Skare barnehage – Pedagogisk årsplan 2023/2024Del 1 - Om Skare barnehage1.1 Historikk1.2 I dag1.3 Pedagogisk årsplan1.4 Ytre rammefaktorar1.6 Utviklingområde1.8 HMT (helse, miljø og tryggleik)Del 2 - Barnehagen sitt formål og innhald2.1 Omsorg2.2 Leik2.3 Rommet som tredje pedagog2.4 Danning2.5 Læring 2.6 Vennskap og fellesskap2.7 Kommunikasjon og språk2.8 Barn sin medverknadDel 3 - Barnehagens fagområder3.2 Kropp, rørsle, mat og helse3.3 Kunst, kultur og kreativitet3.4 Natur, miljø og teknologi3.5 Tal, rom og form3.6 Etikk, religion og filosofiDel 4 - Planlegging, vurdering og dokumentasjon4.1. Planlegging4.2 Vurdering4.3 Dokumentasjon4.4 Tilrettelegging av det allmennpedagogiske tilbodet for barn som trenger ekstra støtte4.5 Arbeidsmåtar4.6 Progresjon4.7 Digital praksisDel 5 - Samarbeid5.1 Samarbeid heim – barnehage5.3 Andre samarbeidspartnarar5.4 Overgangar

Skare barnehage – Pedagogisk årsplan 2023/2024

Del 1 – Om Skare barnehage

1.1 Historikk

Skare barnehage held til i Skare ca. 15 km frå Odda sentrum. Skare barnehage vart opna i 1984. Dei første 2 årene hadde barnehagen tilhaldsstad i matsalen på skulen, så vart den flytta til Skare gamle skule der vi heldt hus til januar 2020. Odda Kommune leigde lokale av Stiftelsen Skare Gamle Skule. Barnehagen har endra seg frå å ha ope nokre dagar i veka, til i dag å vere eit heildags tilbod for barn i alderen 0-6 år.

Januar/ februar 2020 flytta vi inn i ny barnehage, eit flott bygg som er bygd på gode pedagogiske grunntankar. Barnehagen er planlagt slik at rommet er den tredje pedagog.

 

1.2 I dag

Skare barnehage har eit brutto leikeareal på 116,5 m2 inne, noko som gjer rom for to avdelingar med 26 plassar. Med 13 barn er det i dag berre ein avdeling, men i praksis kjem vi til å nytta romma og barnehagen som to avdelingar.

Det er også areal for fortetting på begge avdelingane,det vil sei 24 born på 3-6 år (98m2) og 12 born på 0-3 år (68 m2).

Barnehagen i Skare er flinke til å nytta nærmiljøet, og nyttar gjerne naturen og uteområda i bygda i kverdagen.

Skare barnehage har dette året 4,2 årsverk i grunnbemanning. Dette er pga. mindre barnegrupper enn vi plar å ha. 3 faggrupper er representert; barnehagelærar, barne- og ungdomsarbeidar og assistent. Det er i dag mindre barnehagelærere enn det vi skal vera, men vi er godt bemannet, over det vi skal vera etter bemanningsnorma. Barnehagen sin styrarressurs utgjer 0,6 årsverk knytt til administrasjon. 2022/2023 samarbeidar avdelingane meir enn tidligare for at vi skal drifta forsvarleg gjennom heile dagen. Frå 6.45-8.30 og 13.30-16 er alle på Molte eller samarbeider ute.

 

1.3 Pedagogisk årsplan

Pedagogisk årsplan er:

  • Arbeidsredskap for personalet
  • Utgangspunkt for foreldra til å påverka innhaldet i barnehagen
  • Grunnlag for kommunen sitt tilsyn med barnehagen
  • Informasjon om barnehagens pedagogiske arbeid til eigar, politikarar og barnehagen sine samarbeidspartnarar

 

1.4 Ytre rammefaktorar

Skare barnehage har fylgjande grunnlagsdokument:

  • Lov om barnehage
  • Rammeplan for barnehagen, revidert 2017.
  • Kommunal plan for kvalitetssikring av lese- og skriveopplæringa i Odda kommune – ”Lese for livet”
  • Oppvekstplan ​2020 – 2025 – Ulike utgangspunkt, like sjansar

 

1.5 Visjon

«Ein magisk kvardag»

 

1.5.1 Felles verdigrunnlag for oppvekst i Ullensvang:

Ulike forutsetningar- like sjansar

 

1.5.2 Verdigrunnlag for Skare barnehage

Tryggleik er når barn og vaksne tør å vere seg sjølve og involvera seg i samspel med andre. Tryggleik er sentral for at barna skal oppleva ei positiv læring.

Engasjement kjem når det er noko ein ynskjer å vere ein del av som vekkjer eins interesse. Engasjement vert som regel styrka når ein får vere med å påverka det som skjer og ein opplever mestring. Dette er vesentleg for både vaksne og barn.

Likeverd handlar om å ha respekt for kvarandre sjølv om ein kan sjå ei sak på ulike måtar. Likeverd er å sjå kvarandre som kompetente.

Glede er positive og glade deltakarar. Godt humør og kjekke opplevingar som skapar entusiasme og motivasjon.

Verdisynet kjem til uttrykk ved at vaksenrolla er prega av kompetente vaksne som kan:

  • Skapa varme og tillit i relasjonen til kvart einskild barn
  • Være tydelige og omsorgsfulle vaksne
  • Stilla undrande/ opne spørsmål framfor å presentera ein fasit
  • Lytta til barna framfor å snakka
  • Visa nysgjerrigheit framfor å gje informasjon
  • Visa interesse for barns undring og korleis dei tenkjer framfor å overføra kunnskap
  • Sjå det unike og fantastiske i kvart einskild barn
  • Tidleg innsats

 

1.5.3 Pedagogisk ståstad/ forankring

Barnehagen er i dag underlagt Utdanningsdirektoratet og dermed starten på utdanningsløpet til barnet. Med rammeplanen som tredde i kraft 1. august 2017 har det skjedd ei tydeleg styrking i føringane frå Utdanningsdirektoratet basert på krav om kvalitet og kompetanse.

