt eller kald, verken på tur eller i leik på skuleplassen.

Borna kan få oppbevara pålegg og knekkebrød på SFO om dei ikkje har ekstra niste.

Frukost – borna kan ete frukost på SFO. Ta med ekstra niste eller så kan borna eta knekkebrøda dei har på SFO.

Dei fleste byrjar å bli svoltne att på ettermiddagen, så me set oss ned og et etter skuletid.