Årsplan Sekse barnehage 2020-20211. Verdigrunnlaget til barnehagen2. Formålet med og innhald i barnehagen3. Arbeidsmåtane til barnehagen4. Overgangar5. Samarbeid mellom heimen og barnehagen

Årsplan Sekse barnehage 2020-2021

1. Verdigrunnlaget til barnehagen

1.1 Visjon

Alle utviklar den beste utgåva av seg sjølv.

Sekse barnehage vil tilrettelegga for at alle barna får utvikla den beste utgåva av seg sjølv. Det betyr at kvar enkelt skal vera trygg på å vera seg sjølv, tilrettelegga for at alle barna får utvikla sine styrkar og at alle barna opplever å vera verdifulle i fellesskapet i barnehagen. Personalet må legga til rette for aktivitetar innanfor den næraste utviklingssona til barnet slik at barnet får kjenna på meistring.

1.2 Hovudmål

  • Barna i Sekse barnehage skal trivast og ha eit godt og utviklande læringsmiljø
  • Føresette i barnehagen skal oppleva at dei har eit godt barnehagetilbod for seg og barna
  • Personalet i barnehagen skal trivast og arbeida for barna sitt beste med fokus på kvart einskild barn og barnegruppa

1.3 Verdiar

Verdiane bygger på verdiar i rammeplanen, årsplan og personalgruppa sine eigne verdiar, og skal speglast att i den daglege drifta i barnehagen. Me har utarbeida teikn på god praksis for kvar verdi innanfor dei ulike daglege rutinane i barnehagen. Desse vert nytta til vurdering og refleksjonsarbeid i personalgruppa og saman med føresette.

Verdiane vart sist revidert hausten 2017 etter at me fekk ein ny rammeplan for barnehagen.

I Sekse barnehage arbeider me etter fire kjerneverdiar:

  1. Anerkjennelse: Alle opplever seg sett og høyrt og kjenner seg verdifulle i fellesskapet
  2. Trygghet: Struktur, trygge rammer og kjente vaksne er høgt verdsett
  3. Mestringsglede: Alle får bruka evnene sine, kjenner mestring og deler gleda over eigen og andre si meistring med kvarandre
  4. Omsorg: Me møter kvarandre med varme og nærhet, ser andre sine behov og viser at me bryr oss om kvarandre

1.4 Barn og barndom

Barnesynet vårt tar utgangspunkt i at kvar enkelt barn lærer og utviklar seg i samspel med omgivnadene. Me ser barnet som subjekt, med respekt for barnet sin opplevelsesverden. Barnet er kompetent og eit likeverdig medmenneske. Ansvaret vårt å er å legga til rette for at barnet skal oppleva meistring, læring og utvikla eigne ferdighetar i samspel med andre.

I Sekse barnehage anerkjenner me barndomen som ein livsfase med eigenverdi. Dette betyr at me ser på barndomen som ein verdifull periode til liks med andre deler av livet, der leiken er ein viktig del av barnas liv. Me vil bidra til ein god barndom her og no, og samtidig gi barna dei beste føresetnader for framtida.

“Å bidra til at alle barn som går i barnehagen, får ein god barndom prega av trivsel, vennskap og lek, er fundamentalt. Barnehagen er og ei førebuing til aktiv deltaking i samfunnet og bidreg til å legga grunnlaget for eit godt liv.” (Rammeplan 2017)

Slik gjer me det:

  • Personalet er støttande tilstades og ser kvar enkeltbarns behov slik at forholda ligg til rette for vekst og utvikling
  • Barna sine synspunkt på eigen kvardag vert tatt på alvor
  • Personalet legg til rette for at alle barn får oppleva meistring kvar dag
  • Personalet arbeider med å skapa eit inkluderande fellesskap og synleggjer at alle har ei viktig rolle
  • Personalet legg stor vekt på å skapa eit trygt og inkluderande barnehagemiljø
  • Personalet er autoritative vaksne som er varme og forståelsesfulle, men har samtidig tydelege krav og forventningar til barna
  • Det fysiske miljøet skal inspirera til leik og aktivitet
Illustrasjon i blått av barn som står på hendene. Illustrasjon.

1.5 Demokrati

Ifølge rammeplanen skal barnehagen fremja demokrati og vera eit inkluderande fellesskap. Blant anna skal alle barn skal få oppleva at dei får bidra og medverka til innhaldet i barnehagen uavhengig av kommunikasjonsevner og språklege ferdigheter. Ein føresetnad for at dette kan skje er at barna gis mulighet for å ytra seg, bli hørt og delta. Barnehagen må skapa møteplassar der barna kan ha innflytelse på sin kvardag, men i stor grad handlar det om at personalet er lydhøre og observante, ser og hører kva barna uttrykker og tar det på alvor. I barnehagen handlar demokrati i stor grad om kva som skjer i leiken, ulike forhandlingar om reglar for t.d. måltid, garderobe, og om korleis romma er innreda og kva materiell barna har tilgang på.

