Sekse barnehage og SFO
Opningstid for barnehage: kl. 07.00 – 16.15
Opningstid for SFO: Elevane kjem med bussen etter skuletid og SFO er opent til kl. 16.00
Elevar frå Opedal skule kan nytte seg av SFO tilbod ved Sekse barnehage og SFO. Føresette kan søkje om gratistilbod G12 for barn i 1., 2., og 3. klasse. Då må barna vera henta innan desse tidene:
- Måndag – torsdag: kl. 15.25
- Fredag: kl. 14.00
Om Sekse barnehage og SFO
Sekse barnehage og SFO er ein to-avdelings barnehage, og i tillegg har me SFO-tilbod på ettermiddagstid. Bygget, som er den gamle skulen på Sekse ligg plassert midt i smørauga mellom fjord, fjell og frukttre i kommunen. Plasseringa gjer oss mange gode muligheter til variert uteliv, noko me nyttar oss mykje av i kvardagen. Me samarbeider godt med bønder og andre i nærmiljøet, har faste turområder me går til og barna i alle aldersgrupper er ute på tur minst ein gong i veka. Kvardagen er prega av leik, læring og glede, og personalet er opptatt av å vera trygge og tydelege vaksne. Barna er fordelt på to avdelingar etter alder og utvikling, og me har fokus på små grupper for at kvart enkelt barn skal ha dei beste moglegheitene for å kjenna seg trygge, trivast og meistra ut i frå eigne føresetnader.
Barnehageåret 24/25 kjem me, saman med Føyk, til å realisera Sekseparken. Heile uteområdet vil i løpet av hausten totalrenoverast slik at det vert ein kjekk og utfordrande stad å vera. I tillegg vil me gjennom året ha fokus på prosjektet “frå jord til bord”, der me ut i frå barnas medverknad vil setja fokus på kva me kan hausta frå jorda.
Visjonen vår er: tryggheit, trivsel og meistring – alltid for alle.
Lenker
Kontakt oss
Sekse barnehage
Seksevegen 12
5773 Hovland
46 91 28 95
Eit trygt og godt barnehagemiljø fritt for mobbing og krenkelsar.
Anerkjenning: Alle opplever å verta sett og høyrt og kjenner seg verdifulle i fellesskapet
Tryggheit: Me arbeider kontinuerleg og systematisk med å fremja eit trygt og godt barnehagemiljø, og med å oppdaga, undersøka og førebygga alle former for krenkelsar. Me stopper krenkelsar og følger opp med eigna tiltak heilt til barna opplever at dei har eit trygt og inkluderande miljø.
Meistringsglede: Me tilrettelegg for at alle kjenner meistring, og deler glede over eigen og andre si meistring
Omsorg: Me møter kvarandre med varme og omsorg, ser og møter ulike behov, rettleiar og set grenser for oss sjølv og kvarandre
- Leiar: Kristin Holsen Børve
Lov om barnehager (barnehageloven)
§4.Foreldreråd og samarbeidsutvalg
For å sikre samarbeidet med barnas hjem, skal hver barnehage ha et foreldreråd og et samarbeidsutvalg.
Foreldrerådet består av foreldrene/de foresatte til alle barna og skal fremme deres fellesinteresser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppen skaper et godt barnehagemiljø. Er det i forskrift etter § 15 satt maksimalgrense for foreldrebetaling, kan bare foreldrerådet samtykke i foreldrebetaling ut over dette.
Samarbeidsutvalget skal være et rådgivende, kontaktskapende og samordnende organ. Samarbeidsutvalget består av foreldre/foresatte og ansatte i barnehagen, slik at hver gruppe er likt representert. Barnehagens eier kan delta etter eget ønske, men ikke med flere representanter enn hver av de andre gruppene.
Barnehageeieren skal sørge for at saker av viktighet forelegges foreldrerådet og samarbeidsutvalget.