1.6 Utviklingområde

Skare barnehage skal begynna med eit kompetanseløft når det kjem til vald og seksuelle overgrep, dette gjelder barnehageåret 24/25. Det vil seia at Skare barnehage vil allereie no nytta nokre arbeidsmetoder som handlar om dette. Neste år 24/25 skal Skare barnehage vera ein del av eit prosjekt saman med barnevernet i Ullensvang og Kvinnherad som heite. “E de greitt”, og det er tre hovudmål for dette kompetanseløfte:

  • Sikre at alle barn og unge får kunnskap om vald og seksuelle overgrep.
  • Auke kompetansen til tilsette som arbeider med barn og unge.
  • Ha gode hjelpetiltak i saker der det er mistanke om/avdekka vald og seksuelle overgrep, med fokus på god gjenforening etter tilrettelagt avhør på statens barnehus.

I løpet av barnehageåret skal personalet også få ei oppfrisking på trygghetssirkelen.

Gjennom barnehageåret, og ein magisk kverdag, vil Skare barnehage komme innom denne tematikken, men i hovudsak er det desse utviklingsområda personalgruppa skal jobba med:

 

1.6.1 Barnehagemiljø – barnehagen sitt utviklingsområde

Utviklingsområde:

  1. Didaktisk og systmetisk pedagogisk arbeid
  2. Tidleg innsats – systematisk arbeid kjernekomponentane: førebygging, avdekking og handtering av mobbing og annan krenking
    • formelle og uformelle barnesamtalar, observasjon og kartlegging
    • analysera, tolka og bruka innsamla materiale for tiltak og planlegging av det pedagogiske innhaldet for enkeltbarn og barnegruppa
  3. Tidleg innsats – automatisert bruk av BTI modellen som grunnlag for arbeidet
  4. Samarbeid og tidleg involvering av barna sine føresette

Tiltak:

  1. Fagleg tema på alle personalmøter med oppfølging i gruppemøta. Ansvar: styrar og ped.leiarar
  2. Systematisk gjennomføring når det gjeld førebygging, avdekking og handtering av mobbing og annan krenking . Ansvar: pedagogiske leiarar
  3. Tiltaksplanar med fristar og ansvar, oppfølging og vurdering av tiltak. Ansvar: pedagogiske leiarar
  4. Tidleg innsats og samarbeid med andre faggrupper. Ansvar: Pedleiarar og styrar

 

1.6.2 Sosial kompetanse

Grep om begrepa som kan vere nyttige i personalet sin refleksjon over sosial kompetanse:

Sjølvkjensle:
å oppleva eigeverd, akseptera seg sjølv, kjenna seg akseptert, oppleva indre styrke og ha ei positiv haldning til seg sjølv

Empati:
å ha forståing for perspektiva, tankane og kjenslene til andre, kunna leva seg inn i andre sin situasjon, visa medkjensle og ta omsyn og kunna tolka og forstå kjensleuttrykk

Prososial åtferd:
å ha positive, sosiale haldningar og kunna utføra handlingar som oppmuntra, bry seg om, visa omsorg, hjelpe til og dela med andre

Sjølvhevding:
å kunna hevda seg sjølv og eigne meiningar på ein god måte, våga å stå imot gruppepress, ta initiativ og bli med på leik og samtalar som allereie er i gang, delta uoppfordra og invitera andre

Sjølvkontroll:
å kunne tilpasse seg ulike situasjonar, takla konfliktar og utsetja eigne behov og ønske i situasjonar som krev turtaking, kompromiss og felles avgjerder

(Barn sin trivsel – Vaksne sitt ansvar, Utdanningsdirektoratet 2012)

Gjennom dei ulike prosjekta Skare barnehage skal jobba med i barnehageåret 23/24, skal det vera fokus på sosial kompetanse, ved hjelp av ulike verktøy og metoder. Skare barnehage skal også ha fokus på den vaksne som rollemodell i alle situasjonar:

“Vaksne si bevisstheit om eigen væremåte er viktig for å være forbilder for barna. I kva grad personalet respekterer kverandre og barna, kjem til uttrykk i måten de forholder seg til og behandler kverandre på. Barn ser, høyrer og legger merke til meir enn vaksne av og til rekner med. Personalet må difor vera spesielt bevisst på kva dei seier, og hvordan dei snakker til kverandre og sammen når barn er i nærheten. Gode rollemodeller snakkar ikkje nedsettande til eller om andre, verken barn, foreldre eller kollegaer. Dei praktiserer empatisk væremåte.”

(Barn sin trivsel – Vaksne sitt ansvar, Utdanningsdirektoratet 2012)

Skare barnehage kjem til å jobba systematisk med trygghetssirkelen i barnehageåret 23/24.

 

1.7 Satsingsområde

I Skare barnehage er det nokre områder vi vil ha ekstra fokus på gjennom barnehageåret 23/24. I ein magisk kverdag skal vi ha fokus på desse satsingsområda:

  • Realfag
  • Nærmiljø og kultur
  • Språk

 

1.7.1 Realfag

Gjennom prosjektarbeid skal barna få undra, utforska og erfara ulike fenomener som finnes på jorda. Skare barnehage skal gjennom arbeid med realfag ha fokus på bærekraftig utvikling, naturvern og utnytting av naturressursar. Kvar avdeling eller gruppe vel ut prosjektarbeid ut frå barna sine interesser og innspel. Vi nyttar mange ulike områder i nærmiljøet til tur eller utedagar. På den måten vert vi kjend med mangfaldet i naturen rundt oss.

 

1.7.2 Nærmiljø og kultur

Skare barnehage er opptekne av å nytta bygda vår som ein del av barnehagtilbodet. Barnehagen har mange faste turplassar og område som vi brukar til leik, læring og kunnskapbygging om bygda vår. Vi samarbeidar godt med skulen i ulike samanhengar og prøver å synliggjera oss på ulike arenaer i bygda.
Skare barnehage har eit tett samarbeid med kyrkja, samtidig som vi skal verta kjend med mangfoldet som finnes i verda. Når heile verda ikkje kan komma til Skare barnehage, skal Skare barnehage komma ut i verda!