Slik gjer me det:

  • Personalet observerer og fanger opp barnas interesser og tilrettelegg for å utvida og utforska desse vidare.
  • Personalet tilpasser innhald i aktivitetar ut frå observasjonar av kva barna er opptatt av for tida og kva ein ser at barna finn meining med og glede av
  • Om ein har planar men ser at det er noko anna barna er opptatt av den dagen endrer me på planane, til dømes om det er veldig fin leik i ei gruppe vert ikkje den nødvendigvis avbrutt for å starta ny aktivitet
  • Barna vert oppmuntra til å koma med innspel om korleis dei vil ha det i barnehagen, og får oppleva at det vert tatt på alvor av dei tilsette. Dette kan dei gjera i kvardagen, på faste barnemøter (1 gong i månaden) eller barnesamtale (kvar haust)
  • Barna får bestemma sjølve konkrete ting i kvardagen, t.d.:
    • Turmål
    • songar ved matbordet
    • Vekas sjef
    • Karneval: barna velger sjøv kva dei vil vera og lagar eigne kostymer til karnevalet

1.6 Mangfald og gjensidig respekt

Mangfald i barnehagen handlar om å synleggjera at det er ulike måtar å tenka, å handla og å leva på. Ved å jobba for å synleggjera desse ufarleggjer ein ulikskapar og opnar for å utforska desse med eit nysgjerrig blikk. Me skal ha ei tilnærming til ulikskapar der me synleggjer verdien av at me er ulike. Mangfald kan vera så mangt frå korleis den enkelte sin familie er utforma, kva verdiar som vert verdsett i heimen til den enkelte til religion og livssyn, nasjonalitet, hudfarge m.m.

Slik gjer me det:

  • Samtaler med barna om ulikskapar i dagleg dialog der det høver, gi rom for å undra seg
  • Familieplakatar frå kvart barn heng synleg på avdelingane
  • Landplakat frå dei ulike landa som er representert i gruppa
  • Reisa på tur til dei ulike bygdene, sjå kvar dei ulike barna bur
  • Markera viktige høgtider i dei ulike religionane som er representert i gruppa
  • Læra oss songar frå andre kulturar
  • Årlege temaveker der me lærer om ulike kulturar:
  • Samisk kulturveke
  • Norsk kulturveke

1.7 Likestilling og likeverd

I barnehagen skal alle barn ha mulighet til å bli sett, hørt og oppmuntra til å delta i fellesskap i alle aktivitetar. Me skal fremma likeverd og likestilling, motverka alle formar for diskriminering og fremma nestekjærlighet.

Likestilling betyr ikkje at alle skal vera like, men at alle skal ha like muligheter. Me har alle med oss ulike verdiar og haldningar i bagasjen, med alt me har opplevd og tatt med oss frå eige liv. Nokon er me bevisste – andre er gjerna meir ubevisste – og alle desse påverkar handlingane våre. I barnehagen skal me ha ein felles praksis, og personalet må derfor jobba for å reflektera over eigen praksis i møte med barna. Korleis kan me sikra at alle barna får dei same mulighetane til å læra og utvikla seg på dei områda dei er interesserte i? Dette er viktige spørsmål som me må jobba med, og jobba for å motarbeida dei “tradisjonelle” forventningane til ulike kjønnsroller.

Likeverd handlar om at alle mennesker er lika mykje verdt og er verdifulle i fellesskapet uavhengig av alder, etnisitet, kjønn, klasse og funksjonsevne. For å behandla alle likeverdig må me av og til forskjellsbehandla nettopp fordi alle har ulike utgangspunkt.

Slik gjer me det:

  • Personalet har ei bevisst haldning til val av fargar, leiker, utkledningskle, ordbruk og litteratur
  • Personalet er bevisst si rolle og er gode rollemodellar
  • Me tilbyr alle barn aktivitetar som passer interessa deira uavhengig av kjønn og tilpassa funksjonsnivå
  • Personalet har ei felles forståing av at det ikkje finns jente/gute – kle, fargar, leiker, bøker, yrker osv.

1.8 Berekraftig utvikling

Berekraftig utvikling handlar om at me menneske imøtekjem dagens behov utan å øydeleggja for at komande generasjonar skal få dekka sitt behov. Me vaksne har ei viktig oppgåve i å lære barn om dette, blant anna korleis me kan ta vare på oss sjølv, ta vare på naturen og omgivnadane rundt oss. I dette arbeidet vil me bruka uteområdet i barnehagen, fjøra, skogen og nærområdet vårt. Me vil at barna skal få leika og læra i naturen og få erfara alt naturen har å by på. På denne måten vil me bidra til at barna vert glad i, kjenner seg heima og ønsker å ta vare på naturen, slik at menneska som skal bu her etter oss skal få oppleva det same. Med kunnskapsrike vaksne som gjer barna gode verdiar, holdningar og kunnskap vil barna kunna få ein begynnande forståelse for berekraftig utvikling. Nysgjerrige og undrande barn vil ta med seg desse erfaringane til seinare i livet og kunna handla og nyttiggjera seg av naturen og ressursane på ein god og bærekraftig måte.

