Haust frå Dronningstien, Foto_ Sigrid D. Dagestad

Ulike kurs i Odda til hausten i regi av RPH-Rask psykisk helse

Rask psykisk helsehjelp (RPH) er ein del av Rus og psykisk helseteneste, og er eit tilbod til personar over 18 år, busett i kommunen.

RPH planlegg no ulike kurs med oppstart til hausten.

Kursa er populære så meld deg på allereie no 🙂 Påmelding via e-post: Send namn og telefonnummer til oss.

Samlingsbasert kurs som har fokus på læring av verktøy og fysisk aktivitet for å handtera at du er nedstemt og har depressive plager.

Kurset er eit samarbeid mellom Frisklivssentralen og Rask psykisk helsehjelp. Kurset er over 8 samlingar med to timar undervisning etterfølgd av ein time fysisk aktivitet. Undervisninga er basert på kognitiv åtferdsterapi/fysisk aktivitet og følgjer same innhaldet som kurs i depresjonsmeistring. Undervisninga er ei blanding av teori, fysisk aktivitet, heimearbeid og reflekterande oppgåver.

Meir informasjon om kurset finn du i artikkel  her om Meistring og fysisk aktivitet.

  • Stad: Odda Helsehus
  • Tid: 09.00 – 12.00
  • Kursdatoar:
    • 23. oktober
    • 30. oktober
    • 6. november
    • 13. november
    • 20. november
    • 27. november
    • 4. desember
    • 11. desember
  • Frist for påmelding: 9. september (send namn og tlf nr til ↓)

Å delta på søvnkurs kan passa for personar som har vanskar med å få sove, som ofte vaknar for tidleg, eller har hyppige oppvakningar i løpet av natta.

Kurs inneheld undervisning og rettleiing, og det er plass til inntil åtte deltakarar. Behandlinga går over seks samlingar. Metodikken som vert nytta er basert på kognitiv åtferdsterapi, og det vert lagt opp til at kvar enkelt jobbar med innhaldet sjølv mellom samlingane. Metoden kan opplevast krevjande fordi ein i ein oppstartsfase vil bruka mindre tid i senga

Les meir om Søvnkurset her på nettsida vår.

  • Tidspunkt: 12:00 – 14:00
  • Stad: Moen 7, Odda
  • Datoar:
    • 24. oktober
    • 31. oktober
    • 7. november
    • 14. november
    • 21. november
    • 28. november
  • Påmeldingsfrist: 9. september (via e-post)

Dette er eit kurs basert på forståing av samanhengen mellom
belastning, meistring og stress. Merksemda er retta mot å kartlegga eigne belastningar, og eigen meistrings- og tankestil. Du lærer metodar og teknikkar som kan nyttast for å betre meistring av belastning knytt til både arbeids- og privatliv.

Kurset går over 7 veker med ei samling i veka, og 1-2 oppfylgingssamtalar. Kvar samling varer i 2,5 time inkludert pausar. Kurs er gratis for innbyggarar i kommunen.

  • Tidspunkt: 08:30 – 11:00
  • Stad: Moen 7, Odda
  • Dato:
    • 24. oktober
    • 31. oktober
    • 7. november
    • 14. november
    • 21. november
    • 28. november
    • 5. desember
    • 12. desember
  • Påmeldingsfrist: 9. september (via e-post)

 

Påmelding eller spørsmål:

Rask psykisk helsehjelp

Tlf. tid | kvardagar| kl. 09-14

rask.psykisk.helsehjelp@ullensvang.kommune.no

47 75 56 48

Artikler