Dronningstien

Kinsarvik – Ulike kurs til hausten i regi av RPH-Rask psykisk helse

Rask psykisk helsehjelp (RPH) er ein del av Rus og psykisk helseteneste, og er eit tilbod til personar over 18 år, busett i kommunen. RPH planlegg no ulike kurs i Kinsarvik med oppstart til hausten.

KiB - Kurs i mestring av belastningar

Me planlegg oppstart av KiB – Kurs i mestring av belastningar i Kinsarvik til hausten. Kurset er utarbeidd for vaksne som har behov for, og ynskjer å betra si evne til å meistra belastning knytt til arbeidstilhøve eller privatliv.

  • Stad: Kommunehuset i Kinsarvik
  • Tidspunkt: kl. 12.== – 14.30
  • Dato:
    • 5. september
    • 12. september
    • 19. september
    • 26. september
    • 3. oktober
    • 17. oktober
    • 24. oktober
  • Påmeldingsfrist: 22. august – 24 (via e-post)

 

Søvnkurs

Å delta på søvnkurs kan passa for personar som har vanskar med å få sove, som ofte vaknar for tidleg, eller har hyppige oppvakningar i løpet av natta.

Kurs inneheld undervisning og rettleiing, og det er plass til inntil åtte deltakarar. Behandlinga går over seks samlingar. Metodikken som vert nytta er basert på kognitiv åtferdsterapi, og det vert lagt opp til at kvar enkelt jobbar med innhaldet sjølv mellom samlingane. Metoden kan opplevast krevjande fordi ein i ein oppstartsfase vil bruka mindre tid i senga

Les meir om Søvnkurset her på nettsida vår.

  • Tidspunkt: 09:00 – 11:00
  • Stad: Kommunehuset i Kinsarvik
  • Datoar:
    • 27. august
    • 3. september
    • 10.september
    • 17. september
    • 24. september
    • 1. oktober
  • Påmeldingsfrist: 18. august (Påmelding via e-post: send berre namn og telefonnummer)

 

Påmelding eller spørsmål:

Rask psykisk helsehjelp

Tlf. tid | kvardagar| kl. 09-14

rask.psykisk.helsehjelp@ullensvang.kommune.no

47 75 56 48

Artikler