Årsplan 2022/23 – Eidesåsen barnehageKva er ein årsplan?Ansvar og rollerVerdigrunnlaget til barnehagenHovudmålBarnehagen sitt formål og innhaldVaksenrollaTidleg innsatsLeikDanningFysisk miljøLivsmeistring og helseBarna sin medverknadSamarbeidet med barnet din heimOvergangarBarnehagen som pedagogisk verksemdVurderingBarnehagen sine arbeidsmåter Barnehagen sine fagområder Årshjul/VekeplanBrukarundersøking

Årsplan 2022/23 – Eidesåsen barnehage

Barnehagen ligg på ei naturtomt 3 km frå sentrum i eit bustadområde. Barnehagen vart bygd i 1991, og har 2 avdelingar med til saman 18 plassar der barna er 3-6 år og 9 plassar der barna er 1-2 år. Barn under 2 år tel to plassar. Vi har 27 barn totalt men 36 plasser. Avdeling Bjørk har 18 barn der barna er 3-6 år, og avdeling Furu har 9 barn der barna er 1-2 år.

Den flotte skogen rundt barnehagen gjev oss rike høve for opplevingar og erfaringar i naturen. Vi brukar Eidesåsen Vel sitt aktivitetsområde med eldhus, røykeri, grillhytte og uteplass med grue. I grillhytta kan vi søkje ly når været utfordrar oss som verst. Fleire av turane våre går til dette område som utgangspunkt, og vi kallar området for basen vår.

 

Kva er ein årsplan?

  • Arbeidsreiskap for personalet
  • Utgangspunkt for foreldrene sin moglegheit til å påverke innhaldet i barnehagen
  • Grunnlag for kommunen sitt tilsyn med barnehagen
  • Informasjon om barnehagen sitt pedagogiske arbeid til eigar, politikarar og barnehagen sine samarbeidspartnarar

 

Årsplanen byggjer på fylgjande dokument:

  • Lov om barnehage
  • Rammeplan for barnehage
  • Vedtekter for barnehagane i Ullensvang kommune

 

Ansvar og roller

Barnehageeigar og alle som arbeider i barnehagen, skal saman bidra til å oppfylle måla og krava i rammeplanen med utgangspunkt i sine erfaringer og sin kompetanse.

  • Barnehageeigar har det juridiske ansvar for kvaliteten i barnehagetilbodet.
  • Styrar har det daglege ansvaret i barnehagen; pedagogisk, personalmessig, og administrativt.
  • Pedagogisk leiar skal iverksetja og leia det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn.

 

Verdigrunnlaget til barnehagen

Vårt verdigrunnlag skal bygge på respekt, mangfald, likeverd og inkludering.

Dette gjer vi gjennom at vi legg til rette for eit demokratisk fellesskap der barna får oppleve at det finns mange måter å tenke, handle, og leve på.

Vi anerkjenner og ivaretar barndommen sin eigenverdi gjennom respekt og anerkjennelse, og vi legg til rette for trivsel, livsglede, meistring og kjensle av eigenverd.

Vi førebyggjer og avdekker krenkelse og mobbing. Barna vert støtta i å meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre sine kjensler. Barna skal lære å ta vare på seg sjølv og kvarandre, men også naturen. Dei skal få eit grunnlag til å tenke kritisk, handle etisk og vise solidaritet.

 

Hovudmål

Alle barn skal vere trygge i barnehagen, og kvar dag få oppleve omsorg, meistring, læring og inkludering, og ha ein kvardag uten å verta krenka og mobba.

Korleis:

  • Varme og tydelege vaksne som legg til rette for eit godt psykososialt miljø i barnegruppa og for det enkelte barn.
  • Aktivt deltakande vaksne saman med barna.
  • Gjennom observasjonar og refleksjonar skal personalet avdekke og finne tiltak for å gjere kvardagen enno betre for alle.

 

Barnehagen sitt formål og innhald

Satsingsområde i Eidesåsen barnehage er realfag.

Mål:
Eidesåsen barnehage ynskjer å skape eit godt utvikling- og læringsmiljø, som tar utgangspunkt i naturen. Vi legg til rette for å auke barna sin kompetanse innan realfag og berekraftig utvikling.

