Pårørandeskule for pårørande til personar med demens

15. september startar vi opp att med pårørandeskole; Kurs og temabaserte gruppesamtaler for pårørande til personar med demens. 

Kva er ein pårørandeskole?

Pårørandeskole er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom.

Gjennom faglege forelesarar, plenums-og gruppesamtalar, får du kunnskap om demens. Kva følgjer kan sjukdommen ha for personen som vert råka, deg som pårørande og dine omgjevnader?

Målsetting

  • Gje pårørande auka kunnskap om demenssjukdommar.
  • Auka forståing for kommunisering og samhandling.
  • Betra kvaliteten på samværet med personen med demens.
  • Hjelpa pårørande å få betre kjennskap til rettar og aktuelle lover. Korleis få kontakt med hjelpeapparatet? Kven kan hjelpe?
  • Tilby støtte gjennom å møta andre pårørande i same situasjon.

Praktisk informasjon

  • Når: 15.09, 22.09, 29.09 og 06.10
  • Tid: kl. 18.00 - 21.00
  • Stad: Eide helsetun
  • Kursavgift: Gratis
  • Påmelding: Skjema nede på sida. Eller ring/send ei melding (sjå kontaktinfo nedst på sida)
  • Mat/drikke: Enkel bevertning*

*Har nokon matallergiar så gi oss gjerne beskjed om dette i forkant (cøliaki, diabets ol.) 

På pårørandeskulen vektlegg vi openheit i trygge omgivnadar. Fortrulege opplysningar som kjem fram, skal forbli mellom deltakarane.

Ta kontakt om du har behov for avlastning for å kunne delta på kurset. Eller om du manglar skyss - då skal vi gjera vårt beste for å koordinera samkøyring

Les brosjyren vår her (PDF, 1018 kB)

Påmelding

Du kan også melda deg på ved å ringa eller senda melding til:

Demenskoordinator i kommunen - Hannelore Schweitzer
Telefon: 90 36 17 45
E-post: hannelore.schweitzer@ullensvang.kommune.no

Ullensvang demensforeining - Liv With
Telefon: 95 24 60 71
E-post: liv.with@gmail.com

Ullensvang demensforeining - Dagfrid Nilsen
Telefon: 48 11 25 20
E-post: dagfridnilsen@gmail.com