 

1.7.3 Språk

Tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av barnehageinnhaldet. Fokuset vårt vil ikkje vera på bokstavinnlæring, men på språkopplæring og språkutvikling. Erfaringar og opplevingar, samtalar og uttrykk er viktig for å utvikla eit godt språk, både verbalt og kroppsleg. I Skare barnehage skal dei vaksne ha fokus på å vera gode rollemoddellar, nytta alle formelle og uformelle situasjonar til å skapa utvikling. Gjennom blant anna sjølvsnakk, parallellsnakk, repetisjon, gjentaking og visualisering skal barnehagen ha fokus på dette kver dag.

 

1.8 HMT (helse, miljø og tryggleik)

Skare barnehage skal arbeida systematisk med å utvikla kvalitet innan HMT i verksemda. Det skal veljast ut eit hovudmål for barnehageåret. Målet vårt for dette året er å oppdatera våre rutinar etterkvart som vet er behov. Etter vi har flytta så er det mange ulike rutinar som er annleis og endra. Nytt for året er at ROS-analysen er klar, og ein beredskapsplan skal tilpassast barnehagen.

Ved litt alvorlige barneskader vil dette bli registrert på Waco, som er forsikringsmeglingen Ullensvang kommune nyttar.

 

Del 2 – Barnehagen sitt formål og innhald

2.1 Omsorg

Omsorg er ei føresetnad for at barna skal vere trygge og trivast i barnehagen. Når eit barn møter omsorg er det grunnlaget for utvikling av empati og nestekjærleik. Personale skal vera varme og autoritative vaksne som gjer barna høve til å utvikla tillit til seg sjølv og andre. Personale skal møta barnet med interesse og forståing ut frå kvar einskild sitt behov, i samarbeid med foreldre/føresette. Omsorg handlar om trygg tilknyting, at barna får dekka sine primære behov, kjenna seg trygge og har det bra i barnehagen. Barna skal anerkjennast når dei uttrykkjer omsorg i relasjon til andre.

Mål for omsorg:

  • Augekontakt med barnet
  • Forstå og respektera barnet
  • Visa interesse for barnet sin aktivitet og deira kjensler
  • Lydhør for barna sitt uttrykk
  • Imøtekoma barnas behov for omsorg med sensitivitet
  • Faste rutinar som skapar forutsigbarheit
  • Smila og visa glede i samspel mellom barn og vaksne
  • Verdsettja barna sine eigne omsorgshandlingar

 

2.2 Leik

Leiken har ein sentral plass i barnehagekvardagen hos oss. Vi legg vekt på å tilby eit allsidig og inspirerande leikemiljø både inne og ute. I haust vil vi legga vekt på å utvikla leikemiljøet for å tilføra inspirasjon til leiken. Gjennom deltaking og observasjon skal personale vere i stand til å tilføra og inspirera barna til å vidareutvikla leiken og skapa ny spenning. Personale skal kvart år presentera eit felles tema som kan bidra til at barna får felles erfaringar som grunnlag for leik og sosialt samspel med dei andre. Det skal og vere høve for barna til å kunne leike åleine om dei ynskjer. Barna skal få oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leiken.

Mål for personalet:

  • Tid til leik
  • Vera tilstades i leiken
  • Delta aktivt, observera eller støtta barna i leiken
  • Arbeida systematisk for at alle skal få oppleva å væra inkludert i leiken
  • Berika leiken på barna sine premisser
  • Ha tilgjengelig, inspirerande leikemateriell og leikemiljø

 

2.3 Rommet som tredje pedagog

Det fysiske miljøet i barnehagen speler ein viktig rolle for kva leik og aktivitet som utviklar seg. Rammeplan for barnehage seier med anna at utforming av det fysiske miljøet ute og inne gjer viktige rammer for barnas trivnad, oppleving og læring. Planen seier vidare at barnehagen må sjå dei fysiske rammene for barnas læringsmiljø som heilhet. Naturområder og nærmiljø gjer og moglegheit for opplevingar og utfordringar.

Omgrepet «Rommet som tredje pedagog» syner at rommet si utforming og tilrettelegging og har ei sentral rolle i barnehagen som læringsarena. Første pedagog er barnet, andre pedagog er dei vaksne og så rommet som tredje pedagog. Det fysiske miljøet i barnehagen vil derfor vere i ein utviklingsprosess med mål om å legga til rette for utviklande og skapande aktivitet både sosialt og for enkelt individet. I barnehagen vil vi arbeida for at kvart leikemiljø tydeleg skal signalisera kva leik det er tilrettelagt for og at det er eit rikt og bredt mangfald av innspel og inspirasjon miljøet tilbyr.

Mål for utvikling av det fysiske miljøet:

  • Leikemiljø som tydelig syner kva leik den er tilrettelagt for
  • Godt tilrettelagt lesekrok
  • Utstyr tilgjengelig for utforskning
  • God tilrettelagt for kontruksjon
  • Godt tilrettelagt for kunst kultur og kreativitet
  • Godt tilrettelagt utemiljø
  • Godt tilrettelagt for spel
  • Godt tilrettelagt for drama og rolleleik
  • Godt tilrettelagt for skriving og teikning

 

2.4 Danning

Danning og medverknad kan sjåast som gjensidige prosessar. Vi kan sei at danning er forming av personlegdomen. Vi kan ikkje danna andre, men i ein prosess vil den vi er, verta meir og meir synleg for andre og ein sjølv. Difor er det særs viktig at vaksne er bevisst si rolle som modell og korleis våre handlingar er overfor barna. Barn erfarer, dei reflekterer over det dei erfarer, og endrar seg i takt med eigne erfaringar som dei gjer seg. I danningsprosessen er det viktig å vere open for undringa som føregår. Undringa er ein passiv prosess og den er ikkje alltid så lett å fanga opp om ein ikkje er merksam. Barn undrar seg over omgjevnadane og undringa skapar nysgjerrigheit til vidare forsking.

Mål for danning:

  • Tilrettelegga for meiningsfulle opplevingar
  • Delta i beslutningsprosessar og utvikling av felles innhald
  • Synliggjera og verdsetja ulike behov, meningar og perspektiv
  • Utfordra barn si tenking og invitera til utforskande samtalar
  • Følgja opp barna sitt persektiv og handlingar
  • Synleggjera ulikheit som grunnlag for oppleving, utforsking og læring
  • Fortelja og gje innsikt i andre samfunn og kulturar

 

 

2.5 Læring

«Barnehagen skal støtte barnas nysgjerrigheit, kreativitet og vitebegjær og gje utfordingar med utgangspunkt i barnets interesser, kunnskap og ferdigheiter.»

