Hovland 2018 - Foto_ Sigrid Dagestad

VA-norm Hardanger og Sunnhordland

11 kommunar har gått saman om å utarbeide felles kommunalteknisk VA norm. Arbeidet har skjedd i regi av DIHVA IKS/VANNVEST as.

VA norma representerer førehandgodkjente løysingar på korleis dei kommunaltekniske anlegga skal utformast. Det blir i stor grad vist til NORSK VANN/Norsk Rørsenter sine VA miljøblad for detaljutforming av ulike anleggsdelar.

Bruk av alternative løysingar/materiale er ikkje forbode, men i slike tilfelle skal desse godkjennast særskilt av VA ansvarleg i kommunen.

Lokale reglar (det som står i dei røde boksane i hovuddokument) er alltid overordna andre/sentrale reglar (det som ikkje står dei rød boksane i hovuddokument) i den grad det er motstrid mellom desse.

VA norma er basert på NORSK VANN sin mal og heile norma kan lastast ned frå nettsida www.va-norm.no