Korleis:

  • Aktivt deltakande vaksne i barna si undring, meistring og læring i barnehagen, på tur og i forhold til berekraftig utvikling.
  • Vi held fokus på korleis vi kan nytte naturen på ein berekraftig måte, vi bruker kjøkkenhagen aktivt og barna får innsikt i korleis vi kan produsere vår eigen mat.
  • Prosjektarbeid med utgangspunkt i naturen.
  • Inkludering gjennom heile dagen, i leik, leikegrupper, aktivitetar og i kvardagsaktivitetar.
  • I vårhalvåret vil vi ha stor fokus på det nye uteområdet vårt, her skal barna få medverke til å lage ein naturleikeplass, vi arbeider med det som eit prosjekt dette halvåret.

 

Vaksenrolla

Vår grunnleggande haldning i Eidesåsen barnehage er at barn og vaksne er likeverdig. Barn sine tankar og følelsar er like mykje verdt som dei vaksne sine. Dei vaksne viser barna respekt og tek dei på alvor når dei formidlar ei oppleving, kjensle eller tanke. Vi ynskjer å inngå i eit positivt og sensitivt samspel med barna, forstå, og forsøke å dekke barnet sine følelsesmessige behov for kontakt med ein vaksen. Dette er ein avgjerande forutsetning for læring.

Mål:
Alle barn skal møta varme og forutsigbare vaksne i barnehagen. Barna skal føle seg trygge, beskytta og tatt vare på av dei vaksne.

Autoritativ vaksen
Kva er ein autoritativ vaksen:

  • Det går ut på at den vaksne er varm og viser omsorg for barnet, samtidig som den vaksne er tydeleg. For å kunne vera tydeleg, må den vaksne utvikle gode relasjonar til barnet.
  • Den vaksne må vera god på relasjonsbygging, og god på grenser og krav.

Korleis:

  • Vi jobber heile tida med å bygge gode og varme relasjoner til barnet. Dette gjer vi ved å vere til stades, lytte til barnet og forstå barnet og fylgje deira initiativ.
  • Vi lager gode opplevingar saman med barnet.
  • Humor og glede er viktig i kvardagen.
  • Når vi har klart å få ein god relasjon til barnet er det lettare å vere tydeleg når det trengs.
  • Grenser vert satt på ein mild, men tydeleg måte, og dei vert fulgt opp i etterkant.
  • Når ein har ein god relasjon til barnet vil barnet betre tåle å få grenser av denne.
  • Alle i personalgruppa er ansvarleg for å bygge gode relasjonar til alle barna, for å sikre dette vil det på avdelingsmøtea jamleg vere refleksjoner og rettleiing rundt dette.

 

Circle of security:
Trygghetssirkelen handler om å gje barn nærleik og tryggleik, å hjelpe dei med vanskelige følelsar og å støtte barnet i utforsking og leik. Det fins to grunnleggande behov hjå alle menneskebarn, to behov som går i kvar sin retning, men som likevel heng tett saman:

  • Tilknytning: barnet er avhengig og har behov for vern og omsorg.
  • Utforsking: barnet sitt sjølvstende og behov for å undersøke verden og meistre verda.

Behova er avhengig av kvarandre. For å kunne utforske må barnet kjenne seg trygg og under beskyttelse. Dvs. at barnet må ha ein viss ro inni seg for å klare å vere nysgjerrig på verda. På den andre sida kan barnet bli både redd, sint og trøtt når det utforsker verda. Da trer behovet for nærleik og tilknytning fram igjen.

Korleis:

  • Personalet er pådrivarar og oppmuntrar barnet til å utforske verda rundt seg, og å oppleve meistring
  • Personalet passar på at alle vert inkludert i leiken, og hjelper viss nokon strever med dette
  • Personalet er tilstades
  • Personalet ser barnet, trøyster og gjev omsorg

 

Illustrasjon basert på "Circle of Security"Illustrasjon basert på "Circle of Security"

Tidleg innsats

Ullensvang kommune, avd. oppvekst, fokuserer på tidleg innsats for å hjelpe barnet til god trivsel og god utvikling.

Mål:
Alle barna skal få oppleva ein trygg og god barnehagekvardag, med utfordringar som passar sitt utviklingsnivå.

Korleis:

  • Personalet er tilstades og observerer og reflekterer rundt barn sin trivsel og utvikling.
  • Personalet skriv praksisforteljingar.
  • Personalet reflekterer saman rundt observasjonar, praksisforteljingar og finn tiltak for å hjelpe barn som treng ekstra støtte.
  • Personalet legg til rette for eit godt psykosoialt miljø i barnehagen, og tilpassar det allmennpedagogiske tilbodet etter barna sitt behov og føresetnadar.
  • Personalet søker hjelp ved behov.
  • Personalet nyttar BTI-rettleiaren til Ullensvang kommune. Bedre tverrfaglig innsats (BTI) er ein rettleiar som skal hjelpe oss med å gi riktig og god hjelp til barn og unge som treng det.