Slik gjer me det:

  • Personalet har fokus på å skapa gode vanar for barna som dei tek med seg vidare i livet, t.d.:
  • Plukka med oss søppel frå naturen når me er på tur
  • Barna får erfaring med gjenbruk og bruk av naturmateriale til ulike aktivitetar
  • Behandla leiker og utstyr me har på ein god måte
  • Oppfordra til lite matsvinn
  • Barna får tidleg erfaring med kjeldesortering
  • Personalet tilrettelegg for at barna skal få leika og læra i naturen og få erfaring med alt naturen har å by på
  • Personalet legg tilrette for at barna får begynnande kjennskap til naturen som ressurs, t.d. laga mat av lokale råvarer
  • Barna er med å planlegga og utvikla barnehagen sin eigen kjøkkenhage, hausta inn og tilbereda råvarene
  • Barna får begynnande kjennskap til mangfaldet i naturen

1.9 Livsmestring og helse

Barnehagen skal ha ein helsefremmande og førebyggande funksjon og bidra til å utjamna sosiale ulikhetar. Rammeplanen beskriv at livsmestring handlar om:

  • fysisk helsa
  • psykisk helsa
  • bidra til barna sin trivsel, livsglede, meistring og følelse av eigenverd
  • førebygga krenkelsar og mobbing
  • førebygga og oppdaga barn som er utsett for omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep

Livsmestring kan definerast som «å utvikle ferdigheter og tilegne seg praktisk kunnskap som hjelper den enkelte til å håndtere medgang, motgang, personlige utfordringer, alvorlige hendelser, endringer og konflikter på en best mulig måte, samt å skape en trygghet og tro på egne evner til å mestre også i fremtiden» (LNU, 2017)

Personalgruppa i Sekse barnehage hadde i perioden 2018-2021 ei felles kompetanseheving på “Inkluderande barnehagemiljø” der me har lært ulike observasjonsteknikkar, tiltak i miljø og individuelt, avdekking og handtering av mobbeatferd m.m. Denne kompetansehevinga har gjort at personalet kollektivt har fått kunnskap som har gjort oss i stand til å førebyggja krenking og mobbing, stoppa det og følga opp.

Slik gjer me det:

  • Tilrettelegga for at alle opplever meistring og på den måten bidra til at alle barn utvikler eit positivt sjølvbilde
  • Støtta barna i å meistra motgang, handtera utfordringar og verta kjent med eigne og andre sine følelsar
  • Barnehagemiljøet skal bera preg av meistring og glede
  • Barnehagen har gode rutinar for å førebygga mobbing og krenkelsar:
    observera barna med jamne mellomrom med fokus på om barnet har eit trygt og godt barnehagemiljø
  • Personalet har kompetanse og kunnskap om korleis arbeida for eit trygt og godt barnehagemiljø, og låg terskel for å setta inn tiltak om ein er usikre på om eit barn har eit trygt og godt barnehagemiljø
  • Personalet har kunnskap om korleis dei kan førebygga og oppdaga om barn vert utsatt for omsorgssvikt, vald eller overgrep
  • Barnehagen arbeider systematisk med tidleg innsats og fokus på BTI – betre tverrfagleg innsats
  • Fokus på å læra barna sunne og gode matvanar
  • Fokus på å læra barna gode vanar når det gjeld hygiene
  • Alle barn får mulighet til kvile i løpet av dagen

 

2. Formålet med og innhald i barnehagen

2.1 Omsorg

Omsorg er ein av verdiane til Sekse barnehage. Grunnleggande for barns trivsel, utvikling og læring er å føla seg trygge. For å skapa trygghet for barna treng me vaksne som viser omsorg, rettleier, set grenser og er gode førebilde gjennom haldningar og væremåte. Personalet i Sekse barnehage arbeider for å vera vaksne som ser barnet som eit unikt og kompetent menneske som medverkar til å skapa sitt eige tilvære. I vår barnehage skal alle barn oppleva at dei vert sett, høyrt, forstått og respekterte, og dei skal få den hjelpa og støtten dei har behov for.

Slik gjer me det:

  • Personalet har fokus på å bygga grunnleggande gode relasjonar med barna, og sørger for at barna kjenner seg trygge i barnehagen
  • Personalet ser kvart enkelt barn
  • Barna vert møtt kvar dag på sine premiss og føresetnader
  • Personalet er varme og trygge vaksne som ser kvart enkelt barn
  • Ved oppstart får barnet tildelt ein primærkontakt som har ansvar for å bygga god relasjon til barnet, kommunikasjon med heimen og sikra barnet ein god start
  • Personalet oppmuntrar og støttar barna til å uttrykka kjenslene sine
  • Personalet er sensitive for kva barna uttrykker og følger opp behovet deira for omsorg

2.2 Leik

For barn er leiken ein naturleg tilstand og eit mål i seg sjølv. Gjennom leiken utforskar og prøver barnet ut eigne evne til omsorg, handling, mot og innleving. Difor er det viktig å ikkje berre sjå leiken som eit pedagogisk verkemiddel for å fremma utvikling hjå barn. Ut i frå forsking på barn veit me at i barn si utvikling er leiken den verksemda som best utviklar barnas ibuande moglegheiter, og at leik og utvikling påverkar kvarandre gjensidig. Gjennom leiken stimulerer barna den språklege, sosiale og motoriske utviklinga, og barna lærer om relasjonar, vennskap, forhandlingar og mykje meir.