(Barnehagelova §2 Barnehagens innhald 5. ledd)

Eit stimulerande miljø skapar læring. For å skapa meiningsfulle samanhengar for barna skal personale introdusera nye situasjonar, tema, fenomen, materiale og reiskap som skapar undring og engasjement. Barnas nysgjerrigheit, kreativitet og vitebegjær skal anerkjennast, stimulerast og leggast til grunn for deira læringsprosessar.

Mål for læring:

  • Gode planlagde vaksenstyrte aktivitetar
  • Nytta læringsstrategiar som tilnærming for ny innsikt
  • Vera medviten at kvardagssituasjonar rommar mykje læring
  • Legge til rette for at barna kan bidra til eigen og andre si læring
  • Legga vekt på å utforska, undersøka og undra seg på eiga hand og ilag med andre.
  • Fanga opp barna si interesse og hjelpa til for å søka ny læring
  • Gje barnet utfordringar som dei må prøva å finna løysningar på

 

2.6 Vennskap og fellesskap

“Sosial kompetanse er ein føresetnad for å fungera godt saman med andre og omfattar ferdigheiter, kunnskap, og haldningar som utviklast gjennom sosialt samspel. I barnehagen skal alle barn kunna erfara å være meiningsfulle for fellesskapet.”

Rammeplan for barnehage.

Barnehagen skal arbeide med å støtta og fremja enkeltbarn og barnegruppa sine sosiale ferdigheiter.

Anerkjennande og støttande relasjonar er eit grunnlag for den autoritative vaksne i høve barna si utvikling av sosial kompetanse. Element i sosial kompetanse er ansvar, samarbeid, empati, normer, sjølvhevding og humor. Personale skal støtta barna i å meistra balansen mellom eigne behov og å ta omsyn til andre.

Mål for vennskap og fellesskap:

  • Vaksne tilstade i leikemiljøet som rettleiar og støttar barna i leiken
  • Forebygga og stoppa utestenging og uheldig samspels- mønster
  • Samtala og utforma normer for samhandling i fellesskap med barna
  • Støtta barna i å setja eigne grenser og respektera andres grenser
  • Hjelpa barna til å finna løysingar i konfliktsituasjonar
  • Støtta barna i å ta andres perspektiv og sjå fleire synsvinklar
  • Reflektera over eigne og andres kjensler, opplevingar og meiningar

 

2.7 Kommunikasjon og språk

“Gjennom dialog og samspel skal barna støttes i å kommunisere, medverka, lytta, forstå og skapa meining.”

Rammeplan for barnehagen

Kommunikasjon og språk er svært sentralt i barnehagekvardagen ettersom dette påverkar alle sider ved barnets utvikling. Samstundes som barnets utvikling påverkast av kommunikasjonen og språket barnet møter. Personale skal arbeida systematisk med språkstimulerande aktivitetar som fremjar kommunikasjon og god språkutvikling.

Mål for å fremja kommunikasjon og språk:

  • Anerkjenne og respondere på barnas ulike verbale og non – verbale språk
  • Stimulere barna til verbal og nonverbal kommunikasjon
  • Systematisk bruk av språkstimulerande aktivitet/ samling
  • Sørge for at alle barn får varierte og positive erfaringar med språk som kommunikasjonsmiddel
  • Språkleg rollemodell
  • Følgje med på barna sin kommunikasjon og fanga opp språkvanskar

 

2.8 Barn sin medverknad

”Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige verksemd. Barn skal jamnleg få muligheit til aktiv deltaking i planlegging og vurdering av barnehagens verksemd. Barnets synspunkt skal tilleggas vekt i samsvar med barnets alder og modning.”

(Barnehageloven § 3).

Barn sin medverknad betyr at dei skal bli sett og høyrt i alle situasjonar og deira meiningar skal vektleggjast. Barn kan ikkje overlatast eit ansvar dei ikkje er rusta å ha. Det betyr i praksis at vaksne skal lytte til barns tankar, idear, ynskjer og behov, og ivareta desse på best mogleg måte. Dette er ein del av danningsprosessen inn i eit demokratisk samfunn.

Barnehagen legg vekt på å jobba med prosjektarbeid over tid. Gjennom prosjektarbeida er barna aktive på mange måtar. Prosjekta tek i stor grad til ut frå interesser og innspel frå barna. Vidare vert prosjekta tilpassa og justert etter barnas engasjement og synspunkt. Det vert nytta pedagogisk dokumentasjon der barna kan sjå tilbake, følgje prosessen, reflektera og gjere ei vurdering over det ein har gjort samstundes kjem ofte nye synspunkt som kan føra prosjekta vidare.

Mål for barn medverknad:

  • Fanga opp barna sine interesser
  • Samtala med barna
  • Tilretteleggja det fysiske miljøet så barna kan gjera reelle val
  • Barna sine læringsprosessar er synleg for barna sjølve
  • Lytta til alle barna og ta med innspela i vidare planlegging
  • Fanga opp barna sine kroppslege og verbale uttrykk
  • Gje barna høve til å bidra med daglege gjeremål

 

Del 3 – Barnehagens fagområder

Rammeplan for barnehagen beskriv 7 fagområdar som har interesse og eigenverdi for barn i barnehagen. Alle fagområda skal vere ein gjennomgåande del av barnehagens innhald. Her kan du sjå på kva måte fagområda vert representert i Skare barnehage.

 

3.1 Kommunikasjon, språk og tekst

«Barnehagen skal bidra til at barna får utforska og utvikla sin språkforståing, språkkompetanse og et mangfald av kommunikasjonsformer.»

Rammeplan for barnehagen – utdrag.

Vi legg vekt på å nytta språket ved å namngje og tilføra omgrep i kvardagssituasjonar, leik og aktivitetar. Visuell støtte skal nyttast i stor grad for å sikra at alle barna kan forstå innhaldet i det som vert formidla. Allsidig språkstimulerande materiale skal vere tilgjengeleg på avdelingane for å inspirera barna. Gjennom samtale og dialog mellom barn og vaksne og barna imellom skal barna få trena på å uttrykka seg, setja ord på korleis ein tenkjer og føler. Barna skal få erfaring med at språk og kommunikasjon kan vere med på å løysa eller hindra konfliktar. Vaksne skal vere gode språkmodellar ved å nytta korte og korrekte setningar. Dei vaksne skal og nytta sjølvsnakk og parallellsnakk, der personalet set ord på sine, og barnets, handlingar.