 

Leik

Leiken er barna sin viktigaste arena for utvikling og læring, den er eit mål i seg sjølv, og den gir barna høve til å samhandle både sosialt og språklig.

Mål:
Alle barn skal få oppleve meistring, inkludering, glede, humor, spenning og engasjement gjennom leiken – aleine og saman med andre.

Korleis:

  • Gje rom for leiken både inne, på uteområdet og i skogen
  • Gje nok tid til leiken, slik at vi unngår for mange avbrot i etablert leik
  • Skapa eit leikemiljø tilpassa barna sine behov, ynskjer og rørsle og skaparkraft
  • Bidra til at barna får felles erfaringar som grunnlag for leik, og legg til rette for utvikling av leiketema
  • Observere, reflektere støtte, delta i og berike leiken på barna sine premisser
  • Rettleie barna hvis leiken fører til uheldig samspillsmønster
  •  Vere bevisst på og vurdere eiga rolle og deltaking i barna sin leik
  • Ta initiativ til leik og aktivt bidra til at alle kommer inn i leiken

 

Danning

Danning er ein kontinuerlig og livslang prosess der barn blir forma gjennom aktiviteter dei deltek i, og gjennom utforskning av dei arenaer som er gjort tilgjengelig for dei.

Mål:
Barnehagen skal tilby barna ulike innfallsvinklar, arenaer og aktivitetar som eit utgangspunkt for danning.

Korleis:

  • Vi vil tilby barna varierte aktivtetar og danninggsareaner
  • Alle “møteplassar” og aktivitetar vert grunnlag for barna sin danningsprosess

 

Fysisk miljø

Fysisk miljø som ein del av det pedagogiske arbeidet. Vi vil ta i bruk dei tre pedagoger; barnet, rommet og personalet.

Mål:
Utforming av det fysiske miljøet ute og inne skal vekke interesse for oppleving, fremme barna sin trivsel og læring, og gje rom for inkludering og samarbeid.

Korleis:

  • Ha ulikt materiale lett tilgjengelig for barna.
  • Barna sin medverknad, kva er interesser i år, korleis utforme rommet i forhold til det.
  • Ta rommet opp til refleksjon i personalgruppa, korleis legge til rette for god og inkluderande leik.
  • Vi vektlegg bruk av naturområda rundt barnehagen og nærmiljøet for opplevingar og utfordringar.
  • I ulike aktivitetar deler vi barna i grupper. Gjennom samvær i mindre grupper får den vaksne god kjennskap til kvart enkelt barn, og dermed forutsetning for å gi støtte til den enkelte i sin utvikling. Det er for barnet også lettere å bli trygg i ei lita gruppe.
  • Rommet blir brukt som den tredje pedagog ved å stimulere til teikning, leikeskriving, og tall og bokstav skriving.

 

Livsmeistring og helse

Sosial kompetanse er ein føresetnad for å fungere godt samen med andre og omfattar ferdigheiter, kunnskapar og haldningar som vert utvikla gjennom sosialt samspel.

Mål:
Barna skal trivast, meistre og kjenne på eigeverd og livsglede når dei er i barnehagen. Mobbing og krenkingar skal verta førebygde og avdekka så tidleg som mogeleg.

Korleis:

  • Gje barna utfordringar ut frå alder og modning
  • Inkludere barna i oppgåver og aktivitetar i barnehagen ut frå barna sine føresetnader
  • Arbeid med sosial kompetanse i kvardagsaktivitetar, leik og andre aktivitetar
  • Rørsleleik utan vaksenstyring
  • Humor og glede i kvardagen
  • Medverknad i kvardagen

 

Barna sin medverknad

Mål:
Gjennom kjennskap til barnegruppa og kvart einskild barn sine interesseområder, gjennom pedagogisk dokumentasjon og observasjonar skal vi fange opp, og kartlegge barna sine interesser og behov.. Dette skal vere utgangspunkt for våre planer og prosjektarbeid

Korleis:

  • Relasjonsbygging
  • Barnemøter
  • Samtale med einskild barn
  • Tilstedeverande vaksne
  • Bruk av praksisforteljingar på avdelingsmøter
  • Refleksjon på møter; personal- og avdelingsmøter
  • Pedagogisk dokumentasjon på veggane

 

Samarbeidet med barnet din heim

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barna sine behov for omsorg, leik og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling, jf. barnehagelova §1. Foreldresamarbeidet skal både skje på individnivå, med foreldra til kvart enkelt barn, og på gruppenivå, gjennom foreldrerådet og samarbeidsutvalet.

