Kultur og levekår

Offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for Eidesbrotet 14

Med dette varslast det om offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for Eidesbrotet 14, PlanlD 46182024002.

Utval for samfunn, plan og næring har i møte 21.08.2024 fatta følgjande vedtak i sak 24/454:

I med hald av plan- og bygningslova § 12 – 10 vedtek Utval for samfunn, plan og næring at Detaljreguleringsplan for Eidesbrotet 14, planlD 46182024002 vert lagt ut på offentleg ettersyn i minimum seks veker.

Planen vert lagt på offentleg ettersyn i seks veker. I perioden planen er på offentleg ettersyn ber Ullensvang kommune om innspel/ merknader til planen.

Det gjerast merksam på at det er utarbeidd ei innleiande skredfareutgreiing til 1. gangs handsaming. Ei fullverdig utgreiing er under arbeid og vert ferdigstilt før utlegging av planen til godkjenning. Den innleiande utgreiinga syner at området ikkje er omfatta av skred, og med stor avstand til rasfarleg område. Planområdet har difor lite sannsyn for å verte omfatta av faresone skred i bratt terreng. Før planen kan godkjennast må den fullstendige skredfarerapporten vere ferdig utarbeidd og godkjend gjennom uavhengig kvalitetssikring (UKS). Eventuelle tiltak og faresoner frå rapporten må innarbeidast i plankart og føresegner.

Frist for å komme med innspel er sett til 30.10.2024.

 

Innspel per post eller e-post skal merkast med "Merknad detaljreguleringsplan for Eidesbrotet 14, PlanID 46182024002"

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no