Samlingsstunder skal gjennomførast kvar dag i grupper, ute eller på avdeling, og skal innehalda språkstimulerande aktivitetar. Det skal vekslast mellom formidling og høve til å delta aktivt med språket. Det er særleg bøker/eventyr, song, rim og regler som vert nytta i samlingar. Skare barnehage skal og nytta ein visuell dagsplan, slik at alle kan få ein oversikt over dagen i barnehagen.

Dersom born treng ekstra støtte skal vi rådføra oss med logopedane og gjennom det få god rettleiing i korleis vi skal kunna leggja best mogleg tilrette for den enkelte. Foreldresamarbeid er viktig når slike observasjonar oppstår.

 

3.2 Kropp, rørsle, mat og helse

«Barna skal få muligheit til å sansa, oppleva, leika, læra og skapa med kroppen som utgangspunkt. Gjennom mat og medverknad i måltidsaktiviteter skal barna motiverast til å eta sunn mat og få grunnleggande forståing for korleis sunn mat kan bidra til god helse.»

Rammeplan for barnehagen- utdrag

I Skare barnehage skal barna kvar veke få oppleva å nytta sansane i møte med naturen og nærmiljøet. Gjennom å nytta dei allsidige turområda får barna erfaring med å gå i ulendt terreng. Dei skal få oppleva korleis naturen endrar seg gjennom året og erfara at naturen kan gje rom for aktivitet og rørsle, og ikkje minst ro og

avslapping. Skare barnehage nyttar gymsalen fast gjennom året. Her kan ein driva ulik fysisk aktivitet.
Det er viktig for barna å oppleva variasjon av aktivitet og ro både inne og ute i barnehagen. Gjennom vaksenstyrte aktivitetar og gruppedeling er det ei målsetting å tilpassa aktiviteten og skapa rom for barna til å fordjupa seg best mogleg i leik og aktivitet.
Barnehagen legg vekt på eit sunt kosthald i tråd med helsedirektoratet sine retningslinjer for barnehagar. Barna skal få delta i matlaging og få kjennskap til matproduksjon.
Grønsaker og frukt vert delt opp og servert til alle måltid kvar dag for å freista barna til å smaka. Ettersom det tek tid å venna seg til nye smakar legg barnehagen vekt på å tilby same smakane fleire gonger og over tid. God helse er også god psykisk helse. dette vil vi ivareta ved å leggja til rette for at kvart enkelt barn vert sett og høyrt, vil gjer det vi må for at barna skal trivast og at dei dannar seg eit godt sjølvbilete.

 

3.3 Kunst, kultur og kreativitet

”Opplevelser med kunst og kultur i barnehagen kan legge grunnlaget for tilhørighet, deltaking og eget skapende arbeid. Barna skal få estetiske erfaringer med kunst og kultur i ulike formar og organisert på måter som gjer barna anledning til utforsking, fordjuping og progresjon. Barnehagen skal legge til rette for samhørighet og kreativitet ved å bidra til at barna får være saman om å oppleva og skapa kunstneriske og kulturelle uttrykk.”

Rammeplan for barnehage – utdrag.

Fagområdet vektlegg fantasi, kreativitet og skaparglede. Barna skal ha tilgang til utstyr og materiale som dei skal få høve til å utforska. Barna skal oppleva inspirasjon til å utvikla eigen kreativitet. Gjennom å fokusera på prosessar og progresjon meiner vi at barna kan konsentrera seg om eigne prosessar framfor å prestera ut frå eit mål og forventning. Det tek tid å opparbeida materialkunnskap og erfara at materiale kan oppføra seg på fleire måtar og ha fleire bruksområder. I arbeidet med å utvikla leikemiljø får barna delta med eigen kreativitet og fantasi som kan påverka leiken. Personale skal leggja til rette for kunst- og kulturopplevingar av variert karakter og gjerne saman med andre. Sentralt i utøvinga av kunstnariske uttrykk er at personale støttar og legg til rette for utprøving av ulikt materiell, utstyr og hjelpemidlar.

Når vi skapar vert det ikkje nødvendigvis eit produkt som barna “kan ta med seg heim”, men eit produkt som oppstår der og då i prosessen. Til dømes eit sandslott som er laga i sandkassen, eit mønster som vart laga i skogen av naturmateriell eller ein demning som vart laga i bekken. Skaping kan skje enkeltvis eller i gruppe.

 

3.4 Natur, miljø og teknologi

«Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientera seg og opphalda seg i naturen til ulike årstider. Barnehagen skal legge til rette for at barna kan få et mangfald av naturopplevingar og få oppleva naturen som arena for leik og læring. Barnehagen skal legga til rette for at barna kan bli nysgjerrige på naturvitskaplege fenomen, oppleva tilhørsle til naturen og gjera erfaringar med bruk av teknologi og reiskapar.»

Rammeplan for barnehage – utdrag.

Gjennom det allsidige miljøet i nærområdet rundt barnehagen skal barna utvikla ferdigheiter og erfaring med å bevega seg i variert terreng. Barna skal få gode opplevingar av å vere i naturen året rundt. På den måten vil barna verta kjent med endringar som skjer i naturen, arts lære, matproduksjon og samanhengar i naturen.

Gjennom samtale om og fokus på resirkulering skal personale synleggjera behovet for å vere varsam og ikkje hausta meir enn naudsynt for å sikra seinare generasjonar. Barna skal oppleva at barnehagen vektlegg å ta vare på naturen og vere varsam med planter og dyr ikring oss. I barnehagen skal barna delta i kjeldesortering på avdelingane, samt at vi tar med oss boss som vi finner på tur.

Gjennom eit mangfald av naturopplevingar, undring og forsking over det som skjer i natur, ynskjer vi at barna skal få høve til ei gryande forståing av ei berekraftig utvikling.

Gjennom året skal barna oppleve naturen, sjå endringane som skjer i skog og mark og sansa korleis naturen endrar seg gjennom årstidene. Reiskapar og teknologi skal nyttast kreativt i leik og aktivitetar der det er hensiktsmessig. På den måten skal barna oppleva at teknologi har ei nyttefunksjon i ulike samanhengar.