Dagleg samarbeid

  • Ved levering – Personalet får informasjon om korleis natta og morgonen har vore, og om det er anna vi treng vite
  • Ved henting – Personalet informerer om korleis dagen har vore og om det er noko foreldra treng vite spesielt

Foreldremøter

  • Haust – for alle
  • Vår – for alle
  • Mai/juni – for nye og dei som skal skifte avdeling

Brukarundersøking

  • Det blir sendt ut ei brukarundersøking i november 2022.

Foreldresamtalar

  • Alle får tilbod om ein samtale om hausten og ein i vårhalvåret. Fleire samtalar ved behov.
  • Tema i samtalane er:
    • Barna sin trivsel
    • Barna si utvikling
    • Rettleiing
    • Anna som foreldre og personale ynskjer å ta opp

Foreldrerådet
Foreldrerådet er samansatt av alle foreldre/føresette til barn i Eidesåsen barnehage.

Oppgåver:

  • Foreldrerådet skal fremje foreldra sine felles interesser, og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø.
  • Foreldrerådet skal få innsyn i saker som er viktige for foreldra sitt forhold til barnehagen.
  • Foreldrerådet kan sjølve ta initiativ til uformelle samkomme for barn og foreldre i Eidesåsen barnehage, etter barnehagetida.
  • Barn og foreldre i Eidesåsen barnehage har tradisjon for å delta i barnetoget på 17. mai, og foreldrerepresentantane har hatt ansvar for henting og levering av fana til barnehagen.

Samarbeidsutvalet
Samarbeidsutvalet skal vera eit rådgjevande, kontaktskapende og samordnende organ. Samarbeidsutvalet skal framleggast saker som er viktige for barnehagen- sitt innhald og verksemd, og for forholdet til foreldrene. Samarbeidsutvalet skal godkjenne barnehagen sin årsplan. Andre saker som er av viktigheit er forslag til budsjett eller driftsendringar.

I samarbeidsutvalet sit to foreldre og to frå personalet. Personene blir valt for eit år om gongen. Kontaktperson for samarbeidsutvalet finn du på framsida til barnehagen.

 

Overgangar

Mål:
Skape gode relasjoner og gje barna ein trygg og god overgong frå heim til barnehage, innad i barnehagen og når dei startar på skulen.

 

Når barnet byrjer i barnehagen
Korleis:

  • Eit godt samarbeide med foreldra slik at vi kan tilrettelegge for ein trygg og god start for barnet.
  • Tilvenninga blir tilpassa kvar enkelt ut i frå dei behov barnet har for å bli kjent og etablere relasjoner til dei vaksne og dei andre barna.
  • Gje kvart enkelt barn kva det treng av tid til tilknyting ved oppstart, alt frå nokon få dager til fleire veker.

Overgang mellom avdelingane i barnehagen
Korleis:
Med kun to avdelingar så er det naturleg at samarbeidet er godt. Avdelingane samarbeider heile året:

  • Vi er saman om morgonen og ettermiddagen
  • Vi går på felles turar eller har felles aktivitetar.
  • Avdelingane samarbeider i hovedferien, samt haustferie, juleferie, vinterferie og påske.
  • Besøk på Bjørk enkeltdagar i løpet av våren før dei skal skifte avdeling Overgang mellom barnehage og skule

Korleis:

  • Fokus på skuleførebuande aktivitetar for dei eldste barna. Både på tur og på heimedager, og heile siste året i barnehagen.
  • Vi har mellom 2 til 4 besøk til SFO, ved Odda barneskole.
  • Når vi har barn som skal begynne i første klasse på ein av dei andre barneskulane prøver vi å legge til rette for eit til to besøk til denne barneskulen, eller til den barnehagen der dei framtidige klassekameratane går.
  • Samarbeidsmøte mellom pedagogisk leiar og lærar i 1. klasse om våren. Informasjon blir gitt etter samtykke frå foreldra.
  • Avslutning i barnehagen blir markert på dagtid.

