Haust

Meistring og fysisk aktivitet – om ein er nedstemt og har depressive plager

Samlingsbasert kurs som har fokus på læring av verktøy og fysisk aktivitet for å handtera at du er nedstemt og har depressive plager.

Kurset er eit samarbeid mellom Frisklivssentralen og Rask psykisk helsehjelp. Kurset er over 8 samlingar med to timar undervisning etterfølgd av ein time fysisk aktivitet. Undervisninga er basert på kognitiv åtferdsterapi/fysisk aktivitet og følgjer same innhaldet som kurs i depresjonsmeistring. Undervisninga er ei blanding av teori, fysisk aktivitet, heimearbeid og reflekterande oppgåver.

 

Fysisk aktivitet

God mental helse og fysisk aktivitet går hand i hand. Pulsauke gjennom fysisk aktivitet er ein sterk bidragsytar til å redusera mellom anna depressive symptom. Dette skjer gjennom ulike fysiologiske prosessar i kroppen som skjer når me er i aktivitet. Mellom anna utløyser kroppen endorfiner, kroppen sitt eige lukkehormon, som gjer at me kjenner glede og velvære. I tillegg bidreg dette hormonet til å redusera smerte.

Fysisk aktivitet kan for mange vera ubehageleg då det framkallar dei same symptoma som f.eks. ved panikkangst. Pulsen stig, hjarta slår raskare, ein vert varm og byrjar å sveitta og ein kan få opplevinga av å ikkje få tilstrekkeleg med pust. Likevel ser ein at det å skapa desse reaksjonane gjennom jamleg fysisk aktivitet, bidreg til at du meistrar situasjonane betre når symptoma kjem i andre situasjonar. I tillegg vil det redusera frykta for at symptoma skal oppstå.

For å få best mogleg effekt så handlar det om eit dose-responsforhold. Dess høgare intensitet og regelmessigheit, dess betre effekt. På slutten av kvar kursdag kjem me til å ha ei trening leia av fysioterapeut. Denne treninga vil bli individuelt tilpassa slik at ho passar for alle uansett fysisk form.

Gjennom kurset vil me testa ut ulike treningsformer for å finna inspirasjon til kva du liker. I tillegg ynskjer me at du får kjenna korleis kroppen toler ulike intensitetar og treningsformer. Men aller helst ynskjer me at du kjenner velvære og meistringskjensle, og vonleg framgang i fysisk form slik at du er motivert for vidare trening. Kanskje møter du også ein ny treningskamerat?

Kurset passar for personar som er plaga med lettare former av å vera nedstemd og deprimert , eller tidlegare har vore plaga med å vera nedstemd og ha depresjon. For å delta vert det føresett at ein har eit tilnærma normalt funksjonsnivå.

Det blir ikkje stilt krav til aktiv deltaking i undervisning. Om ein ønskjer å koma med døme eller dela ei erfaring, så er det veldig fint og me prøver å gjera tema så generelle som mogleg, slik at alle kan få utbytte av det som blir drøfta. Me håpar at alle deltek i delen med fysisk aktivitet då det blir rekna som veldig positivt og helsefremjande, spesielt i forhold til nedstemthet og depressive plager.

Kursmateriell er gratis og undervisning/trening blir halden på Odda Helsehus.
Aktuelle deltakarar vil bli kalla inn til ein samtale i forkant av kurset.

Kursleiarar er Sindre Kvebæk og Kamilla Lauritzen.

Praktisk info

  • Stad: Odda Helsehus
  • Tid: 09.00 – 12.00
  • Kursdatoar:
    • 17. januar
    • 24. januar
    • 31. januar
    • 07. februar
    • 14. februar
    • 21. februar
    • 06. mars
    • 13. mars
  • Frist for påmelding: Fredag 5. januar 2024 (send namn og tlf nr til ↓)

 

 

Påmelding eller spørsmål:

Rask psykisk helsehjelp

Tlf. tid | kvardagar| kl. 09-14

rask.psykisk.helsehjelp@ullensvang.kommune.no

47 75 56 48