Naturmateriale som vert samla på turar vert også nytta i høve konstruksjon eller til formingsaktivitetar.

 

3.5 Tal, rom og form

«Barnehagen skal synliggjøre samanhengar og legga til rette for at barna kan utforska og oppdaga matematikk i dagliglivet, i teknologi, natur, kunst og kultur og ved sjølv å være kreative og skapande. Arbeid med fagområdet skal stimulera barnas undring, nysgjerrighet og motivasjon for problemløysing.»

Rammeplan for barnehage – utdrag.

Fagområdet tal, rom og form omhandlar matematikk og matematisk tenking i barnehagealder. Målet med dette fagområdet er å gjere barna kjent med omgrep, form, sortering, logisk tenking og resonnering. I barnehagen får barna erfara leik og utprøving av form og mønster når dei arbeider i sandkassa, utforskar vekt og balanse, spelar spel, puslar, samlar materiale og utformer leikemiljø. Ved å studera naturen ikring oss skal barna få sjå at naturen sjølv er bygd opp av mønster og strukturar som dei sjølv kan nytta i leik og forming.

Personale har ei sentral rolle ved å tilføra matematiske idear og utdjupande samtalar i barna sin leik og kvardag. Personale skal leggja til rette, nytta matematiske omgrep, vere lydhør og stilla undrande spørsmål for at barna skal læra seg å sansa, undra, tenka og reflektera.

Små barn lærer gjennom kroppen ved sjølve å være aktive. For at barna skal få erfaring med rom forståing og posisjonsforståing ynskjer vi å ta utgangspunkt i barnet sjølve, jo mindre barna er, jo større bevegelser. Bruk av rytme, bevegelse og dans har god effekt på dette. Gjennom systematisk arbeid med bevisstgjering av fagområdet tal, rom og form gjennom kvardagen vil barna få kjennskap til problemløysing, geometrisk forståing og tal forståing. Utprøvingar barna gjer i barnehagen vil danna grunnlag for erfaring som er nyttig for barna seinare når dei skal læra meir innan desse fagområda.

3.6 Etikk, religion og filosofi

«Etikk, religion og filosofi er med å forme måten vi oppfattar verden og menneske på og prege verdiar, normer og haldningar.» Rammeplan for barnehage- utdrag.

Gjennom pedagogisk materiell som «Være saman», vennebøker og kjenslekort, vil barna få kjennskap og erfaring med sosial kompetanse og korleis vi skal vere i relasjon til kvarandre. Vi legg vekt på å vise toleranse overfor kvarandre, «Den gylne regel» er sentral her. I barnehagen vil barna møta forteljingar og historier også frå andre kulturar og høgtidene vert markert. Ettersom barnehagegruppa representerer lite mangfald av kulturar og levesett vil vi gjennom året fortelje, visa bileter og samtala kring ulikheiter frå andre land og kulturar. Kvart år vart Skare barnehage invitert i kyrkja i Skare, rundt juletider.

Gjennom å samtale om og undra seg over eksistensielle, etiske og filosofiske spørsmål skal barna få anledning til sjølv å formulere spørsmål, lytte til andre, reflektere og finna svar. Ved å sei at menneske har ulik forståing på nokre saker og at det er lov å tenkje ulikt meiner vi at barnehagen bidreg til å leggja grunnlag for toleranse, kritisk tenking og dømmekraft.

 

3.7 Nærmiljø og samfunn

«Barnehagen skal bidra til å gjøre barna kjent med nærmiljøet, samfunnet og verden. Barnehagen skal bidra til kunnskap og erfaring med lokale tradisjonar, samfunnsinstitusjonar og yrker for å skape tilhørsle i nærmiljøet. Kulturelt mangfald, ulike levevis og ulike familieformer er en del av fagområdet. Fagområdet skal omfatte kjennskap til samisk språk, kultur og tradisjon og kjennskap til nasjonale minoriteter.»

Rammeplan for barnehagen – utdrag.

Skare barnehage er så heldige å ha gardsdrift og næringsliv tett på i nærmiljøet. Barnehagen nytter gardsdrifta i stor grad i det pedagogiske arbeidet i kvardagen, det er naturlig å ha mykje samtalar kring husdyr og matproduksjon då sauer, hestar , kyr, griser og oksar er å sjå dagleg. I periodar gjennom året ser vi rådyr som beiter i skogkanten. Nærmiljøet har sagbruk, gravemaskiner, lastebilar, traktorar, skule, nærbutikk med meir i omgivnadane.

I «Skare turen» får barna kjennskap til lokalhistorie om Stegafloten og klebersteinsfeltet og kan lesa og sjå bilete om ville dyr i nærmiljøet. Vi har også hengt opp bokkassar der som vi kan nytta på tur. I år skal Molte ha prosjekt med Skareturen der dei rustar opp turløypa.

Barna opparbeider kjennskap til skulen gjennom bruk av gymsal, bibliotek og skuleområde. Vidare har vi samarbeid om nokre felles arrangement for dei eldste barna for at overgangen skal verta så trygg som mogleg.

Som ein metode for at barna skal få erfaring med demokratiske prosessar så legg vi vekt på at barna skal verta høyrt og få sei si meining. Likevel kan det vera at fleirtalet ønskjer noko anna som gjer at ein ikkje alltid få eige ønskje innfridd. Barna skal få erfaring med å takla ønskjer som går med og imot eigne ønskjer.
Barna skal bli presentert for norsk og samisk kultur og får sjå nokre bilete frå andre ulike land som ei byrjande kjennskap til verda ikring oss. Skare barnehage skal vera flinke til å belyse nasjonaliteter som finnes i barnehagen, og at alle skal føla seg stolte av sin bakgrunn. Samstundes tek personale opp tema om korleis det var før i tida og korleis det er no og at verda kan sjå ganske annleis ut fram i tid.

 

Del 4 – Planlegging, vurdering og dokumentasjon

4.1 Planlegging

Planlegginga skal baserast på kjennskap til korleis barn utviklar seg og lærer individuelt og i grupper. Gjennom planlegging skal Skare barnehage sikra at personale, barn og føresette skal kunne påverke innhaldet i barnehagen.