 

Barnehagen som pedagogisk verksemd

Planlegging
God planlegging kan bidra til ein gjennomtenkt og hensiktsmessig bruk av barnehagen sitt menneskelege og materielle ressursar. Planlegging må basera seg på kunnskap om barn sin utvikling og læring individuelt og i gruppe; samt i observasjon, dokumentasjon, refleksjon og systematisk vurdering i samarbeid/samtaler med barn og foreldre/føresette.

Foreldra får på første foreldremøte om hausten kome med innspel i forhold til arbeidet på avdelingane. Plan for korleis vi ynskjer å jobber fylgjande barnehageår blir presentert etter vi har bedt om innspel, og vi tar med eventuelle endringsforslag på denne. Forslag til årsplan blir levert ut på høyring, digitalt og/eller i papirform, til alle foreldra før planen skal til godkjenning i Samarbeidsutvalet.

Detaljplanar vert lagt ut i kalender i Visma-appen.

Vi planlegg prosjektarbeidet med utgangspunkt i satsningsområdet vårt – realfag. Vi har valgt å kalle prosjektarbeidet (utviklingsområdet)

  • 5 planleggingsdagar i løpet av året. Då er barnehagen stengt.
  • Personalmøte: 8 møter i året.
  • Avdelingsledermøte omlag kvar måndag, 1 time.
  • Avdelingsmøte omlag kvar måndag, 45 min.

 

Dokumentasjon

Mål:
Barnehagen sin dokumentasjon skal gje foreldre/føresette, lokalmiljø og kommune informasjon om kva barna opplever og lærer i barnehagen. Dokumentasjonen skal vere med på å få fram ulike oppfatningar og opne opp for ein kritisk og reflektert praksis.

Korleis:

  • Årshjul
  • Årsplan og årsrapport
  • Prosjektplan
  • Pedagogisk dokumentasjon av tema og prosjekter veggene i barnehagen.
  • Månedsplan og månedsoppsummering til foreldra på e-post/SMS/Visma.
  • Observasjonar og praksisforteljingar
  • Dagbok i Visma

 

Vurdering

Mål:
Kvaliteten i det daglege samspelet mellom mennesker i barnehagen er ein av dei viktigaste føresetnadane for barn si utvikling og læring. Barnegruppa og det enkelte barnet si trivsel og utvikling skal difor bli observert og vurdert fortløpande, og vere grunnlag for videre planlegging.

Vurdering har mange sider; skildre, analysere og tolke arbeidet vi gjer i barnehagen i forhold til det vi har satt oss som mål og lovgiving og retningslinjer. Vurdering vert og retta mot barnehagen sitt personal og samansetning.

Korleis:

  • Bruk av ulike observasjonsmetoder
  • Bruk av kartleggingsverktøy ved behov
  • Fortløpande refleksjon og vurdering på alle møta i barnehagen
  • Personalsamarbeid; medarbeidersamtaler og medarbeiderundersøking
  • Foreldresamarbeid; daglig kontakt, foreldresamtaler, foreldremøte og brukerundersøking
  • Årsrapport
  • Pedagogisk dokumentasjon

Tilrettelegging av det allmennpedagogiske tilbodet for barn som treng ekstra støtte.

Barnehagen skal tilpasse det allmennpedagogiske tilbodet etter barna sine behov og føresetnader, også når nokon barn har behov for ekstra støtte i kortare eller lengre periodar. Vi inkluderer og informerer foreldra undervegs. Dette gjeld også om vi tenker foreldra bør krevje sakkyndig vurdering av om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp.

 

Barnehagen sine arbeidsmåter

Progresjon, prosjektarbeid og fagområdene
Progresjon i barnehagen inneber at alle barn skal utvikle seg, lære og oppleve fremgang. Vi tar utgangspunkt i nokon målsettjingar, men det er ikkje forventa at barna skal kunne det same. Dei skal ha noko å strebe etter, men ikkje nødvendigvis noko som ein oppnår. Det vert forventa at barna lærer ulike ting fordi dei har ulike erfaringar. I forhold til leike-, aktivitets- og læringsmoglegheiter tilpassar og tilrettelegg vi individuelt, og vi har valgt å jobbe med prosjekt som metode for å kunne bygge videre på barna sine interesser og gje barna varierte erfaringar og opplevingar. Gjennom prosjektarbeid som arbeidsmåter får barna utfordringer tilpassa sine erfaringer, interesser, kunnskap og ferdigheiter.

