Fysioterapeut som hjelper jente med å tøye fot

Barneteam

Barneteamet i Ergo- og fysioterapitenesta ynskjer å bidra til at alle barn opplever gleda ved å vera i rørsle, trivnad og meistring i kvardagen. Kommunen har fysioterapeutar og ergoterapeutar med spesialkompetanse på barn. Terapeutane samarbeider med helsestasjon, skule og barnehage. Når det er hensiktsmessig kan barnet få tenesta i heimen, barnehagen eller på skulen.

Tenesta omfattar

  • Undersøking, vurdering og behandling av barn med avvikande eller sein motorisk utvikling.
  • Undersøking, vurdering og behandling av barn grunna skade, sjukdom eller nedsett funksjonsevne.
  • Rettleiing og råd til foreldre, barnehagar og skular med tanke på å ivareta og stimulere barnet si motoriske utvikling.
  • Bistand i samband med å prøve ut, søkja om og tilpasse hjelpemiddel.

 

Tilvising / kontakt

Ein treng ikkje tilvising frå lege for å få behandling hos fysioterapeut eller ergoterapeut. Du sjølv, pårørande eller andre fagpersonar kan ta direkte kontakt med ergo- og fysioterapitenesta enten pr. telefon, ved å møta opp direkte på besøksstad eller ved å sende inn utfylt skjema.

 

Skjema:

 

Pris for tenesta

Born under 16 år har rett til gratis fysioterapitenester. Etter 16 år gjeld takstar for fysioterapibehandling. Oversikt over takstar for fysioterapi finn du nedst på sida her.

Kommunale ergoterapitenester er gratis.

 

Nyttige lenker:

 

Kontakt oss ved spørsmål:

Fysioterapeut (telefonnummer til fysioterapeutane finn du på denne sida)

  • Odda og Jondal: Karoline Vethe Karlsen
  • Kinsarvik: Anne-Cathrin E. Eidnes
  • Utne: Martha Eitrheim

Ergoterapeut (telefonnummer til ergoterapeutane finn du på denne sida)

  • Hildegunn Birkeland
  • Joana Jiska Meyer

Konstituert verksemdsleiar

Randi Rønhovde Opheim

Verksemdsleiar (konstituert)

randi.opheim@ullensvang.kommune.no

98 80 51 41