Person som signerer dokument på eit bord

Slik søkjer du

Skal du i gang med eit tiltak på eigedomen din? Her får du informasjon om byggjesaksprosessen og kva informasjon som må vera med i søknaden.

eByggjesøk - digital løysing for byggjesøknaden din

eByggesøk er ein digital rettleiar og søknadssløsning som hjelper deg som innbyggjar å finna ut om du må søkja om løyve til kommunen med prosjektet ditt, og om du kan fylla ut og senda søknaden sjølv.

I tillegg hjelper eByggesøk deg med både utfylling og innsending av den digitale byggesøknaden – frå nabovarsel til ferdigattest. Det vil bli raskare behandlingstid, mindre feilretting, dei tilsette i kommunen sparer mykje ressursar i saksbehandling og søknaden er komplett når han blir levert.

eByggesøk er tilgjengeleg heile døgnet, og tenesta er kostnadsfri å nytte for privatpersonar i Ullensvang kommune.

Ikkje digitalt

Søknadsprossen kan fort virka uoversiktleg, men desse åtte stega hjelper deg på vegen frå idè til ferdig søknad

Teikningar

Me treng målsette teikningar av tiltaket for alle plan, snitt og etasjar.

  • For bygningar: Mål på alle sider, både i høgda og i lengda/breidda. Måla skal vera frå ytterveggane, og du må oppgje kor tjukk vegg er. Teikningar av fasade skal ha påført takvinkel og kotehøgd.
  • For vegar: Høgde-, lengde- og breiddeprofilar. Skjeringar og fyllingar skal vera med. Avkøyringar skal vera med der det er aktuelt.

 

Situasjonsplan

Situasjonsplan må leggjast ved byggjesøknaden. Dersom tiltaket det er søkt om medfører ei endring, må det gå tydeleg fram av situasjonsplanen korleis situasjon er før endringa, kva endringa inneber, og korleis situasjon vert etter endringa.

Du kan bestilla situasjonplan hjå kommunen, eller du kan skriva ut situasjonplan frå kartløysinga til kommunen.

 

Søknad om sanitærabonnement – link til skjema kjem

Tilnærma alle reguleringsplanar i Ullensvang kommune krev at nye bygg for varig opphald skal vera tilkopla offentleg godkjent vass- og avløpsanlegg. Søknad om sanitærabonnement må du senda dersom du søkjer om:

  • Oppføring av eit bygg som i fylgje reguleringsplanen skal knytast til offentleg godkjent VA-anlegg
  • Oppføring av tilbygg som fører til at eksisterande bygg må koplast til VA-anlegg
  • Å leggja VA-leidningar til eit eksisterande bygg som ikkje har innlagt vatn

Søknad om sanitærabonnement skal sendast som eige skjema (ikkje leggjast ved byggjesøknad) til postmottak@ullensvangkommune.no

 

Erklæring om ansvarsrett

 

Gjennomføringsplan

Der det er behov for erklæring om ansvarsrett, må det også leggjast fram ein gjennomføringsplan for tiltaket

Utgangspunktet og hovudregelen er at byggjetiltak skal vera i samsvar med plan- og bygningslova, forskrifter og gjeldande planar. I visse høve kan det vera naudsynt å søkja om dispensasjon, dersom tiltaket likevel ikkje vil vera i samsvar med gjeldande reglar.

Les meir om dispensasjon her.

Vent 14 dagar for eventuelle nabomerknadar, og send byggjesøknaden med relevante vedlegg til: postmottak@ullensvang.kommune.no

Eller per brev: Ullensvang kommune, Opheimsgata 31, 5750 Odda

Dersom det er behov for å ettersenda dokumentasjon skal dette sendast til same e-post/postadresse.

Som regel er fristen tre veker for tiltak som er i samsvar med regelverket. For meir omfattande saker er fristen 12 veker.

Tidsfristen er å rekna frå det tidspunktet fullstendig søknad er motteken av kommunen.

Om det er manglande informasjon i søknaden, eller naudsynt med tilleggsinformasjon, vert handsamingstida stoppa inntil saka er komplett.

Ta kontakt med oss om du treng hjelp til byggjesøknaden.