Å ha prosjektarbeid som metode vil seie å undersøke eit spørsmål, eit tema eller ein hypotese. Prosjektet blir planlagt og utvikla saman med barna, der barn sine spørsmål og svar blir trekt inn i prosessen. Det vil også seie å dokumentere prosessen, barna sine spørsmål og hypoteser undervegs for å reflektere saman, og lære av dei med tanke på videre framdrift. Dette gjer dei vaksne ved å stille opne spørsmål som vi kan undre oss og reflektere rundt, i staden for å kome med svarene.

Fagområda i rammeplanen vil barna møte kvar dag, men vi vil og kunne fordjupe oss meir i eit fagområde i dei periodane vi har prosjektarbeid.

 

Barnehagen sin digitale praksis
Mål:
Aktivt deltakande vaksne som legg til rette for eit godt utviklings- og læringsmiljø ved hjelp av ulike digitale verktøy.

Korleis:

  • Gjennom at IKT i barnehagen skal vere ein naturlig del av kvardagen til barn og vaksne.
  • Merksame vaksne som kan bruke disse verktøya hensiktsmessig.
  • Bruk av digitale verktøy som stimulerande verktøy, og i læringsprosessar og barna sine kreative uttrykk.
  • Personalet skal reflektere rundt bruk av digitale verktøyet og ha god digital dømmekraft dvs. evne til kritisk refleksjon, bl.a. knytt til personvern, nettvett og opphavsrett.

 

Eidesåsen barnehage

Barnehagen sine fagområder

  1. Kommunikasjon, språk og tekst
    • Barna møter aktive vaksne som er gode språkmodellar, og som legg til rette for eit godt språkmiljø, der språk og vennskap kan bli utvikla.
    • Gjennom dialog og samspel skal barna støttast i å kommunisere, medverke, lytte, forstå og skape meining.
    • Småbarnsavdelinge, Furu, nytter teikn til tale som ein støtte i språkstimuleringa til alle barna.
  2. Kropp, rørsle, mat og helse
    • Barna møter bevisste vaksne som tilrettelegg for fysisk aktivitet.
    • Barnehagen har eit reflektert forhold til kva mat dei serverer barn, men også den maten dei sjølv et samen med barna.
  3. Kunst, kultur og kreativitet
    • Barna møter vaksne som legg til rette for ulike kreative uttrykk og teknikker, der prosessen er målet, og skapergleda er i sentrum.
  4. Natur, miljø og teknikk
    • Barna møter vaksne som legg til rette for mange opplevingar i naturen og som er nysgjerrige saman med barna.
  5. Antall, rom og form
    • Barna møter vaksne som undrar seg saman med dei over matematiske “fenomen”, og som er bevisst det matematiske språket i samtalane.
  6. Etikk, religion og filosofi
    • Barna møter vaksne som stiller opne spørsmål og undrar seg saman med dei rundt eksistensielle, etiske og filosofiske spørsmål.
  7. Nærmiljø og samfunn
    • Barna møter vaksne som gjennom utforsking, opplevingar og erfaringer gjer barna kjend med eige nærmiljø, samfunnet og verda.

 

Årshjul

  • August: Foreldremøte for nye | Heidi og Tina
  • November: Foreldremøte, innspel til årsplan | Heidi
  • Desember: Lucia | Tina og Ingrid
  • Desember: Julefest | Avdelingsvis
  • Februar: Fastelaven | Avdelingsvis
  • Mars: Solfest | Felles
  • April: Påskemarkering og lunsj | Felles
  • April/mai: Foreldremøte i Basen | Heidi + ped.l.
  • 17. mai: Nasjonaldagen | Foreldreråds representantene
  • Mai: Grillfest i Basen | Felles

 

Vekeplan

Måndag

  • Møtedag, samarbeid mellom avdelingane.

Tysdag

  • Prosjektdag
  • Bjørk turdag/aktivitetsdag ute

Onsdag

  • Prosjektdag
  • Furu turdag/aktivitetsdag ute

Torsdag

  • Prosjektdag
  • Bjørk turdag/ aktivitetsdag ute

Fredag

  • Mat og helse

 

Brukarundersøking

Barnehagane i Ullensvang kommune brukar Udir sin Foreldreundersøkelse. Den vert sendt ut i løpet av november kvart år. Barnehagen skal arbeida vidare med svara og eventuelt finne utviklingsområde/forbetringstiltak. Resultat og tiltak skal gjerast kjent for foreldrene.