Born som ikkje har erfaring i eller kunnskaper om leik kan ha vanskeleg for å forstå og sjå leikesignala, og står i fare for å verta upopulære blant andre born. Vaksne må vera støttande stillas for borna i leiken, læra dei ulike måtar å leika og å koma inn i leiken på. Grunnleggjande for dette arbeidet er at borna føler seg trygge og verdsett slik at dei torer å prøva, utforska, oppdaga og lytta til kva andre formidlar. Det er samstundes viktig at ein jobber med å ha eit inkluderande og aksepterande klima i bornegruppa.

Slik gjer me det:

  • Personalet er støttande stillas for borna i leiken, lærer dei ulike måtar å leika og å koma inn i leiken på.
  • Personalet verner om leiken og er bevisst leiken sin verdi
  • Personalet er tilgjengelig i leiken, enten som deltakar, observatør eller tilretteleggar
  • Romma er tilrettelagt for ulike typar leik og barna har tilgang på eit utval av leiker og materiell
  • Personalet observerer kva barna er interessert i, tilrettelegg rom og miljø og inspirerer barna til å utvida leiken
  • Personalet har gode rutinar for observasjon slik at det vert fanga opp om barn har behov for ekstra støtte
  • Personalet informerer føresette om kven barnet deira leikar med og oppfordrer til å bygga vidare på det heime

2.3 Danning

Danning er ein prosess som føregår heile livet og handlar mellom anna om å utvikla evna til å reflektera over eigne handlingar og veremåtar. Det handlar om å setja borna i stand til å tenka sjølve, søka kunnskap, reflektera over og vurdera vedtatte sanningar, stilla spørsmål og yta motstand på eigne og andre sine vegne. Danning er å utvikla kunnskap, verdiar og haldningar saman, gjennom dialog der alle vert anerkjent som sjølvstendige menneske med kjensler og tankar i ein felles prosess.

Den vaksne si rolla er å vera ein god samtalepartnar, samhandlingspartnar og rettleiar – og ikkje minst vita når ein bør vera tilstades. Noko av det viktigaste i danningsprosessen er å gje borna god sjølvkjensle slik at dei gjennom den kan forstå seg sjølv og andre.

Slik gjer me det:

  • Personalet viser respekt for barna sin kommunikasjon og viser interesse for det barnet uttrykker
  • Personalet filosoferer ilag med barna og stiller gode spørsmål som utfordrer slik at barna lærer å gi motstand
  • Personalet har fokus på å gje barna ei god sjølvkjensle; barna får bekrefte sine tankar og kjensler, opplever å verta tatt på alvor og få tillit, opplever å få bidra i fellesskapet og opplever meistring

2.4 Læring

Barn kan læra gjennom alt dei opplever og erfarer på alle område. Læring i barnehagen vil vera prega av kvaliteten i samspelet mellom barn og personale. Det å gi barna mestringskjensle aukar barna si lyst til vidare utforsking, læring og utvikling, og styrkjer sjølvkjensla. I Sekse barnehage legg personalet vekt på at barna lærer ting dei har nytte av her og no, men legg også til rette for læring barnet vil ha nytte av seinare – barnehagen skal vera ei oppdagingsferd for barnet her og no, men også ein treningsarena for vidare skulegang og livsprosjekt.

Slik gjer me det:

  • Personalet legg vekt på ein anerkjennande væremåte i høve barn si læring
  • Personalet er merksame på interessene til barna og legg til rette for læring i ulike situasjonar og aktivitetar
  • Barnehagen har ein plan for progresjon og utvikling i innhaldet i barnehagen
  • Barna får rike og varierte opplevingar, og personalet nyttar spontane moglegheiter til læring
  • Personalet skapar eit stimulerande miljø på avdelinga som innbyr til utforsking og undring, t.d. materiell i høve tema barna interesserer seg for, bøker, spel, leikekrokar med ulike tema
  • Personalet nyttar digitale verktøy for å finna informasjon saman med barna
  • Barna får ulike erfaringar i nærmiljøet der me vert invitert til å delta i ulike aktivitetar

2.5 Vennskap og fellesskap

Barnehagen er ein viktig del av barnas sosialiseringsprosess. Dette handlar om å utvikla seg som individ, fungera i gruppe og i samspel med andre. Eit aktivt og tydeleg personale er nødvendig for å skapa eit varmt og inkluderande sosialt miljø. Anerkjennelse, tillit og trygghet er grunnleggande element for utvikling av sosial kompetanse.

