Ordensreglar ved Vikebygd skule
Du har plikt til
- å vera høfleg og visa respekt for alle
- å visa ansvar for skulen sin eigedom og erstatta ting du øydelegg eller mister
- å møte tidsnok til undervisning
- å ha med bøker, opplada Chromebook, blyantar, viskelær, gymkle, regnkle og anna utstyr.
- å ha gjort leksene, vera førebudd med orden i ranselen.
- å halda undervisningsrom, gongen og skuleplass i orden
- å gå rolig inn og ut av skulebygget
- å vera på skulen sitt område i skuletida
Du har rett til
- å kjenna deg trygg på skulen, bli behandla høfleg og med respekt
- at skulen hjelper deg å finne årsaken til konflikter, vantrivsel, dårleg orden eller dårleg samarbeid med andre osv.
- arbeidsro i klasserommet
- at eigedelane dine får vera i fred
Du må elles hugse at
- tobakk og rusmidler er skadeleg og derfor forbudt
- det er lov å kaste snøball mot oppsett blink
- det er ikkje lov å ete godteri i skuletida
- ytterkle skal henga på knaggane i gangen
- toalett og gong ikkje er opphaldsrom
- rektor kan i følge lova vise bort ein elev resten av skoledagen. Bortvisning kan bli brukt dersom elevar fleire gonger bryt ordensreglane på ein grov måte.