Planverket vi nyttar i barnehagen er:

  • Pedagogisk årsplan skal vere ferdig og godkjent i Samarbeidsutvalet i barnehagen innan utgangen av august. Denne skal vere eit styringsdokument i arbeidet med halvtårsplanane for kvar avdeling.
  • Vekeplanar

 

4.2. Vurdering

Alle deler av verksemda skal vera emne for vurdering med det mål å utvikle kvaliteten. Særs viktig er det å gjere jamleg vurdering av det enkelte barn sin trivsel og utvikling, samt å vurdera det sosiale samspelet i barnegruppa. Vidare skal barnehagen vurdera innhaldet ut frå at barnehagen er ein lærande organisasjon. Vurdering av vaksenrolla og det pedagogiske innhaldet er sentral her. Vurdering vil sei at vi skal beskrive, analysere og tolke arbeidet vi gjer i barnehagen, i forhold til barnehagelov, rammeplan og lokale retningsliner. I Skare barnehage skal vi gjere vurderingar saman med:

  • Barna
    • Gjennom samtale med barnegrupper i samlingar og etter aktivitetar, turar og anna
    • Barnesamtalar der det er mogleg og ved behov.
  • Føresette
    • Foreldresamtalar
    • Gjennom vurdering når barnehageåret er slutt.
    • Gjennomføre brukarundersøking.
    • Ved henting og levering, avtala samtale om naudsynt
  • Personale
    • Å sette av tid til å gjennomgå tilbakemelding frå føresette som kjem fram i kvardagen.
    • Gjennom fast vurdering på pedagogisk leiarmøte og avdelingsmøte kvar veke.
    • Å setje av tid på personalmøte til refleksjon over praksis og gjennomførde planar.
    • TRAS står for tidleg registrering av språkutvikling. Dette er eit verktøy for å få ein oversikt om barnet utviklar seg språkleg og sosialt i høve alder. Skare barnehage nyttar TRAS som eit verkty til å arbeide systematisk med språkutviklinga i barnehagen.
    • Alle med, som er eit observasjonsskjema som vi kan nytte etter avtale når med føresette, når vi vil kartleggje den sosiale delen meir enn TRAS.
    • Medarbeidarsamtalar

 

4.3 Dokumentasjon

Pedagogisk dokumentasjon er ein metode for å synliggjøre barns medverknad i barnehagen. Vi dokumenterer for:

  • Barna
    Dokumentasjonen skal være synlig for barna sjølv og skal synliggjøre barnas kvardag i leik og aktivitet. Den skal syne korleis ein ide utviklar seg til ny kunnskap. Bileter og prosessbeskrivingar skal dokumentera innhaldet for aktivitet og leik.
  • Føresette
    Møter ulik dokumentasjon av kvardagen i barnehagen gjennom bilete, tekst og produkt.
  • Personalet
    Personalet har eit stort ansvar når det gjeld kva ein vel å dokumentera. Det ein til ei kvar tid vel å sette fokus på kan gje følgjer for kva som skjer vidare. Personalet er medviten si rolle i høve pedagogisk dokumentasjon og hensikta med dokumentasjonen.
  • Andre som har interesse
    Alle offentlege skriv og rapportar vil vere tilgjengelege for dei som ynskjer innsyn.

 

4.4 Tilrettelegging av det allmennpedagogiske tilbodet for barn som trenger ekstra støtte

Tidleg innsats er eit omgrep som vert nytta i høve barn som kan ha behov for litt ekstra støtte i periodar. Systematisk språktrening på avdelinga, eller språkgrupper kan vere døme på tidleg innsats som barnehagen praktiserer. Ekstra støtte i leik i kortare eller lengre periodar er eit anna døme. Dersom personale meiner at barnet ikkje får tilstrekkeleg støtte gjennom den allmennpedagogiske tilbodet som tidlig innsats representerer, skal det tas opp med foreldra i ein foreldresamtale. Etter avtale kan det søkast om spesialpedagogisk hjelp gjennom sakkyndig vurdering. Søknad om spesialpedagogisk hjelp er det foreldra som sender til kommunen. Barnehagen arbeider etter rettningslinjer og rutiner som er utarbeida, desse ligg åpent for alle på BTI nettsida til kommunen.

Her er også tilrettelagt for at føresette kan søka råd og rettleiing via dei ulike instansane når dei er uroa for barn/ungdom.

 

4.5 Arbeidsmåtar

Gjennom arbeid med prosjekt vil me ivareta barna sin rett til medverknad.

Vi ser barn som kompetente. Heilt frå fødselen av har barn lyst til og evne til å læra. Barn lærer både åleine og i samspel med andre barn og vaksne. Vår rolle som pedagogar er å setta rammer og rettleia barn i deira utforsking, læring og meistring.

Barn fordjupar seg i ulike saker heile tida – når dei gløymer seg i leik, undersøker ein maur, testar kor fort dei klarar å springa, lærer seg alt om dinosaurar eller ler kvar gong dei ser ein sau. Prosjektarbeid er ein arbeidsmetode som tar utgangspunkt i dette engasjementet og fascinasjonen.

Den primære arbeidsmåten i Skare barnehage er prosjekt. I prosjektarbeidet tar vi barna sine verbale og nonverbale uttrykk på alvor. Det er deira nysgjerrighet og vitebegjær som er drivkrafta i vår pedagogiske verksemd og er styrande for både tema og retning prosjektet tar. Gjennom å få fordjupa seg i noko barna er opptatt av, får barnet djupare kunnskap og innsikt i saka.

Personale i barnehagen skal sørga for mangfald av opplevingar. Barn tilnærmar seg læring med heile kroppen, via alle sansane. Prosjektarbeida skal difor å utfordra og engasjera alle sansene og heile kroppen.

Prosjektarbeidet har som forutsetning at det er likeverdig forhold mellom barn og vaksne. Barn og vaksne går saman inn i eit prosjekt for å finna ut meir om det som dei er opptatt av. Begge partar er aktive i prosessen – jobbar aktivt for felles læring og meistring. Læringa pågår på barn sine premisser.