Sosial kompetanse er eit sett av ferdigheter, kunnskaper og haldningar som me treng for å meistra ulike sosiale miljø. (Rammeplan 2017). Det handlar blant anna om å kommunisera og å kunna samhandla godt med andre i ulike situasjonar. Eit barn som samhandlar godt med andre kan både tilpassa seg fellesskapet og vera ein synlig deltakar som hevder sin plass.

I Sekse barnehage skal alle barn oppleva positivt samspel med andre og erfara at dei er verdifulle i fellesskapet. For å få til dette arbeider personalet for å vera varme og autoritative vaksne som er gode på å bygga relasjonar til barna, rettleiiande, tydelege i grensesetting og å sjølve gå foran som gode rollemodellar.

Illustrasjon av to barn som går hand i hand. Illustrasjon.
  • Oppleva eigeverd, akseptera seg sjølv, kjenna seg akseptert, oppleva indre styrke og ha ei positiv haldning til seg sjølv
  • Tilpassa seg ulike situasjonar samstundes som deira initiativ, medverknad og medbestemming vert sikra
  • Gjennom empati og rolletaking skal barna visa innleving i dei andre sine kjensler, tankar og perspektiv
  • Barna skal kunna hevda seg sjølv og eigne meiningar på ein god måte
  • Leik, glede og humor handlar om leikeferdigheter som å kunna skilja leik frå annan aktivitet, tolka leikesignal, og å kunna la seg riva med og føla glede, spøka og ha det moro
  • Hjelpa, oppmuntra, dela med kvarandre, vera merksam og visa omsorg
  • Venta på tur, kunna utsetta eigne behov, medverka til kompromiss, innordna seg felles avgjersler og takla konflikt
  • Stå imot gruppepress
  • Bli med på leik og samtalar som alt er i gang – delta uoppfordra og invitera andre
  • Jobba målretta og langsiktig
  • Vera gode rollemodellar, samarbeida, vera lydhøyre for andre, balansera mellom å sleppa andre til og sjølv bidra i fellesskapet
  • Gjennomføra samspelsanalysar
  • Bygga gode relasjonar til barna, vera tydelege på grenser ved å gi beskjed om korleis me vil at åtferda skal vera – autoritative, varme og grensesettande vaksne
  • Støtta barna i deira utvikling, stillasbygging
  • Legga opp til individuell tilpassing, oppgåver og ansvar innanfor barnet si næraste utviklingssone
  • Gjera alt ein kan for at kvart einskild barn skal lukkast som sjølvstendige sosiale individ

2.6 Kommunikasjon og språk

Tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av barnehageinnhaldet. Erfaringar og opplevingar, samtalar og uttrykk er viktig for å utvikla eit godt språk, både verbalt og kroppsleg. Små barn utan verbalt språk kommuniserer ved hjelp av andre uttrykk som mimikk og rørsle. Barnet gir meldingar og innspel som omsorgspersonane må tolka og ta omsyn til. Korleis barnet sitt potensial for utvikling blir ført vidare er avhengig av om og korleis miljøet rundt barnet klarar å gi barnet den støtte det treng. Dette er avhengig av miljøet si evne til å ta i mot bodskapen til barnet og gi konstruktiv respons på den. Språkutviklinga skjer gjennom sosialt samspel og er ein del av barnet si kognitive utvikling. Sekse barnehage ønskjer å legga til rette for at barna skal kunna utvikla eit rikt og variert språk. Me vil legga til rette for aktiv språkbruk for alle barn, og fokusera på at dei vaksne er gode språkmodellar.

Slik gjer me det:

  • Samlingsstunder med eventyr, songar, regler og dikt. Me brukar ofte konkrete gjenstandar i formidlinga, gjenstandar og figurar som er relevante i forhold til det teksten handlar om, la barna kjenne – sansing (magiske samlingstunder inspirert av Trude Anette Brendeland).
  • Språkgrupper. Me oppmuntrar fleirspråklige barn spesielt til språklig aktivitet. Me støtter barn med kommunikasjonsvanskar og forsinka språkutvikling.
  • Faste lesestunder. Handlingsplanen Lesa for livet som er vår eige prosjekt, der språkstimulering er sett i fokus. Kvar dag vert borna lesne for. Saman eller ein til ein. Me formidlar gjennom å dramatisera og visualisera.
  • Lesing med bruk av digitale verktøy.
  • Daglig kommunikasjon – naturlege situasjonar, samtalar om det barna har opplevd. Dei får bruka orda i eit utal av samanhengar.
  • Leik i eit språkstimulerande læringsmiljø
  • Besøk på biblioteket

 

3. Arbeidsmåtane til barnehagen

3.1 Arbeidsmåtar

Det pedagogiske innhaldet i Sekse barnehage er under kontinuerlig utvikling. Planlegginga vert basert på kunnskap om born si utvikling og læring, både individuelt og i gruppe, på observasjon og dokumentasjon, systematisk vurdering og på samtalar med barn og foreldre.

