Skare barnehage
Opningstid
- kl. 06.45 – 16.00
Skare barnehage er opptekne av å nytta bygda vår som ein del av barnehagtilbodet. Barnehagen har mange faste turplassar og område som vi brukar til leik, læring og kunnskapbygging om bygda og naturen vår. Vi samarbeidar godt med skulen i ulike samanhengar og prøver å synliggjera oss på ulike arenaer i bygda.
Om barnehagen
Skare barnehage er ein to-avdelings barnehage med plass til i utgangspunktet 27 barn, men vi har areal til utvida barnegrupper på begge avdelingane dersom det er behov for dette. I januar\februar 2020 flyttar vi inn i nytt bygg. Vi er stolte av å ha eit flott og funksjonelt barnehagebygg, som har mange gode pedagogiske grunntankar bak utforminga og materialval.
Vi ser kor viktig det er for dei yngste borna å ha ei lita trygg gruppe som dei veks sakte, men sikkert ut av og inn i den store gruppa. Begge avdelingar har tilpassa tilbodet til barnegruppa etter interesser, alder og modning.

Kontakt oss

Skare barnehage
Reinsnosvegen
5763 Skare
53 65 42 40

Skare barnehage arbeidar med barns medverknad og sosial kompetanse gjennom ulike prosjektarbeid gjennom året. Prosjekta vi har kjem frå innspel og interesser vi observerar i barnegruppa. Skare barnehage har også fokus på bærekraftig utvikling, og det å nytta naturen som ressurs på ulike måtar. Vi reflekterar mykje saman med borna om små og store ting i livet- dette for å la borna få ytra seg, vi lyttar og saman lærer vi kvarandre å kjenna på ei likeverdig måte, vi visa borna at vi tek dei på alvor og at deira tankar om ulike store og små ting i livet har ein verdi for oss.
MHS er også noko som er viktig for oss å ha fokus på.
Skare barnehage arbeidar kvar dag med:
- Tidleg innsats
- Sosial kompetanse
- Implementering og organisasjonsutvikling
Skare barnehage arbeidar dagleg med tidleg insats ved observasjonar og igongsetjing av tiltak som ein set i verk etter samarbeid med føresette og andre etatar som PPT, logoped, helsestasjon, kommunepsykolog og andre relevente samarbeidspartar. Tidleg innsats favnar heile barnet og alle dets utviklingsområder.Til grunn for arbeid med tidleg innsats legg vi til grunn godt samarbeid med føresette.
For at borna skal ha forutsetningar for god utvikling av heile “seg” må det liggja gode sosiale relasjonar og god sosial kompetanse i grunn. Difor arbeidar vi kontinuerlig med dette på individnivå og gruppenivå.
Skare barnehage er oppteken av å væra i utvikling og arbeidar heile tida med organisasjonsutvikling ved å nytta møter og planleggjingsdagar til tema som er aktuelt for personalgruppa å ta fatt i, slik at barna og personalet opplev mestring og ivaretaking i kvardagen.
- Leiar: Karine A. Djønne
Lov om barnehager (barnehageloven)
§4.Foreldreråd og samarbeidsutvalg
For å sikre samarbeidet med barnas hjem, skal hver barnehage ha et foreldreråd og et samarbeidsutvalg.
Foreldrerådet består av foreldrene/de foresatte til alle barna og skal fremme deres fellesinteresser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppen skaper et godt barnehagemiljø. Er det i forskrift etter § 15 satt maksimalgrense for foreldrebetaling, kan bare foreldrerådet samtykke i foreldrebetaling ut over dette.
Samarbeidsutvalget skal være et rådgivende, kontaktskapende og samordnende organ. Samarbeidsutvalget består av foreldre/foresatte og ansatte i barnehagen, slik at hver gruppe er likt representert. Barnehagens eier kan delta etter eget ønske, men ikke med flere representanter enn hver av de andre gruppene.
Barnehageeieren skal sørge for at saker av viktighet forelegges foreldrerådet og samarbeidsutvalget.