Kommunen lyser ut tilskot til frivillige tiltak som bidreg til inkludering, deltaking og tilhøyrsle for flyktningar og einslege mindreårige. Det er sett av kr. 100 000,- til ordninga.
Vi ønskjer å få fleire inn i dei gode fellesskapa som allereie finst i kommunen – og å støtte frivillige lag og organisasjonar som har gode idear til korleis vi kan få det til.
Kven kan søkje?
Frivillige lag og organisasjonar som har aktivitet i kommunen kan søkje. Det er ikkje nødvendig å drive med integreringsarbeid frå før. Det viktigaste er at tiltaket gir flyktningar og/eller einslege mindreårige moglegheit til å delta, møte andre og bli ein del av fellesskapet.
Kva kan de få støtte til?
De kan søkje støtte til både nye og eksisterande aktivitetar. Det kan til dømes vere idrett, friluftsliv, kultur, musikk, kreative aktivitetar, sosiale møteplassar, aktivitetar for barn, ungdom og familiar eller språktrening gjennom aktivitet og fellesskap. Vi er opne for gode idear.
Kva prioriterer vi?
Vi ønskjer særleg tiltak som får målgruppa aktivt med, skaper møte mellom menneske, byggjer nettverk og tilhøyrsle, har låg terskel for deltaking og kan føre til vidare deltaking i laget, organisasjonen eller lokalmiljøet.
Kor mykje kan de søkje om?
Det er sett av totalt 100 000 kroner. Det er ikkje sett ei øvre beløpsgrense for den enkelte søknaden. Kommunen vurderer søknadene samla og kan innvilge heile eller delar av beløpet det blir søkt om.
Søknadsskjema
- Søknadsfrist: 1. oktober 2026
Digitalt søknadsskjema finn de her
Spørsmål eller ein idé de vil diskutere?
Ta gjerne kontakt med Verksemd for inkludering dersom de har ein idé, men er usikre på om tiltaket passar inn i ordninga.
Verksemd for inkludering (flyktningtenesta)
Telefontid: kl. 09.00 - 14.30
Vi ønskjer at det skal vere enkelt å søkje - også for små lag og organisasjonar. Har de ein god idé? Vi vil gjerne høyre om den.