“Barnehagens innhald skal vera allsidig, variert og tilpassa enkeltbarnet og barnegruppa. I barnehagen skal barna få leika og utfolda skaperglede, undring og utforskartrang. Arbeidet med omsorg, danning, leik, læring, sosial kompetanse og kommunikasjon og språk skal sjåast i sammenheng og samla bidra til barns allsidige utvikling” (Rammeplan 2017)

I Sekse barnehage tek me utgangspunkt i barna sine erfaringar og interesser, og varierer mellom spontane og planlagte aktivitetar. Kvar dag vert barna delt i mindre grupper slik at me sikrar at alle vert sett, hørt og får tilpassa aktivitet ut frå alder og utvikling. Me arbeider ofte ut frå tema eller mindre/større prosjektarbeid ut frå barna sin medverknad.

3.2 Tilvenning

Ei god tilvenning i barnehagen er viktig for at barnet skal få ein best mogleg start i sin nye kvardag. Ein mjuk start gir eit godt grunnlag for ein god barnehagekvardag. Det er store individuelle forskjellar på kor raskt eit barn venner seg til sine nye omgivnader, og der enkelte barn finn seg raskt til rette vil andre bruka noko lengre tid. Dette finn me ut av ilag når barnet begynner. For å gjere tilvenninga lettare kan det vera lurt å koma innom på besøk i forkant av tilvenninga, slik at barnet kan møta dei vaksne, barna og gjera seg litt kjent både ute og inne i barnehagen. Før oppstart tar barnehagen kontakt for å avtala heimebesøk. Når bornet kjem på tilvenning vil de få tildelt ein primærkontakt som har særskilt ansvar for å fylgja opp born og foreldre. Primærkontakten skal vera bornet sin trygge base og skapa eit trygt fundament for bornet den første tida. Ta gjerna med ein kjent bamse, klut, leika eller noko som betyr noko for bornet. Detta kan minna om mor/far og representera tryggleik, og kan hjelpa til å gjera overgangen til barnehagen litt lettare.

Ein god start for både barn og foreldre er viktig, og ein gjensidig og varm kommunikasjon mellom personal og føresette vil ha ein positiv effekt for trivnaden til barnet. Når personalet ser barn og foreldre saman vil dei få informasjon om korleis barnet kommuniserar og barnet sine vanar. Denne informasjonen bidrar til at personalet seinare kan kjenna att signala og lettare tolka barnet sitt behov.

Slik gjer me det:

  • Styrar sender ut velkomstbrev i god tid før barnet startar i barnehagen
  • Foreldre og barn kan koma innom på besøk i forkant av tilvenninga
  • Pedagogisk leiar avtalar heimebesøk før tilvenning
  • Barnet får tildelt ein primærkontakt som har ansvar for å bygga ein god relasjon til barnet og ha kommunikasjon med foreldra den første tida
  • Foreldra bør setta av minimum 1 veke til tilvenning
  • Personalet er tett på den første tida og sender melding/ringer til føresette for å fortelja korleis barnet har det

3.3 Progresjon

Progresjon i barnehagens innhald er noko som vert vektlagt i rammeplanen. Det står blant anna at:

«Alle barna skal kunne oppleve progresjon i barnehagens innhold, og barnehagen skal legge til rette for at barn i alle aldersgrupper får varierte leke-, aktivitets- og læringsmuligheter. Personalet skal utvide og bygge videre på barnas interesser og gi barna varierte erfaringer og opplevelser.» (Rammeplan 2017, s. 44)

Progresjon kan tenkast både lineært (t.d. eplefrø – eple – epletre – fleire eple) og meir komplekst (eplejuice – smak – lukt – taktilt – eple – bruksområde – epletre – klatring osv.) I Sekse barnehage arbeider personalet for å skapa eit tillegg til det barna opplever, erfarer og erkjenner, og utvider det barna allerede er interesserte i. Det handlar ikkje om fasitsvar, men om prosessen der barna opplever, erfarer og reflekterer og sjølv oppdager samanhengar og skaper teoriar om verden rundt seg.

I vår barnehage legg me vekt på at det skal vera ein naturleg progresjon mellom dei ulike avdelingane, men og at det vert tilrettelagt for progresjon i gruppa og individuelt. Det krever at personalet oppdager kva barna er opptatt av , legg til rette for meistring og passelege utfordringar, introduserer nye perspektiv og planlegg for progresjon for alle barn.

For å sikra at barna møter ulikt innhald på dei ulike avdelingane har me utarbeidd ein progresjonsplan for barnehagen som skal vera eit utgangspunkt for personalet til å nytta i planlegging.

3.4 Barns medverknad

Alle barn i barnehagen, uavhengig av alder og utvikling, har lovfesta rett til å medverka til eigen kvardag i barnehagen. Medverknad kan tolkast på ulike måtar, og i Sekse barnehage tolkar me omgrepet i ein vid forstand der medverknad er: «å gi barn et rom – både i fysisk og psykisk forstand – for å uttrykke seg og virke/samhandle med andre». (Berit Bae 2006). Ein viktig faktor i dette er det å samhandla; me skal ta omsyn til kvart enkelt barn samstundes som me tar omsyn til barnegruppa og fellesskapet.

