3Paragraf symbol liggande med lite modellhus oppå

Rettleiing til søkjar, søknad om dispensasjon

Ynskjer du å byggja, riva eller endra noko som er i strid med lov, forskrift, kommuneplan eller reguleringsplan for eigedomen, må du søkja om dispensasjon, jf. kapittel 19 i pbl.

Kva er ein dispensasjon?

Dispensasjon er eit særskild løyve som kan verte gjeve på bakgrunn av ein skriftleg søknad, om varig eller midlertidig å kunne fråvike føresegner i plan- og bygningslova, kommuneplanar eller reguleringsplanar. Viss eit tiltak ikkje er i samsvar med plan eller lovverk, kan du søkja om dispensasjon.

Korleis kan ein søkje om dispensasjon?

Når du ynskjer å gjennomføre eit tiltak i strid med plan- og bygningslova/planar, må du søkja om dispensasjon. Søknad med grunngjeving må skrivast på eige ark og leggjast ved saka. Du må i tillegg merka tydleg på nabovarselet og gjenparten av nabovarselet at det vert søkt om dispensasjon. Me oppmodar sterkt til at du tek kontakt med kommunen og ber om ein førehandskonferanse før du sender inn søknad om dispensasjon. Etter at kommunen har gått gjennom søknaden sender me han på høyring til aktuelle offentlege mynde, som til dømes statsforvaltaren, fylkeskommunen, vegvesenet, NVE med fleire.

 

Når kan det gjevast dispensasjon?

Dispensasjon kan berre gjevast når det føreligg grunngjeven søknad. Søknaden vert handsama etter plan- og bygningslova kapittel 19. Det er kommunen som avgjer om det kan gjevast dispensasjon for tiltaket det vert søkt om. For at kommunen kan velja å gje dispensasjon må føremonene med å gje dispensasjon vere klart større enn ulempene, dette etter ei samla vurdering. I denne vurderinga skal det ikkje leggjast vekt på personlege interesser, men på fordelar og ulemper i eit samfunnsperspektiv. Omsynet bak regelen det er søkt dispensasjon frå, skal heller ikkje bli vesentleg sett til side. 

 

Nokre døme på situasjonar som krev søknad om dispensasjon:

  • Byggje meir/tettare enn gitt utnyttingsgrad i reguleringsplan/kommuneplan
  • Ynskjer å fråvike krav om bygningsutforming der dette går fram av føresegner
  • Ynskjer å fråvike krav om reguleringsplan der dette går fram av føresegner til kommuneplan eller pbl § 12-1
  • Ynskjer å fråvike arealføremålet i plan
  • Byggje utanfor angitte byggjegrenser
  • Byggje innanfor 100- metersbeltet til sjø der det ikkje er sett anna grense, pbl 1-8
  • Byggje nærare veg enn synt i byggjegrense eller etter veglova, jf. veglova § 29 (ny digital løysing hos Statens vegvesen)

 

Krav til dokumentasjon:

  • Kart som syner gjeldande plansituasjon for området. Kart finn de på kommunekart.com. Legg ved fotografi av nyare dato.
  • Tiltaket skal skildrast tydeleg, med plassering, mål og storleik. Det skal leggjast ved kart av situasjonsplan og terrengsnitt. Informasjon om veg og VA, eventuelle løyve frå Statens vegvesen/ Vestland fylkeskommune skal og leggjast ved. Dersom det er tinglyste vegrettar skal dette og leggjast ved.
  • Dersom området ligg i faresone for skred eller flaum skal det leggjast ved rapport frå fagkunnig på dette.
  • Det skal leggjast ved ei skildring av korleis omsøkt areal vert etter at tiltaket er utført.
  • Dispensasjonssøknaden skal vere skriftleg og grunngjeven. Personlege og økonomiske grunnar styrer ikkje arealbruk og arealdisposisjonar.
  • Søkjar skal leggje ved opplsyningar om namn, bustadadresse, e-post og telefonnummer.
  • Søkjar må sende ut nabovarsel. Naboliste vert utsendt av sakshandsamar i kommunen. Nabovarsel finn de på dibk.no 

 

Handsaming av dispensasjon:

Søknad må sendast til postmottak@ullensvang.kommune.no. Sakshandsamingstid på dispensasjonssaker er 12 veker. Søknaden skal og sendast på høyring til offentleg mynde. Høyringstida kjem i tillegg til dei 12 vekene. I spesielle tilfelle kan søknaden verte handsama politisk i utval for samfunn, plan og næring.