Prosjektarbeida skal dokumenterast og vurderast undervegs. Ved hjelp av pedagogisk dokumentasjon skal vi, i lag med barna, vurdera prosjekta. Planlegging er ikkje lineært – der oppnåing av eit mål avsluttar prosjektet – men sirkulært. Med utgangspunkt i evalueringa førebur me oss til neste del av prosjektet, så gjennomfører me det, vurderer og planlegger vidare.

 

4.6 Progresjon

Progresjon inneber at barna skal utvikla seg, læra og oppleva framgang uavhengig av alder, modning, tidligare erfaringar eller føresetnad. Personale skal legga vekt på å tilby varierte materiale, metodar og opplevingar som utvider barna sine materialkunnskap, erfaring med framgangsmåtar og forståing av omgivnadane. Personale skal bygga vidare på barna sine interesser og tidligare kjennskap, men skal også utfordra barna på å utvida sin erfaringsbakgrunn og sjå fleire perspektiv. Barna skal møta passelig utfordring som er overkommelig for barnet å løysa. Når vaksenstyrte aktivitetar vert presentert skal personale uttrykka så tydelig som mulig kva oppgåva skal romma. På den måten vil barna kunne utføra oppgåva ut frå ei målsetting og personale kan samtala med barnet kring løysinga av oppgåva. I denne prosessen kan dei samtala om korleis barnet opplevde å utføra oppgåva og om dei opplevde meistring. Gjennom å fokusera på prosessen og utviklinga barnet opplever vil prestasjon og konkurranse mellom barna ha mindre effekt. Barnas progresjon vert drøfta i foreldresamtalar- der ein talar om heile barnets utvikling.

 

4.7 Digital praksis

I det pedagogiske arbeidet nyttast digitale verktøy til å innhenta informasjon og fakta i høve prosjektarbeid vi er i gang med. Barnehagen legg vekt på å dokumentera progresjon og prosessane som skjer. Barna skal vere aktive eller delaktige i desse prosessane, men personale skal være bevist når det gjeld informasjonssøk, opphavsrett og kritisk i høve kjelde. Barna skal verta tilbydd digitale verktøy på lik linje som andre hjelpemidlar og materiale når tenleg. Digital dømmekraft er sentralt i arbeidet med digitale verktøy. Barna skal få erfaring med teknisk utstyr og digitale verktøy gjennom leik og læring. Barnehagen har ein klar profil med tanke på bruk av bileter av barna. Barnehagen legg ikkje ut portretter av barna, det er aktiviteten og prosessane som har verdi i dokumentasjonen. Barnehagen sender heim Dagbok post kvar veke (via Visma app)- vi legg ikkje ut bilete på andre kanalar.

Barna sin personvern vert ivaretatt gjennom samtykkeskjema med individuelle løyve for kvart einskild barn.

Del 5 – Samarbeid

5.1 Samarbeid heim – barnehage

Eit godt samarbeid mellom foreldre og barnehage er viktig for å skapa ein god barnehagekvardag. Vi oppmodar foreldre og føresette til å gje tilbakemelding, vi set pris på positive tilbakemeldingar og på konstruktiv kritikk. Personalet i barnehagen skal vere lydhøre for tilbakemeldingar som vi får, og har formidlingsplikt til dei andre i personalet. Ein open dialog er med på å utvikle verksemda, noko vi er opptekne av og ynskjer. For å styrkja samarbeidet vil vi arrangere ulike samkome. Vi legg opp til 2 foreldremøter i året, og foreldre/ føresette får tilbod om to foreldresamtaler.

 

5.2 Samarbeidsutval

Foreldrerådet består av alle foreldra i Skare barnehage.

Samarbeidsutvalet til barnehagen har to representantar frå foreldrerådet og to representantar frå personalet. Kontaktinformasjon til leiar i SU finn de på framsida til barnehagen.

 

5.3 Andre samarbeidspartnarar

  • Oppvekst i Ullensvang kommune ved oppvekstsjef Anna Maria Kråkevik og barnehagefagleg rådgjevar Wenche Jordal
  • Skare barneskule
  • Helsestasjon
  • Pedagogisk psykologisk teneste og Logoped
  • Barnehagane i Ullensvang kommune
  • Bygg og eigedom/reinhald

Vi har føljande samarbeidsgrupper for barnehagen:

  • Førskuleteam
  • Styrarmøte
  • Leiarsamlingar i kommunen

 

5.4 Overgangar

5.4.1 Tilvenning

Det er utarbeida eigen plan for tilvenning. Denne vert sendt ut til foreldre/ føresette i forkant av tilvenninga i barnehagen. Barnehagen praktiserer primærkontakt for barna, og ein frå personale har litt ekstra fokus på barna dei er primærkontakt for. Barnehagen legg vekt på at barna skal møta eit trygt og godt miljø når dei kjem i barnehagen. Vaksenrolla i denne situasjonen er svært sentral, personale skal trygga både barna og deira føresette om at barna vert godt ivaretekne i barnehagen.

 

5.4.2 Overgang internt i barnehagen

Skare barnehage er ein liten barnehage og barna på i alle aldrar vert kjent med alle i personale gjennom året. På våren gjennomfører skriv her

 

5.4.3 Overgang barnehage – skule

Ullensvang kommune har plan for overgang mellom barnehage og skule, utifrå denne laga vi ein eigen årsplan for skulegruppa. Skare barnehage og Skare skule har eit jamnleg samarbeid gjennom året der pedagogisk leiar og kontaktlærar legg opp til fleire kontaktpunkt med 6. klasse slik at elevar og born vert kjende med kvarandre til skulestart. Barnehagen besøkjer barneskulen sitt uteområde og gymsalen jamleg gjennom året. Frå desember/januar og fram til skulestart avtalast besøk mellom klassen som vert skulevenar og barna som byrjar på første trinn.

Mål for «skulegruppa»

  • Dei eldste barna har skuletrening jamnleg gjennom året
  • Vi vil formidle positive haldningar og forventningar til skuletida.
  • Vektlegga sosial kompetanse internt i skulegruppa som grunnlag for å etablera eit godt læringsmiljø.
  • Utføra eigne prosjekter, aktivitetar og oppgåver for denne gruppa.
  • Skapa gode haldningar til læring. At det er moro å læra nye ting og at dei alt har lært masse.
  • Gruppa får delta på teater, turar og liknande for skulegruppa.
  • Overføra informasjon om enkeltbarn til skulen etter samtykke med foreldra.