Barn gir uttrykk for korleis dei har det og korleis dei oppfattar eigen situasjon gjennom kroppslege signal, ved hjelp av verbalspråket og gjennom andre uttrykksmåtar som teikning og leik. Personalet observerer og følgjer opp uttrykka til barna og bruker dei vidare spontant og i planlegging. Nokon av måtane å gjera det på er t.d. ved å bruka praksisforteljingar, bildedokumentasjonar og å vurdera saman med barna. Me har fokus på å skapa faste møteplassar der barna får uttrykka seg og gi sitt syn på innhaldet i barnehagen. Slike møteplassar kan t.d. vera samlingsstund, rundt fruktmåltidet og planlagde barnesamtalar.

Medbestemming er ein del av medverknad og handlar om å vera med å bestemma og å ta beslutningar. Barn har rett til å få muligheten til å ta beslutningar for seg sjølv, men samtidig er det viktig at me har med oss at barna heller ikkje skal få meir ansvar enn dei er rusta til å ta. Barna må ikkje stillast til ansvar for å ta avgjersler dei ikkje er klare for.

3.5 Vurdering

Vurdering er ein føresetnad for endring og utvikling av innhaldet i barnehagen. Ved å vurdera internt må me sjå på eigen praksis og reflektera rundt om praksisen samsvarar med måla våre. Vurderingane gjer me med utgangspunkt i tilbakemeldingar frå barn og føresette, observasjonar, barnesamtalar og personalet sine refleksjonar. I Sekse barnehage vurderer me både fortløpande på ulike møtearenaer i barnehagen, og halvårleg. Målet med vurderingane er å skapa ein god barnehage for enkeltbarnet.

Slik gjer me det:

  • November – foreldreundersøking der foreldre får gi sitt synspunkt på barnehagen
  • Desember – halvårsvurdering i personalgruppa
  • Januar – barnehagen utarbeider tiltaksplan ut frå halvårsvurdering og foreldreundersøking
  • April – foreldremøte med vurdering av ulike fokusområde som barnehagen ynskjer å få fleire synspunkt på, valgt ut frå foreldreundersøkinga
  • Mai/juni – årsvurdering i personalgruppa

 

Illustrasjon i blått av barn som slår ut med hendene, oppgitt. Illustrasjon.

4. Overgangar

4.1 Heim/barnehage

Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen. Barnehagen skal tilpasse rutinar og organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablere relasjonar og knyte seg til personalet og til andre barn. Når barnet byrjar i barnehagen, skal personalet sørge for tett oppfølging den første tida, slik at barnet kan oppleve tilhøyrsle og føle at det er trygt å leike, utforske og lære. Sjå meir informasjon om tilvenning under kapittel 3.2 Tilvenning

4.2 Internt i barnehagen

I Sekse barnehage har me to avdelingar, og i løpet av barnehagetida vil det skje ein overgang frå småbarnsavdeling til storbarnsavdeling. Overgangen til ny avdeling inneber mange endringar for barnet; nye vaksne, ny garderobeplass, nye rom, nye barn, større barnegruppe, nye rutinar m.m. Det er stor forskjell frå å vera eldst på småbarnsavdeling til å bli yngst på storbarnsavdeling. Det er viktig at personalet er bevisst denne overgangen og arbeider med tilvenning til ny avdeling. Dette inneber at avdelingane må samarbeida tett slik at personalet på småbarnsavdelinga kan arbeida for å førebu barna i god tid.

Slik gjer me det:

  • Småbarnsavdelinga lånar lokala til storbarnsavdelinga når den er ledig slik at barna kan utforska lokala innanfor trygge rammer
  • Mai/juni- besøk mellom dei eldste på småbarn/yngste på storbarn slik at dei kan verta kjent
  • Mai – foreldresamtale
  • Mai – barnet får ein primærkontakt som har fokus på å bygga relasjon til barnet før overgang
  • Juni – overgangssamtale internt
  • August, nytt barnehageår – barnet begynner på ny avdeling, vert møtt av ny primærkontakt
  • September – oppstartsamtale på ny avdeling

4.3 Frå barnehage til skule

Barnehagen skal i samarbeid med Opedal skule og føresette legga til rette for at barna får ein trygg og god overgang til skulen.

Heile siste året i barnehagen har førskulegruppa ein fast dag i veka med eige opplegg, “Klubben”. I klubben får barna undra seg, vera nysgjerrige, leika, læra og ha det moro på veg til skulen. Med utgangspunkt i “Leikebasert læring” får barna legga grunnlaget for å utvikla ferdigheter som er viktige både her og no og vidare i livet. Arbeid med sosial kompetanse, språk, sjølvregulering og matematikk er områder som er sentrale i klubben. Utpå vinteren vert det oppretta samarbeid med Veisane barnehage der det og går barn som skal begynna i 1. klasse på Opedal skule. Førskulegruppene besøker kvarandre sine barnehagar og har ulike aktivitetar ilag slik at dei kan verta litt kjent før skulestart.

