Eidesåsen friluftsbarnehage

Opningstid

  • kl. 06.45 – 15.45

 

“Opplev venskap og naturglede saman med oss”

Eidesåsen friluftsbarnehage ligg på ei naturtomt omlag 3 km frå Odda sentrum i eit bustadområde. Barnehagen vart bygd i 1991, og har 2 avdelingar med 42 plassar.

Friluftsbarnehagen har flotte nærområde som gir oss rike høve for opplevingar og aktivitetar i naturen. Her har vi tilgang til mellom anna grillhytte, lavvo og eldhus.

Verdigrunnlaget vårt skal byggja på respekt, mangfald, likeverd og inkludering. Alle barn skal vere tryggja i barnehagen, og kvar dag få oppleva omsorg, meistring, læring og inkludering, og ha ein kvardag utan krenkingar og mobbing.

 

Årsplan – Eidesåsen friluftsbarnehage >>>

To barn som sit med regnklede og sossar i vatn ein flott haustdag. Bilete.

Kontakt oss

Eidesåsen friluftsbarnehage

Eidesåsen 154

5750 Odda

53 65 42 15

Heidi Sandvin Vangen

Styrar

heidi.vangen@ullensvang.kommune.no

91 24 56 02

Eidesåsen friluftsbarnehage sin visjon er:

“Opplev venskap og naturglede saman med oss”

Barnehagen ligg på ei naturtomt omlag 3 km frå Odda sentrum i eit bustadområde. Barnehagen vart bygd i 1991, og har 2 avdelingar med 42 plassar.

Den flotte skogen rundt barnehagen gjev oss rike høve for opplevingar og erfaringar i naturen. Vi brukar Eidesåsen Vel sitt aktivitetsområde med eldhus, røykeri, grillhytte og uteplass med grue. I grillhytta kan vi søkje ly når været utfordrar oss som verst. Fleire av turene våre går til dette området, og vi kallar området for Basen vår.

Med Basen som utgangspunkt går vi turar videre til bekken eller leikeplassen i Eidesåsen. Ved leikeplassen er det grillhytte, ballbinge, disser og eit skogsområde vi nyttar når vi er der. Like over barnehagen er det og ein skog vi nyttar i leik og aktivitetar, dette området kallar vi Lurveleggskogen då Lurvelegg og kona bur der 🙂

Vi har også eit naturområde knytt til barnehagen, her har vi lavvo og gapahuk, dette området vert nytta til ulike aktivitetar, men også til leik i skog og natur.

Vårt verdigrunnlag skal bygge på respekt, mangfold, likeverd og inkludering. Alle barn skal vere trygge i barnehagen, og kvar dag få oppleve omsorg, meistring, læring og inkludering, og ha ein kvardag uten krenkingar og mobbing.

 

Lov om barnehager (barnehageloven)

§4.Foreldreråd og samarbeidsutvalg

For å sikre samarbeidet med barnas hjem, skal hver barnehage ha et foreldreråd og et samarbeidsutvalg.

Foreldrerådet består av foreldrene/de foresatte til alle barna og skal fremme deres fellesinteresser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppen skaper et godt barnehagemiljø. Er det i forskrift etter § 15 satt maksimalgrense for foreldrebetaling, kan bare foreldrerådet samtykke i foreldrebetaling ut over dette.

Samarbeidsutvalget skal være et rådgivende, kontaktskapende og samordnende organ. Samarbeidsutvalget består av foreldre/foresatte og ansatte i barnehagen, slik at hver gruppe er likt representert. Barnehagens eier kan delta etter eget ønske, men ikke med flere representanter enn hver av de andre gruppene.

Barnehageeieren skal sørge for at saker av viktighet forelegges foreldrerådet og samarbeidsutvalget.

Artikler