Slik gjer me det:

  • August – opprette “Klubben” for førskulegruppa
  • Februar/mars – innskriving på Opedal skule (barn og føresette)
  • Mars – oppretta samarbeid med Veisane barnehage
  • Mai – skulebesøk tre dagar
  • Mai – overgangssamtale med skulen
  • Juni – avslutningstur til Mikkelparken

 

5. Samarbeid mellom heimen og barnehagen

5.1 Foreldra sin medverknad

Foreldra kjenner barnet sitt best og er dei viktigaste omsorgspersonane for barna, og difor ein viktig ressurs for barnehagen som me ønskjer å ha eit nært og godt samarbeid med på alle plan. God kommunikasjon mellom personalet og foreldra er ein føresetnad for godt samarbeid. Barnehagen ønskjer regelmessig kontakt og at samarbeidet skal bygga på gjensidig tillit og respekt.

Samarbeidsformer som skal sikra foreldra sin medverknad:

  • Dagleg kontakt når barna kjem, og vert henta i barnehagen
  • Foreldremøte, ein til to gongar i året
  • Foreldresamtalar, to gongar i året – og elles ved behov
  • Oppstartsamtalar/møte med nye foreldre
  • Samarbeidsutval og foreldreråd
  • Årsplan, månadsplanar
  • Dokumentasjon
  • Brukarundersøkingar
  • Ulike arrangement som foreldrekaffi, påskefrukost og sommaravslutting
  • Dugnadar

5.2 Planlegging og vurdering

“Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast og vurderast. Barn og foreldre har rett til å medverke i desse prosessane. Målet med barnehagen som pedagogisk verksemd er å gi barna eit tilrettelagt tilbod i tråd med barnehagelova og rammeplanen. For å oppnå dette skal barnehagen vere ein lærande organisasjon, og det pedagogiske arbeidet skal vere grunngitt i barnehagelova og rammeplanen.” (Rammeplanen for barnehagar 2017)

I Sekse barnehage får barna får delta i planlegging og vurdering via daglege samtalar, barnesamtale og barnemøter. Føresette får delta i planlegging og vurdering på foreldremøte og foreldresamtalar og ellers innspel som kjem fram i dagleg kommunikasjon. Innspel vert tatt med i vidare planlegging. Planlegging vert gjort årleg (årsplan) og for ein månad av gongen (månadsplan), og er eit utgangspunkt for det pedagogiske arbeidet. For meir informasjon om vurdering sjå punkt 3.6.

Slik gjer me det:

  • Foreldra får tilsendt månadsbrev ein gong i månaden med informasjon om tema/mål for komande periode
  • Kvar fredag vert det sendt ut dagbok frå avdelinga med bilder og tekst frå den veka

5.3 Foreldremøter og foreldresamtalar

Foreldra får tilbud om foreldresamtale ein gong på hausten og ein gong på våren. Her vert det tatt opp tema som barnehagen eller heimen ynskjer å samtala om. Stort sett handlar det om einskildbornet sin trivnad og utvikling. Er det ynskje eller behov for det kan foreldra eller barnehagen be om til fleire samtalar.

Første foreldremøte prøver me å ha ganske tidleg etter oppstart på hausten. Her får foreldra informasjon om oppstart, informasjon om årsplan og praktisk informasjon frå avdelingane. Utpå våren kallar me inn til eit nytt foreldremøte der vurdering er i fokus.

5.4 Foreldreundersøkinga

Ein gong i året, i november, skal barnehagen sende ut ei foreldreundersøking via UDIR sin nettportal. I foreldreundersøkinga får føresette sei si meining om barnehagetilbodet kring barna sin trivsel, utvikling, informasjon, barnehagen sitt fysiske miljø og samarbeidet mellom heim og barnehage m.m.

Undersøkinga har omlag 30 spørsmål. Resultata frå Foreldreundersøkinga vert brukt av barnehagen og styrar som ein hjelp til å vurdera og utvikla barnehagetilbodet. Når resultat frå undersøkinga føreligg vil barnehagen bruka denne informasjonen i dialogen med foreldrene t.d. på foreldremøte.

5.5 Visma Flyt Barnehage

Sekse barnehage nytter Visma Min Barnehage-appen som teneste kor du som foresatt enkelt kan kommunisera med barnehagen, samt enkelt følge med på ditt barns kvardag i barnehagen. Det er ynskjeleg at foreldre/ føresette laster opp denne, ellers kan info delast i papirform.

Med Min Barnehage-appen kan du enkelt:

  • Motta og sende meldinger med barnehagen
  • Registrera kva dagar ditt barn ikkje skal vera i barnehagen
  • Motta dagbok som fortel om barnets små og store opplevingar i barnehagen, i form av tekst og bildedeling
  • Gi eller avslå samtykker

 

Illustrasjon av eng i blåtonar. Illustrasjon.